Facebook ikon Twitter logo Print side

Kvednatunet

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Bu- og aktivitetssenter

Kvednatunet er heimen til 40 personar som treng heildøgnsomsorg og ei dagavdeling med plass til 15 besøkande kvar dag. Det er til saman fire bufellesskap med 10 husvære i kvar.

I tillegg til eige husvære med altan og lita bod, er det felles kjøken, stove og utgang til stor flott hage i alle bufellesskapa. Kvednatunet skal vere heimen for personar med kognitiv svikt og demenssjukdom

For å få tildelt eit husvære her, må ein ha behov for heildøgns tilsyn og pleie. Det er inntaktsnemda i Fjell kommune som godkjenner søkjar.

Bufellesskap

Kvednatunet har fire bufellesskap. Kvart bufellesskap har 10 bustader. Du får tildelt ein primærkontakt (sjukepleiar) og ein sekundærkontakt (hjelpepleiar), og du får hjelp og tilsyn heile døgnet.

Måltid

Målet er at du skal få ernæringsrik og smakfulle måltid når du treng det. I dag vert middagen servert i 13.-tida.

Innreiing i bustaden
  • Stove
  • Lite tekjøkken
  • Ein liten bod

Du må ha vaskemaskin og tørketrommel.

Overnatting

Pårørande kan overnatta.

Tilbod
  • Kantina er ope i kvardagen
  • Frisøren er ope frå måndag til fredag frå kl. 10
  • Du kan bestilla fotpleie
  • Fysioterapeut rekvirerer alle hjelpemidlar og gjev tilbod om fysioterapi til alle som bur på Kvednatunet og dei som går på dagavdelinga
  • Tilsynslege i 40 % stilling
Miljøaktivitetar

Vi har som mål å ta impulser frå omverda og inn på Kvednatunet. Alle som vil og klarar skal få ta del i fysiske aktivitetar.
Dette er noko av det vi tilbyr:

  • Sprekinggruppe kvar vekedag
  • Tur rundt "tunet" kvar dag for dei som ønskjer det
  • Kaffikos
  • Andakt
  • Kvednakor
  • Bingo
  • Kvednaløpet
  • Konsertar
  • Vår og haustfest
  • Adventsfest
  • Pepperkakebygda
  • Kvednarådet

Dagavdeling

Kvar dag vert du henta og bringa av sjåføren.Vi startar dagen med felles frukost. Etter måltidet har vi ulike aktivitetar.

Kom med ønske og idear

Her på dagavdelinga ønskjer vi at DU skal få vere med og setje farge på dagane. Med dette meiner vi at vi gjerne tar imot ønske og idear frå deg.

  • Spelar du eit instrument, må du gjerne ta det med deg til ei hyggestund her.
  • Har du handarbeid som du arbeider med heime, ta det med deg hit!

Alt dette kan vi planleggja og avtala undervegs...

Meld frå om du ikkje kan komme

Kan du ikkje koma til dagavdelinga som avtalt, set vi pris på at du melder frå om dette.

Ring oss på telefon: 91 67 30 33 (sjåfør) eller 56 33 55 00 (resepsjon)

Dersom du i god tid på førehand veit at du ikkje kan koma til dagavdelinga ein spesiell dag, er det fint om vi får beskjed innan kl. 11.00 dagen før.

Variert tilbod av aktivitetar

Vi har som mål å ha eit variert tilbod av aktivitetar. Av desse kan nemnast:

  • Song og musikk
  • Sosialt fellesskap
  • Turar av ulikt slag; handleturar, museumsbesøk, besøk til andre dagtilbod osb...
  • Trim. I tillegg til trim inne, er det godt lagt  til rette for spaserturar i området rundt Kvednatunet.
  • Bingo
  • Velvære med nakke/handmassasje
  • Ymse handarbeidsaktivitetar
  • Baking av ulikt slag
  • Festmiddagar
Besøk

Om du ønskjer å besøkja nokon som bur her på Kvednatunet, er det fullt mogeleg.

Tilbod innan underhaldning og velvære

Dei dagane du er på dagavdelinga, er du velkomen til å nytta dei tilboda som er her, - både når det gjeld underhaldning og "velvære". Her kan nemnast:

  • Frisør kvardagar : kl 09.30-12.30. (Ring tlf. 56 33 55 55 for bestilling av time)
  • Kvednakoret: tysdagar kl 10.30-11.30
  • Pensjonistkoret: etter avtale
  • Andakt ved prest: annankvar torsdag kl 10.30.
  • Besøk av skular/barnehager: etter avtale
  • "Open veke": Eit par gonger i året opnar vi opp for besøk utanfrå for å delta på opplegget denne veka. Her får vi besøk frå ulike lag og organisasjonar som syner oss kva dei arbeider for.
  • I tillegg arrangerer vi basar og adventsfest ein gong i året.

Vi håpar at du finn deg godt til rette her på dagavdelinga, og gler oss til du kjem!!

Fotogalleri

KvednatunetKvednatunetKvednatunetKvednatunetKvednatunetKvednatunetKvednatunetKvednatunetKvednatunetKvednatunetKvednatunet


Publisert: 04.07.2016 08:44
Sist endret: 25.10.2017 10:06
Kvednatunet

Besøksadresse:

Kvernatunvegen 9
5347 Ågotnes

Telefon: 55 09 62 10