Facebook ikon Twitter logo Print side

Legevakt

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Sotra legevakt i nye lokale

Tysdag 5. februar 2019 flytta Sotra legevakt til nye lokale i Øygarden lokalmedisinske senter. 
Ny adresse er Blombakkane 77, 5354 STRAUME. 

For å koma til Øygarden lokalmedisinske senter må du køyra forbi tidlegare Sotra legevakt i helseområdet på Straume og følgja vegen til endes om lag 250 meter.

Øygarden lokalmedisinske senter 

Kven skal du ringja når du treng hjelp?

  • Ring fastlegen din i opningstida. Fastlegen er din hovudkontakt inn i helsevesenet, og om det er mogeleg, bør du alltid ringja hit fyrst.
  • Legevakta 116 117 eller 56 31 43 70 når fastlegen ikkje er tilgjengeleg og hjelpa ikkje kan venta.
  • 113 ved livstruande skade eller sjukdom

Opningstider

Legevakta er døgnopen. Du må ringja legevakta før du kjem. Telefonen vert svart av sjukepleiar, som vil vurdera kor mykje situasjonen hastar og gje deg råd eller setja deg opp til time hjå legen.

Pris

Eigendel for konsultasjonar på legevakta, uansett når på døgeret, er statleg regulert. Vi ønskjer at du betalar med kort. Her finn du prisoversikt.

Du må også betala for materiell som vert brukt.

Kva kan vi hjelpa deg med?

  • Råd og rettleiing på telefon
  • Behandling av akutt skade og sjukdom
  • Ved mindre alvorleg skade eller sjukdom vil du bli vist til din eigen fastlege

Sist endret: 15.01.2019
Sotra legevakt (Straume helsesenter)

Besøksadresse:

Blombakkane 77
5354 Straume

Postadresse:

Postboks 184
5342 Straume

Telefon: 116 117

Kontaktperson: Sotra legevakt

Telefon: 56 33 26 10