Facebook ikon Twitter logo Print side

Psykisk helse

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Kva tilbod finst?

Er du over 18 år og bur i Fjell eller oppheld deg i kommunen, kan du få hjelp av dei psykiske helsearbeidarane i kommunen. Alle tenestene er gratis, og omfattar:

  • vurdering av hjelpebehov
  • samtalar
  • butrening
  • hjelp til tilrettelegging av kvardagen
  • sosial trening
  • fysisk aktivitet
  • rettleiing og rådgjeving
  • dagsenter

Søk om helse, sosial og omsorgsteneste

Psykiatrisk dagsenter

Dagsenteret er eit rusfritt lågterskeltilbod til personar over 18 år med psykiske problem, der det ikkje er krav om noko form for tilvising.

Oversikt over aktivitetar

  • Aktivitet med aktivitør og miljøpersonale. Mat til rimelig pris
  • Faste gruppetilbod; rørsle i treningsrom, ute og i terapibad
  • Eige sommarprogram med aktivitetar
  • Stillerom m/terapistol for den som treng det
  • Råd og rettleiing av fagpersonell

Opningstid

Alle kvardagar  frå kl. 10.00 – 14.00 (Torsdag lukka gruppe)

Stad

Grønamyrsvegen 4, 5353 Straume
(bak Sartor Storsenter, innerst i kroken ved Specsavers).

Psykiatrisk team

Psykiatrisk team inneheld personar med spesialkunnskap om psykiske lidingar. Tenesta er eit lågterskeltilbod, dvs. at det er mogleg å ta kontakt utan tilvising frå lege. Vi tilbyr individuelt tilpassa opplegg etter nærare vurdering.

Rask psykisk helsehjelp

Dett er eit behandlingstilbod for personar over 18 år med mild til moderat depresjon, alle typar angstlidingar og søvnvanskar. Tilbodet vert gjeve i hovudsak som kurs. Dersom dette ikkje er nok for å hjelpa deg med vanskane dine, kan ein få nokre få timar individualterapi.

For å nytta tilbodet må du ha bustadadresse i Fjell kommune.

Vi samarbeider med Sund og Øygarden om kurstilboda våre. Om du bur i desse kommunane og ønskjer å delta på eit av kursa, ta kontakt med psykologtenesta for vaksne i din heimkommune.

Her finn du kursoversikt for Rask Psykisk Helse

Kontakt oss

Ta kontakt via fjell kommune sentralbord 55 09 60 00 eller fyll ut

Kontaktskjema - Rask psykisk helsehjelp (over 18 år)

Pris

Kurs og konsultasjoner er gratis.

Ved deltaking på kurs betalar du kr 250 for kursmateriale.

Tilvising

Du treng ikkje tilvising frå lege.

Kommunepsykolog for barn og unge

Barn og unge med milde til moderate psykiske lidingar i aldersgruppa 0 - 18 år kan få tilbod om psykisk helsehjelp frå kommunepsykologane. For å nytta tilbodet, må barnet eller ungdommen ha bustadadresse i Fjell. Kommunepsykologane tilbyr også rettleiing til foreldre og andre vaksne som er viktige for barna.

Kontakt oss

Vi har telefontid kvar dag kl 08-09, tlf nr 55 09 60 00. Du kan også henvende deg skriftleg, så tek vi kontakt med deg.

Kontaktskjema barne og unge under 18 år.

Pris

Tilbodet er gratis.

Kurs 2019

Barn 0 - 6 år

Dei Utrulege Åra, foreldrekurs (universalprogrammet) - Oppstart mars 2019

Målgruppe

Familiar med born 3-6 år, der foreldra synes samspel med barna er krevjande.

Innhald

Foreldrekurs for foreldre som ønsker endring i samspel med sine born.

Tid

Torsdagar kl. 13.00 - 15.00.

Omfang

7 vekentlege samlingar på 2 timar.

Kapasitet

1 gruppe for inntil 12 vaksne personar.

Stad

Straume helsesenter avd Kommunepsykologane.

Påmelding

Påmeldingsskjema til kurs

Konsultasjonstid på helsestasjon

Målgruppe

For foreldre, barn og/eller ungdommar.

Innhald

Lavterskel. 1 time rådgiving/konsultasjon hos kommunepsykolog.

Tid

Onsdagar kl. 08.30 og kl. 09.30.

Kontakt

Helsesøster sett inn timar i timeboka.

Angstmeistringskurs - "Korleis støtte barn som slit med egstelse" - Drop-in

Målgruppe

Kurs for føresette, tilsette i barnehage og barneskule.

Innhald

Å vere engsteleg er svært vanleg blant barn og ungdom. Nokre engstar seg for å vere vekke frå foreldre, for sjukdom eller for nye ukjente situasjonar. Andre kan engste seg for hundar, edderkoppar, sosiale situasjonar eller situasjonar der dei skal prestere noko.

For nokon kan vanskane føre til at det er vanskeleg å delta i aktivitetar på skulen og i fritida, og at trivsel i kvardagen vert redusert. Når eit barn er engsteleg kan dette også føre til utfordingar for familien i kvardagen.

På dette kurset vil vi invitere foreldre/føresette og tilsette i barneskulane i Fjell til å lære om hjelpsame strategiar for å støtte barna slik at dei blir mindre engstelege og meistrar fleire utfordringar i kvardagen. Innhaldet er basert på prinsipp frå kognitiv åtferdsterapi som er ein veldokumentert metode for å redusere symptom på angst hos barn og ungdom. Det er de same prinsippa som barna/ungdommene lærer når dei deltek på mestringskursa Friends (born) og Chilledkurs (ungdom).

Tid

7. februar kl 14.00 - 16.00
23. mai kl 14.00 - 16.00

Stad

Kommunepsykologane, Straume Helsesenter, Blombakkane 2, 5354 Straume

Påmelding

Drop-in.

Barn i skulealder 5. - 7. klasse

Angstmeistringskurs (Cool-Kids) barn 10-13 år - Oppstart januar 2019

Målgruppe

Barn i alderen 10 - 13 år som er engstelege.

Innhald

Å vere engsteleg er svært vanleg blant barn og ungdom. Nokre engstar seg for å vere vekke frå foreldre, for sjukdom eller for nye ukjente situasjonar. Andre kan engste seg for hundar, edderkoppar, sosiale situasjonar eller situasjonar der dei skal prestere noko.

For nokon kan vanskane føre til at det er vanskeleg å delta i aktivitetar på skulen og i fritida, og at trivsel i kvardagen vert redusert. Når eit barn er engsteleg kan dette også føre til utfordingar for familien i kvardagen.

På dette kurset over 6 samlingar, vil vi invitere barn (plass til inntil 10 barn) til å lære om hjelpsame strategiar slik at dei blir mindre engstelege og meistrar fleire utfordringar i kvardagen. Innhaldet er basert på prinsipp frå kognitiv åtferdsterapi som er ein veldokumentert metode for å redusere symptom på angst hos barn og ungdom.

Foreldra blir invitert på forledrekurs ein ettermiddag/kveld og deltar siste kvarter på alle samlingene.

Det vert servert enkel bevertning på samlingane.

Tid

Oppstart januar 2019. Fullteikna.

Omfang

10 samlingar à 90 minutter, samt to foreldrekveldar.

Stad

Kommunepsykologane, Straume Helsesenter, Blombakkane 2, 5354 Straume

Påmelding

Påmelding til kommunepsykologane tlf.: 55 09 60 00.

Ungdom 8. - 10. klasse

Turning in to Teens - Rettleiingskurs for ungdomsforeldre (7.-10. klasse) - Oppstart mars/april 2019

Målgruppe

Kurset er eit tilbod til alle foreldre i Fjell kommune med barn i 7.-10. klasse.

Innhald

Tuning in to Teens er eit forskningsbasert kurs der du som føresatt lærer å støtte tenåringen gjennom det som kan vere ei utfordrande ungdomstid.

Tema på kurset vil mellom anna vera:

  • Korleis ta vare på det gode forholdet til tenåringen din gjennom ungdomstida?
  • Korleis snakke med tenåringen din om vonde kjensler som tristhet, engstelese og sinne?
  • Korleis støtte tenåringen i utvikling av evna til å regulere stress og frustrasjon?

Tid

Kurset vil gå over seks gangar, à to timar.

Stad

Kommunepsykologane, Straume Helsesenter, Blombakkane 2, 5354 Straume

Påmelding

Lurer du på om dette kan vere noko for dykk? Ta kontaktpå telefon 55 09 72 91 eller e-post til sigrid.ystaas@fjell.kommune.no

Angstmeistringskurs, ungdom 8. - 10. klasse - Kontakt kommunepsykologane for deltaking

Målgruppe

Meistringskurs for ungdom med engstelse 8.-10. klasse.

Tid

Kontakt kommunepsykologane for deltaking.

Omfang

6 samlingar à 90 minutter.

Stad

Straume Helsesenter, 1.etg, inngang «Psykisk helsetenester»

Påmelding

Påmeldingsskjema til kurs

Ungdom på Videregåande skule

Angstmeistringskurs - Kontakt kommunepsykologane for deltaking

Målgruppe

Meistringskurs for eldre ungdommar med engstelse i videregåande skule.

Tid

Kontakt kommunepsykologane for deltaking.

Omfang

6 samlingar à 90 minutter.

Stad

Straume Helsesenter, 1.etg, inngang «Psykisk helsetenester»

Påmelding

Påmeldingsskjema til kurs

Stressmeistringskurs - Ta kontakt for oppstartstidspunkt

Målgruppe

Ungdom 16-23 år i videregåande skule som har høgt stress knytta til skulekvardagen.
Stressmestringskurs – for å takle eksamenspress bedre.

Tid

Ta kontakt for oppstartstidspunkt.

Omfang

6 samlingar à 60 minutter.

Kapasitet

1 Gruppe for opptil 12 personar.

Stad

Sotra VGS avd Bildøy.

Påmelding

Påmeldingsskjema til kurs

Depresjonsmeistring - Ta kontakt for oppstartstidspunkt

Målgruppe

KID-kurs for ungdom på Videregåande skule.

Tid

Ta kontakt for oppstartstidspunkt.

Omfang

8 samlingar à 90 minutter.

Stad

Straume Helsesenter, 1.etg, inngang «Psykisk helsetenester»

Påmelding

Påmeldingsskjema til kurs

Personar med funksjonsnedsetting/psykisk utviklingshemming

Undervisning for pårørande - Ta kontakt for oppstartstidspunkt

Målgruppe

Tilbod til foreldre som har barn med funksjonsnedsetting/psykisk utviklingshemming.

Tid

Ta kontakt for oppstartstidspunkt.

Omfang

8 samlingar à 90 minutter.

Stad

Straume Helsesenter, 1.etg, inngang «Psykisk helsetenester»

Påmelding

Påmeldingsskjema til kurs

Psykoedukativt gruppetilbod - Kontakt kommunepsykologane for deltaking

lgruppe

Tilbod til aldersgruppe 15-25 i gruppe (selektert).

Tid

Kontakt kommunepsykologane for deltaking.

Omfang

8 samlingar à 1 time.

Stad

Psykiatrisk dagsenter, Grønamyrsvegen 4, 5353 Straume
(bak Sartor Storsenter, innerst i kroken ved Specsavers). 

Påmelding

Påmeldingsskjema til kurs

Kurs - Rask Psykisk Helse

Meistring av depresjon, stress og belasting - oppstart 23. januar

Dato | Tid | Stad

Onsdagar frå kl. 13.00 - 15.00 i Øygarden Lokalmedisinske senter, Blombakkane 77 (Nytt bygg).

Kurs 1.

  • 23.januar
  • 30. januar
  • 6. februar
  • 13. februar
  • 20 februar
  • 6. mars

Kurs 2. 

  • 8. mai
  • 15. mai
  • 22. mai
  • 29. mai
  • 5. juni
  • 12. juni

Målgruppe

Personar som har symptom på depresjon, stress og belastning.

Innhald

Kurs i kognitiv meistring av depresjon, stress og belastning:

  • Å lære korleis tankar, kjensler, handlingar og kroppslege reaksjonar heng saman og påverkar kvarandre.
  • Korleis tidlegare erfaringar heng saman med noverande fungering/plager.
  • Strategiar for å redusere negative tankar, grubling og bekymring.
  • Støtte til sjølvomsorg og positiv sjølvhevding.
  • Mindfulness til bruk ved avspenning og innsovning.
  • Råd om god søvnhygiene.
  • Affektbevissthet: trene på å sette ord på og anerkjenne egne kjensler.
  • Teknikkar for effektiv problemløysing.
  • Støtte til å inngå i positive relasjonar med andre.

Omfang

Kurset går over 6 kursdagar à 2 timar. Kurset er lagt opp med vekselvis undervisning og samtale om erfaringar med å prøve ut nye meistringsstrategiar.

Pris

Kr. 250,- for kursbok. Betal via VIPPS: Vippsnr. 139245 + "3110 kurs + dato for oppstart/eller via faktura.

Påmelding

rph@fjell.kommune.no eller tlf. 469 49 904

Meistring av søvnvanskar - oppstart 13. mars

Dato | Tid | Stad

Onsdagar frå kl. 13.00 - 15.00, Øygarden Lokalmedisinske senter, Blombakkane 77 (Nytt bygg)

  • 13. mars
  • 20. mars
  • 27. mars
  • 3. april

Målgruppe

Personar som har vanskar knytt til søvn og som treng hjelp for å få korrigert søvnmønsteret.

Innhald

Kurs i kognitiv meistring av søvnvanskar:

  • Lære korleis dysfunksjonelle tankar rundt søvn kan oppretthalde og forsterke søvnvanskar.
  • Råd for god søvnhygiene
  • Søvnregistrering
  • Miljøkontroll
  • Søvnrestriksjon

Påmelding

rph@fjell.kommune.no eller tlf 469 49 904

"Frisk pust" - oppstart 31. januar

Dato | Tid | Stad

Torsdagar frå kl. 09.00 - 11.30, Treningssenteret AKTIV 365.

Kurs 1.

  • 31. januar
  • 7. februar
  • 13. februar
  • 20. februar
  • 7. mars
  • 14. mars
  • 21. mars
  • 28. mars

Kurs 2.

  • 25. april
  • 2. mai
  • 9. mai
  • 16. mai
  • 23. mai
  • 6. juni
  • 13. juni
  • 20. juni

Målgruppe

  • Er du hjertefrisk, men likevel uroleg for om hjertet ditt kan tåle fysisk belastning?
  • Ønsker du å trene, men unngår det fordi du blir utrygg på deg sjølv saman med andre?
  • Har du «brent lyset i begge endar» og treng hjelp til å finne ein god balanse mellom aktivitet/prestasjon og restitusjon/kvile?
  • Treng du hjelp til å finne att overskot, energi og livsgnist?

Innhald

Frisk pust er eit behandlingstilbod retta mot angst, depresjon og stressrelaterte plager. Tilbodet utvikla i samarbeid mellom Rask Psykisk Helsehjelp og treningssenteret Aktiv365. Kurset går over 8 gangar og inneber.

  • 45 minutt høg intensiv trening på spinningsykkel
  • 30 minutt styrketrening
  • 15 min avspenning med fokus på pust
  • Havregraut og frukt
  • 45 minutt undervisning om psykisk helse

På kurset får ein erfaring med å kjenne både på høg aktivering og på avspenthet. Det er fokus på å finne ein god balanse mellom aktivitet og kvile, og finne trygghet i at kroppen treng begge deler. Ein lærer ulike stregiar for å hjelpe seg sjølv til å kjenne igjen, anerkjenne og regulere vanskelige kjensler. Det overordna målet er å bidra til auka evne til å mestre stress og belastningar, gjennom erfaring med å ta godt vare på si eiga helse både fysisk og psykisk.

Ta med:

  • Treningsklede
  • Drikkeflaske og ein liten handduk.
  • Evt det du treng om du vil dusje på Aktiv 365 etter gruppa.

Tema:

  • Fysisk trening og puls
  • Stressmeistring
  • Kosthold
  • Søvn og kvile
  • Mindfulness - Samanhengen mellom tankar, følelsar og handlingar
  • Følelsar
  • Sjølvhevding
  • Tap og sorg
  • Kva er angst?
  • Strategiar for meistring
  • Å vere saman med andre
  • Avspenning og pust

Pris

Behandlingstilbodet kostar ca kr 598,- (for to mnd fullt medlemsskap på AKTIV365.

Påmelding

rph@fjell.kommune.no eller tlf 469 49 904

Drop-in kurs; meistring av panikkangst - oppstart 9. januar

Tid | Dato | Stad

  • Onsdag kl. 09.30 - 11.30, Rask Psykisk helsehjelp, Blombakkane 2, undervisningsrommet

Datoar for kurset:

  • Januar: 9. - 16. - 23.
  • Februar: 6. - 13. -
  • Mars: 6. - 13. - 27.
  • April: 3.
  • Mai: 8. - 15. - 22.
  • Juni: 5. - 12. 

Innhald

På dette kurset kan du dukke opp når det passar for deg. Du kan møte opp aleine eller saman med ein du vil ha med deg. Fagfolk og vener er også hjarteleg velkomne. Her får du innføring i kva som skjer under
eit angstanfall, og du lærer strategiar for å meistre dette slik at ikkje angsten skal få ta kontroll i ditt liv. Om du ønskjer repetisjon, kan du komme igjen neste veke, eller berre komme den eine dagen, det er opp til deg.

Tema

  • Panikksirkelen: Lære korleis katastrofetankar og kroppslege angstreaksjonar gjensidig verkar på kvarandre, og bidreg til bruk av tryggingsåtferd og unngåing av angstprovoserande situasjonar. Dette er med på å oppretthalde lidinga.
  • Bryte panikksirkelen ved å systematisk framkalle dei frykta symptoma. Erfare at angst er ubehageleg, men ikke farleg.
  • Strategiar til bruk i angsttreninga; sjølvomsorg og merksemdstrening.
  • Lage seg ein plan for kva mål ein set seg og trene på å vinne kontrollen tilbake. 

Kurset blir holdt av kommunepsykolog og /eller terapeut i kognitiv terapi.

Pris

Gratis.

Påmelding

Ta kontakt med rph@fjell.kommune.no eller 469 49 904 for å sikre deg at det er kurs den tirsdagen det passar for deg å gå.

Vel møtt!

Stress meistring ved merksamt nærvær - oppstart 27. mars

Dato | Tid | Stad

Onsdagar frå kl. 13.00 - 15.00, Øygarden Lokalmedisinske senter, Blombakkane 77, (Nytt bygg)

  • 27. mars
  • 3. april
  • 10. april
  • 24. april
  • 8. mai
  • 15. mai
  • 29. mai
  • 5. juni

Innhald

Kurset har som mål å gjere deltakaren meir bevisst på situasjonar og egne reaksjonar som løyser ut ubehag og stress. Trening på å ha fokus på kor merksemda vår er har vist å ha dokumentert effekt på stressrelaterte plager.

Med kurset forsøker vi å styrke den ibuande evna vår til merksamt nærvær. Merksamt nærvær kan definerast som auka merksemd på det som skjer i augeblikket med ei open, ikkje dømmande haldning.

Omfang

Kurset går over 8 onsdager, 2 timer per gang. Kurset legg i hovudsak opp til trening gjennom praktiske øvingar. Dette fordi ein tenkjer at vi lærer best gjennom eigne erfaringar. Øvingane blir supplert med noe teoretisk undervisning.

NB! Best utbytte av kurset blir det når deltakaren arbeider med øvingane på eigehand mellom kursdagane.

Samspill og psykisk helse, kurs for foreldre - Oppstart 5. mars

Dato | Tid | Stad

Tysdagar frå kl. 13.00 - 14.30, Rask Psykisk helsehjelp, Blombakkane 2, undervisningsrommet

  • 5. mars
  • 12. mars
  • 18. mars
  • 26. mars

Innhald

Dette kurset er for foreldre som nylig har fått barn, og som synes det er utfordrende. Dere kan komme som par, eller kun en av foreldrene kan komme, det er opp til dere. På kurset vil du lære en del om disse tema, få tips til gode mestringsstrategier og du vil få anledning til å bli litt bedre kjent med andre foreldre. Det legges opp til litt undervisning og litt prat i små grupper.

Tema

  • Kommunikasjon og samspill mellom foreldre og barn
  • Å forstå barnets signaler
  • Å regulere seg selv og barnet
  • Stressmesting
  • Grubling, bekymring og søvn

Påmelding

Hvis dere har mulighet til å få barnevakt , er det en fordel, hvis ikke kan barnet være med.

Dersom dette høres relevant ut for deg / dere, kan du ta kontakt med helsesøster eller Rask psykisk helsehjelp tlf 469 49904.

Nyttige lenkjer

Smiso-hordaland - hjelp til personar utsett for seksuelle overgrep og til pårørande


Sist endret: 02.01.2018
Rådhus

Besøksadresse:

Foldnesvegen 1
5354 Straume

Postadresse:

Postboks 184
5342 Straume

Telefon: 55 09 60 00