Facebook ikon Twitter logo Print side

Gravide rusmiddelbrukarar

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Korleis komme i kontakt med TRYGG START?

Tlf 55 09 68 10

Jordmor og helsesøster treff du kvar dag på Straume helsestasjon. Trygg start har møte tysdagar i partalsveker frå - kl 09.00 - 11.00.

Kompetanse

Vi i Trygg start er fagpersonar som har kompetanse og erfaring når det gjeld

  • Graviditet og psykisk helse
  • Graviditet og rusmiddel
  • Samspel og tilknyting
  • Barn som treng ekstra oppfølging
  • Sped- og småbarnsforeldre som treng ekstra støtte
  • Foreldre som treng støtte, økonomisk rettleiing og vurdering av omsorgssituasjonen

Kven kan ta kontakt med TRYGG START?

  • Du sjølv. Du kan også ringja om du ønskjer meir informasjon. Du kan vera anonym.
  • Legen din eller andre fagpersonar, familie og nettverk kan kontakta Trygg start.

TRYGG START Konsultasjonsteam og forsterka helsestasjon Fjell kommune Helsesjefen Modellkommuneforsøket Fjell.

Kva er TRYGG START?

TRYGG START er eit tilbod til gravide, sped- og småbarnsforeldre som har vanskar med psykisk helse, rus eller er i ein annan sårbar situasjon.

Tilbodet omfattar forsterka helsestasjon med utvida oppfølging frå jordmor og helsesøster gjennom svangerskapet i småbarnsperioden. I tillegg til eit fagteam med psykiatrisk sjukepleiar, kommunepsykolog, barnevernspedagog og sosionom, som gjev rettleiing og losar vidare til det ordinære hjelpeapparatet.

Rett hjelp til rett tid

Kva vi kan tilby?

  • Oftare individuelle konsultasjonar hjå jordmor og helsesøster i kombinasjon med heimebesøk og støttesamtalar før og etter fødsel.
  • Tilrettelegging for fødsel/samarbeid med kvinneklinikken.
  • Samtalar med fagteam for å avklara vidare hjelpebehov. Avklara ansvar for å koordinera saka vidare.
  • Nettverksmøte.
  • Hjelp til å vurdera barnet si psykiske helse.
  • Samspel og tilknyting. Lågterskel tilbod som MarteMeo, Cos o.a.
  • Anonym drøfting av ei sak.

Andre instansar

Losa vidare/eventuelt tilvising vidare til andre instansar som:

  • Meistringsgruppe ved fødselsdepresjon
  • Fastlege
  • Familievernkontor
  • Kommunepsykolog, BUP (Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk)
  • Øyane distriktspsykiatrisk senter, Poliklinikk for gruppebehandling.
  • Psykiatriteneste
  • Økonomisk rettleiing

Kvifor TRYGG START?

Vi veit at i svangerskap og barseltid kan det oppstå kjensler som er vanskelege å forstå og takla. I ein slik situasjon kan støtte og råd frå helsepersonell gjera kvardagen lettare.

Vi veit også at det kan vera vanskeleg å slutta med rusmiddel sjølv om ein har eit sterkt ønske om det. Ekstra støtte i ein slik situasjon kan vera heilt avgjerande for å lukkast.

TRYGG START ønskjer å samarbeida med foreldre for å støtte og finne dei beste løysingane for barnet, og for deg som er forelder.


Publisert: 10.06.2016 13:48
Sist endret: 10.06.2016 13:56