Kva er FACT-team?
FACT står for «Flexible Assertive Community Treatment», og kan omsetjast til fleksibelt, aktiv oppsøkjande behandlingsteam. Dette er eit prosjekt i samarbeid med Fjell kommune og Helse-Bergen/DPS Øyane.
Målgruppe
- Målgruppa til FACT-teamet er personar med alvorlege psykiske lidingar, med omfattande funksjonsnedsetnad.
- Dei kan ha tilleggsproblem knytt til rusmiddelmisbruk/rusliding.
- Undersøkingar synar at ein stor del av denne gruppa i periodar treng meir intensiv behandling og tettare oppfylgjing enn det ein ordinær poliklinikk kan tilby.
FACT-team modellen forutset også eit tett samarbete mellom kommune- og spesialisthelsetenesta, sosialtenesta og andre offentlege instansar.
Vi tilbyr
- Oppsøkjande behandling og oppfylgjing
- Følgje med på sjukdoms- og symptomutvikling
- Praktisk hjelp og rettleiing i kvardagen
- Arbeid med rehabilitering
- Støtta brukaren sine betringsprosessar «Recovery»
Tilvisning
Aktuelle instansar/samarbeidspartnarar kan kontakta teamet for å konsultera på anonymt grunnlag eller for å drøfta om ein pasient er aktuell for Fact-teamet.
Tilvisinga må likevel sendast formelt frå lege/fastlege, DPS, NAV o.l.
Tilvisinga sendast til: Fact-team Fjell kommune, Postboks 184, 5342 Straume
Pris
Tilbodet er gratis.
Sist endret: 27.05.2016