Facebook ikon Twitter logo Print side

Straume bu- og servicesenter

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Bu og servicesenter

Straume bu og servicesenter er eit bu og aktivitetssenter med 24 husvære for eldre, funksjonshemma og utviklingshemma i Fjell Kommune med heildøgnsbemanning. Det er 2 bufellesskap med 8 leigetakarar i kvart bufellesskap for eldre og funksjonshemma. Det er og 1 bufellesskap for 8 vaksne utviklingshemma leigetakarar.

I tillegg er det 26 husvære utan heildøgnsbemanning, tenestene her vert gjeven av heimetenesta i Fjell Kommune.

Senteret inneheld og ein dagavdeling som gjev tilbod til 16 deltakarar kvar vekedag.

Senteret rommar også ein dialyseavdeling som vert drifta av Helse Bergen.

Fjell Kommune har og eit visningshusvære for tekniske hjelpemiddel på senteret.

For å få tildelt husvære / dagplass ved Straume bu og servicesenter, må ein søke inntaksnemnda i Fjell Kommune.

Bufellesskap

Ved bufellesskapa med heildøgnbemanning får ein hjelp og tilsyn heile døgeret.

Måltid
  • Målet er at du skal få næringsrike og smakfulle måltider når du tenger det. Her vert det servert frukost, middag, kaffi/frukt og kvelds.
Innreiing i husværet
  • Husværet er 40 m2 og umøblert, og består av stove, kjøkken, bad, soverom og bod. Leigetakar innreiar husværet med eigne møblar og utstyr.
Tilbod
  • Kantine, open i kvardagar og helg.
  • Frisør
  • Terapibasseng
  • Fotpleiar
  • Fysioterapi
  • Tilsynslege
Miljø/sosiale tiltak

Straume bu og servicesenter er eit ope og pulserande senter. Vi har eit utstrakt samarbeid med frivillige, lag og organisasjonar.

Dette er noko av det vi kan tilby:

  • Sittedans
  • Andakt
  • Trim med musikk – og fysioterapeut.
  • Konsertar
  • Hatte/grillfest og Krabbefest
  • Førjulsfest
  • Pepperkakebygd
  • Loppemarked
  • Basar
  • Kaffikos m/ musikk
  • Turar med besøkstenesta Røde Kors

Dagavdeling

Dagavdelinga er open for deltakarane frå 09.00-14.00. Deltakarane vert henta i heimen av sjåfør ved tiltaket.

Aktivitetar ved dagsenteret
  • Song og musikk
  • Turar av ulike slag, ekskursjonar og kulturbesøk
  • Sittedans
  • Trim med musikk –og fysioterapeut.
  • Terapibasseng
  • Baking
  • Bingo
  • Ymse handarbeidsaktivitetar
  • Hagearbeid i sansehage
  • Fotsoneterapi
  • Lokal kulturformidling
  • Pepperkakebygd
  • Førjulsfest

Ved sjukdom og anna kan det oppstå endringar.

Fotogalleri

Straume- bu og servicesenterStraume- bu og servicesenterStraume- bu og servicesenterStraume- bu og servicesenterStraume- bu og servicesenterStraume- bu og servicesenterStraume- bu og servicesenter


Publisert: 04.07.2016 09:23
Sist endret: 16.09.2016 13:22
Straume bu og servicesenter

Besøksadresse:

Blombakkane 3
5354 Straume

Telefon: 56 33 64 00