Kva tilbod finst?
Er du over 18 år og bur i Fjell eller oppheld deg i kommunen, kan du få hjelp av dei psykiske helsearbeidarane i kommunen. Alle tenestene er gratis, og omfattar:
- vurdering av hjelpebehov
- samtalar
- butrening
- hjelp til tilrettelegging av kvardagen
- sosial trening
- fysisk aktivitet
- rettleiing og rådgjeving
- dagsenter
Søk om helse, sosial og omsorgsteneste
Psykiatrisk dagsenter
Dagsenteret er eit rusfritt lågterskeltilbod til personar over 18 år med psykiske problem, der det ikkje er krav om noko form for tilvising.
Oversikt over aktivitetar
- Aktivitet med aktivitør og miljøpersonale. Mat til rimelig pris
- Faste gruppetilbod; rørsle i treningsrom, ute og i terapibad
- Eige sommarprogram med aktivitetar
- Stillerom m/terapistol for den som treng det
- Råd og rettleiing av fagpersonell
Opningstid
Alle kvardagar frå kl. 10.00 – 14.00 (Torsdag lukka gruppe)
Stad
Grønamyrsvegen 4, 5353 Straume
(bak Sartor Storsenter, innerst i kroken ved Specsavers).
Psykiatrisk team
Psykiatrisk team inneheld personar med spesialkunnskap om psykiske lidingar. Tenesta er eit lågterskeltilbod, dvs. at det er mogleg å ta kontakt utan tilvising frå lege. Vi tilbyr individuelt tilpassa opplegg etter nærare vurdering.
Rask psykisk helsehjelp
Dett er eit behandlingstilbod for personar over 18 år med mild til moderat depresjon, alle typar angstlidingar og søvnvanskar. Tilbodet vert gjeve i hovudsak som kurs. Dersom dette ikkje er nok for å hjelpa deg med vanskane dine, kan ein få nokre få timar individualterapi.
For å nytta tilbodet må du ha bustadadresse i Fjell kommune.
Vi samarbeider med Sund og Øygarden om kurstilboda våre. Om du bur i desse kommunane og ønskjer å delta på eit av kursa, ta kontakt med psykologtenesta for vaksne i din heimkommune.
Her finn du kursoversikt for Rask Psykisk Helse
Kontakt oss
Ta kontakt via fjell kommune sentralbord 55 09 60 00 eller fyll ut
Kontaktskjema - Rask psykisk helsehjelp (over 18 år)
Pris
Kurs og konsultasjoner er gratis.
Ved deltaking på kurs betalar du kr 250 for kursmateriale.
Tilvising
Du treng ikkje tilvising frå lege.
Kommunepsykolog for barn og unge
Barn og unge med milde til moderate psykiske lidingar i aldersgruppa 0 - 18 år kan få tilbod om psykisk helsehjelp frå kommunepsykologane. For å nytta tilbodet, må barnet eller ungdommen ha bustadadresse i Fjell. Kommunepsykologane tilbyr også rettleiing til foreldre og andre vaksne som er viktige for barna.
Kontakt oss
Vi har telefontid kvar dag kl 08-09, tlf nr 55 09 60 00. Du kan også henvende deg skriftleg, så tek vi kontakt med deg.
Kontaktskjema barne og unge under 18 år.
Pris
Tilbodet er gratis.
Kurs 2018
Barn 0 - 6 år
Dei Utrulege Åra, foreldrekurs - Oppstart februar
Målgruppe
Familiar med born 3-6 år, der foreldra synes samspel med barna er krevjande.
Innhald
Foreldrekurs for foreldre som ønsker endring i samspel med sine born. Spesielt egna om
barnet har atferdsvansker, og i familier der barna eller foreldre har ADHD.
Tid
Torsdagar kl. 13.00 - 15.00.
Omfang
10 vekentlege samlingar på 2 timar.
Kapasitet
1 gruppe for inntil 12 vaksne personar.
Stad
Straume helsesenter avd Kommunepsykologane.
Påmelding
Konsultasjonstid på helsestasjon
Målgruppe
For foreldre, barn og/eller ungdommar.
Innhald
Lavterskel. 1 time rådgiving/konsultasjon hos kommunepsykolog.
Tid
Onsdagar kl. 08.30 og kl. 09.30.
Kontakt
Helsesøster sett inn timar i timeboka eller kontakt gro.berge@fjell.kommune.no
COS CIRKLE OF SECURITY - Oppstart februar
Målgruppe
Familiar som får tilbod frå TRYGG START. Kurs for foreldre til barn 0-2 år.
Innhald
Styrkja tilknyting og samspel mellom vaksne og barn.
Hvert barn viser oss på forskjellig måte hva de vil, hva de trenger og hvordan de har det. Ofte skulle man ønske at barn ble levert med en bruksanvisning, slik er det dessverre ikke.
På dette kurset vil vi sammen med foreldre lete, utforske å være nysgjerrig i forhold til hva ditt barn trenger og hvordan du på best mulig måte kan forstå og tolke ditt barns signaler.
Dette vil vi gjøre gjennom å se på filmsnutter sammen, diskutere og reflektere!
Kurset er egnet for alle som er foreldre og er nysgjerrig på sitt barn. Kurset er godt egnet til å rette opp samspill som allerede er blitt vanskelig, eller i forhold til foreldre som har utfordringer med egen psykisk helse eller på andre måter er i en sårbar livssituasjon.
Å tilføre et barn en god, trygg tilknytning i de første leveår vil bidra til å stimulere barnets utvikling både intellektuelt, følelsesmessig og sosialt videre inn i ungdoms- og voksenårene.
Kurset er gratis - det vil bli gitt kursbevis ved avslutning av kurset.
Omfang
8 vekentlege samlingar på 1,5 timer. Tidspunkt er mandagar frå kl. 13.00 til 15.00.
Kapasitet
1 gruppe for inntil 10 personer/5 foreldrepar.
Der man er to om omsorgen eller har noen tett knyttet til seg i omsorgsoppgaven (tante, bestemor eller lignende) kan disse også få delta som en støtteperson dersom det er ønskelig. Dersom man er to må den ene forplikter seg til å møte hver gang.
Stad
Straume helsesenter avd Kommunepsykologane.
Påmelding
Meld deg på kurset til anja.rogde@fjell.kommune.no evt tlf. 55 09 60 00.
EFT- gruppe, emosjonsfokusert foreldrerettleiing - Oppstart 21. mai
Målgruppe
Føresette til barn 3-16 år.
Innhald
Det er en fordel å ha gjennomført COS-kurs (Circle of Security) men ikke et krav. Kurset passer for foreldre som er motiverte for å delta i gruppe med andre foreldre for å trene på gode foreldreferdigheter for å opp nå et godt samspill med sine barn og dermed støtte sine barns følelsesmessige utvikling. Det er ønskelig, men ikke et krav at begge foresatte deltar på kurset sammen. Kurset innebærer en del egeninnsats.
Tid
Kursdag 1: Måndag 21. mai kl. 09.00 - 15.00
Kursdag 2: Fredag 2. juni kl. 09.00 - 15.00
Omfang
To heile dagar.
Stad
Straume Helsesenter, 1.etg, inngang «Psykisk helsetenester»
Påmelding
Meld deg på kurset snarast til anja.rogde@fjell.kommune.no evt tlf. 55 09 60 00.
Kursleiarar
Brynhild Eide (familierettleiar) og Anja H Rogde (psykologspesialist).
Angstmeistringskurs - "Korleis støtte barn som slit med egstelse" - 16. januar
Målgruppe
Kurs for føresette, tilsette i barnehage og skule.
Innhald
Å vere engsteleg er svært vanleg blant barn og ungdom. Nokre engstar seg for å vere vekke frå foreldre, for sjukdom eller for nye ukjente situasjonar. Andre kan engste seg for hundar, edderkoppar, sosiale situasjonar eller situasjonar der dei skal prestere noko.
For nokon kan vanskane føre til at det er vanskeleg å delta i aktivitetar på skulen og i fritida, og at trivsel i kvardagen vert redusert. Når eit barn er engsteleg kan dette også føre til utfordingar for familien i kvardagen.
På dette kurset vil vi invitere foreldre/føresette og tilsette i barneskulane i Fjell til å lære om hjelpsame strategiar for å støtte barna slik at dei blir mindre engstelege og meistrar fleire utfordringar i kvardagen. Innhaldet er basert på prinsipp frå kognitiv åtferdsterapi som er ein veldokumentert metode for å redusere symptom på angst hos barn og ungdom. Det er de same prinsippa som barna/ungdommene lærer når dei deltek på mestringskursa Friends (born) og Chilledkurs (ungdom).
Tid
Måndag 16. januar og onsdag 14. mars kl. 13.30 - 15.00.
Stad
Straume Helsesenter, 1.etg, inngang «Psykisk helsetenester»
Påmelding
Påmelding (merk hvilken dato du vil delta) til kurshaldar anja.rogde@fjell.kommune.no eller tlf 55 09 60 00 (Servicetorg kan sende mail med påmelding til undertegnede)
Barn i skulealder 1. - 7. klasse
Angstmeistringskurs, barn 10-13 år - oppstart 3. januar
Målgruppe
Barn i alderen 10 - 13 år som er engstelege.
Innhald
Å vere engsteleg er svært vanleg blant barn og ungdom. Nokre engstar seg for å vere vekke frå foreldre, for sjukdom eller for nye ukjente situasjonar. Andre kan engste seg for hundar, edderkoppar, sosiale situasjonar eller situasjonar der dei skal prestere noko.
For nokon kan vanskane føre til at det er vanskeleg å delta i aktivitetar på skulen og i fritida, og at trivsel i kvardagen vert redusert. Når eit barn er engsteleg kan dette også føre til utfordingar for familien i kvardagen.
På dette kurset over 6 samlingar, vil vi invitere barn (plass til inntil 8 barn) til å lære om hjelpsame strategiar slik at dei blir mindre engstelege og meistrar fleire utfordringar i kvardagen. Innhaldet er basert på prinsipp frå kognitiv åtferdsterapi som er ein veldokumentert metode for å redusere symptom på angst hos barn og ungdom.
Foreldra blir invitert på forledrekurs ein ettermiddag/kveld og deltar siste kvarter på alle samlingene.
Det vert servert enkel bevertning på samlingane.
Tid
Onsdagar kl. 13.00-14.30 - første gang 3. januar 2018.
Omfang
6 samlingar à 90 minutter.
Stad
Straume Helsesenter, 1.etg, inngang «Psykisk helsetenester»
Påmelding
Påmelding til kurshaldar: anja.rogde@fjell.kommune.no eller tlf: 55 09 60 00 | 55 09 72 03.
Ungdom 8. - 10. klasse
Angstmeistringskurs, ungdom 8. - 10. klasse - oppstart 9. januar
Målgruppe
Meistringskurs for ungdom med engstelse 8.-10. klasse.
Tid
Oppstart tysdag 9. januar kl. 12.30 - 14.00.
Omfang
6 samlingar à 90 minutter.
Stad
Straume Helsesenter, 1.etg, inngang «Psykisk helsetenester»
Påmelding
Ungdom på Videregåande skule
Angstmeistringskurs - Oppstart januar
Målgruppe
Meistringskurs for eldre ungdommar med engstelse i videregåande skule.
Tid
Oppstart januar.
Omfang
6 samlingar à 90 minutter.
Stad
Straume Helsesenter, 1.etg, inngang «Psykisk helsetenester»
Påmelding
Stressmeistringskurs - Oppstart april
Målgruppe
Ungdom 16-23 år i videregåande skule som har høgt stress knytta til skulekvardagen.
Stressmestringskurs – for å takle eksamenspress bedre.
Tid
Oppstart april.
Omfang
6 samlingar à 60 minutter.
Kapasitet
1 Gruppe for opptil 12 personar.
Stad
Sotra VGS avd Bildøy.
Påmelding
Depresjonsmeistring - Oppstart januar
Målgruppe
KID-kurs for ungdom på Videregåande skule.
Tid
Oppstart januar.
Omfang
8 samlingar à 90 minutter.
Stad
Straume Helsesenter, 1.etg, inngang «Psykisk helsetenester»
Påmelding
Personar med funksjonsnedsetting/psykisk utviklingshemming
Undervisning for pårørande - Oppstart 24. januar
Målgruppe
Tilbod til foreldre som har barn med funksjonsnedsetting/psykisk utviklingshemming.
Tid
Oppstart onsdag 24. januar kl. 16.00 - 17.30.
Omfang
8 samlingar à 90 minutter.
Stad
Straume Helsesenter, 1.etg, inngang «Psykisk helsetenester»
Påmelding
Psykoedukativt gruppetilbod - Oppstart 10. januar
Målgruppe
Tilbod til aldersgruppe 15-25 i gruppe (selektert).
Tid
Oppstart onsdag 10. januar kl. 18.00 - 19.00.
Omfang
8 samlingar à 1 time.
Stad
Psykiatrisk dagsenter, Grønamyrsvegen 4, 5353 Straume
(bak Sartor Storsenter, innerst i kroken ved Specsavers).
Påmelding
Kurs - Rask Psykisk Helse
Meistring av depresjon, stress og belasting - oppstart 17. januar
Dato | Tid | Stad
Onsdagar frå kl. 13.00 - 15.00 i Sotra Arena.
Kurs 1.
- 17. januar
- 24. januar
- 31. januar
- 7. februar
- 14. februar
- 21. februar
Kurs 2.
- 9. mai
- 16. mai
- 23. mai
- 30. mai
- 6. juni
- 13. juni
Målgruppe
Personar som har symptom på depresjon, stress og belastning.
Innhald
Kurs i kognitiv meistring av depresjon, stress og belastning:
- Å lære korleis tankar, kjensler, handlingar og kroppslege reaksjonar heng saman og påverkar kvarandre.
- Korleis tidlegare erfaringar heng saman med noverande fungering/plager.
- Strategiar for å redusere negative tankar, grubling og bekymring.
- Støtte til sjølvomsorg og positiv sjølvhevding.
- Mindfulness til bruk ved avspenning og innsovning.
- Råd om god søvnhygiene.
- Affektbevissthet: trene på å sette ord på og anerkjenne egne kjensler.
- Teknikkar for effektiv problemløysing.
- Støtte til å inngå i positive relasjonar med andre.
Omfang
Kurset går over 6 kursdagar à 2 timar. Kurset er lagt opp med vekselvis undervisning og samtale om erfaringar med å prøve ut nye meistringsstrategiar.
Pris
Kr. 250,- for kursbok. Betal via VIPPS: Vippsnr. 139245 + "3110 kurs + dato for oppstart/eller via faktura.
Påmelding
rph@fjell.kommune.no eller tlf. 469 49 904
Meistring av søvnvanskar - oppstart 7. februar
Dato | Tid | Stad
Onsdagar frå kl. 13.00 - 15.00, møterom i Sotra Arena.
- 7. februar
- 14. februar
- 21. februar
- 7. mars
Målgruppe
Personar som har vanskar knytt til søvn og som treng hjelp for å få korrigert søvnmønsteret.
Innhald
Kurs i kognitiv meistring av søvnvanskar:
- Lære korleis dysfunksjonelle tankar rundt søvn kan oppretthalde og forsterke søvnvanskar.
- Råd for god søvnhygiene
- Søvnregistrering
- Miljøkontroll
- Søvnrestriksjon
Omfang
Ca ei gruppe pr halvår. Kurset vil gå over kl. 09.00 - 11.30, AKTIV 3654 kursdagar à 2 t
Påmelding
rph@fjell.kommune.no eller tlf 469 49 904
"Frisk pust" - oppstart 18. januar
Dato | Tid | Stad
Torsdagar frå kl. 09.00 - 11.30, AKTIV 365.
Kurs 1.
- 18. januar
- 24. januar
- 1. februar
- 7. februar
- 14. februar
- 21. februar
- 7. mars
- 15. mars
Kurs 2.
- 11. april
- 19. april
- 26. april
- 3. mai
- 24. mai
- 31. mai
- 7. juni
- 14. juni
Målgruppe
- Er du hjertefrisk, men likevel uroleg for om hjertet ditt kan tåle fysisk belastning?
- Ønsker du å trene, men unngår det fordi du blir utrygg på deg sjølv saman med andre?
- Har du «brent lyset i begge endar» og treng hjelp til å finne ein god balanse mellom aktivitet/prestasjon og restitusjon/kvile?
- Treng du hjelp til å finne att overskot, energi og livsgnist?
Innhald
Frisk pust er eit behandlingstilbod retta mot angst, depresjon og stressrelaterte plager. Tilbodet utvikla i samarbeid mellom Rask Psykisk Helsehjelp og treningssenteret Aktiv365. Kurset går over 8 gangar og inneber
- 45 minutt høg intensiv trening på spinningsykkel
- 30 minutt styrketrening
- 15 min avspenning med fokus på pust
- Havregraut og frukt
- 45 minutt undervisning om psykisk helse
På kurset får ein erfaring med å kjenne både på høg aktivering og på avspenthet. Det er fokus på å finne ein god balanse mellom aktivitet og kvile, og finne trygghet i at kroppen treng begge deler. Ein lærer ulike stregiar for å hjelpe seg sjølv til å kjenne igjen, anerkjenne og regulere vanskelige kjensler. Det overordna målet er å bidra til auka evne til å mestre stress og belastningar, gjennom erfaring med å ta godt vare på si eiga helse både fysisk og psykisk.
Ta med:
- Treningsklede
- Drikkeflaske og ein liten handduk.
- Evt det du treng om du vil dusje på Aktiv 365 etter gruppa.
Tema:
Fysisk trening og puls – Stressmeistring – Kosthold – Søvn og kvile -
Mindfulness -Samanhengen mellom tankar, følelsar og handlingar - Følelsar - Sjølvhevding - Tap og sorg- Kva er angst? Strategiar for meistring - Å vere saman med andre - Avspenning og pust
Pris
Behandlingstilbodet kostar ca kr 900( ikkje avklart ennå) om du ikkje er medlem ved treningssenteret.
Er du det, kostar tilbodet kr 250.
Påmelding
rph@fjell.kommune.no eller tlf 469 49 904
Drop-in kurs; meistring av panikkangst - oppstart 3. januar
Tid | Dato | Stad
- Onsdag kl. 09.30 - 11.30, Rask psykisk helsehjelp, 1. etg. Blombakkane 2.
Datoar for kurset:
- 3. januar
- 10. januar
- 17. januar
- 24. januar
- 31. januar
- 7. februar
- 14. februar
- 21. februar
- 28. februar - Ikkje kurs
- 7. mars
- 14. mars
- 21. mars - Ikkje kurs
- 28. mars - Ikkje kurs
- 4. april
- 11. april
- 18. april - Ikkje kurs
- 25. april
- 2. mai
- 9. mai
- 16. mai
- 23. mai
- 30. mai
- 6. juni
- 13. juni
Innhald
På dette kurset kan du dukke opp når det passar for deg. Du kan møte opp aleine eller saman med ein du vil ha med deg. Fagfolk og vener er også hjarteleg velkomne. Her får du innføring i kva som skjer under
eit angstanfall, og du lærer strategiar for å meistre dette slik at ikkje angsten skal få ta kontroll i ditt liv. Om du ønskjer repetisjon, kan du komme igjen neste veke, eller berre komme den eine dagen, det er opp til deg.
Tema
- Panikksirkelen: Lære korleis katastrofetankar og kroppslege angstreaksjonar gjensidig verkar på kvarandre, og bidreg til bruk av tryggingsåtferd og unngåing av angstprovoserande situasjonar. Dette er med på å oppretthalde lidinga.
- Bryte panikksirkelen ved å systematisk framkalle dei frykta symptoma. Erfare at angst er ubehageleg, men ikke farleg.
- Strategiar til bruk i angsttreninga; sjølvomsorg og merksemdstrening.
- Lage seg ein plan for kva mål ein set seg og trene på å vinne kontrollen tilbake.
Kurset blir holdt av kommunepsykolog og /eller terapeut i kognitiv terapi.
Pris
Gratis.
Påmelding
Ta kontakt med rph@fjell.kommune.no eller 469 49 904 for å sikre deg at det er kurs den tirsdagen det passar for deg å gå.
Vel møtt!
Stress meistring ved merksamt nærvær - oppstart 11. april
Dato | Tid | Stad
Onsdagar frå kl. 13.00 - 15.00, Sotra Arena.
- 11. april
- 18. april
- 25. april
- 9. mai
- 16. mai
- 23. mai
- 30. mai
- 6. juni
Innhald
Kurset har som mål å gjere deltakaren meir bevisst på situasjonar og egne reaksjonar som løyser ut ubehag og stress. Trening på å ha fokus på kor merksemda vår er har vist å ha dokumentert effekt på stressrelaterte plager.
Med kurset forsøker vi å styrke den ibuande evna vår til merksamt nærvær. Merksamt nærvær kan definerast som auka merksemd på det som skjer i augeblikket med ei open, ikkje dømmande haldning.
Omfang
Kurset går over 8 onsdager, 2 timer per gang. Kurset legg i hovudsak opp til trening gjennom praktiske øvingar. Dette fordi ein tenkjer at vi lærer best gjennom eigne erfaringar. Øvingane blir supplert med noe teoretisk undervisning.
NB! Best utbytte av kurset blir det når deltakaren arbeider med øvingane på eigehand mellom kursdagane.
Nyttige lenkjer
Smiso-hordaland - hjelp til personar utsett for seksuelle overgrep og til pårørande
Publisert: 04.05.2016 10:20
Sist endret: 02.01.2018 09:12