Facebook ikon Twitter logo Print side

SOpp+ (Småoppdrag i heimen)

Treng du hjelp til små praktiske oppgåver i hus og hage? Foreininga SOpp+ legg til rette for at du kan få hjelp på ein trygg måte til overkommeleg pris.

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Kva er SOpp+?

SOpp+ er ei ideell foreining som legg til rette for at innbyggjarar, til dømes eldre eller andre med funksjonssvikt, skal kunne kjøpa småoppdrag knytt til heimen på ein trygg måte.

SOpp+ rekrutterer pålitelege pensjonistar og ungdom (18-25 år) som vil tilby småoppdrag. Tilbydarar må delta på kurs der det vert gjennomgått skattereglar, skjema «avtale om småoppdrag i heimen» og ansvarsforhold. Når dei har levert politiattest, får dei identitetskort som skal visast fram for kjøpar.

Både den som tilbyr og den som kjøper småoppdrag knytt til heimen, er sjølv ansvarleg for å setta seg inn i regelverk. Avtale som vert inngått mellom partane er privatrettsleg og SOpp+ eller kommunen er ikkje part i avtalen.

Brosjyre for SOpp+

Der står det blant anna at ein kan kjøpa småjobbar knytt til heimen skattefritt for inntil kr 60 000,- per år, men likevel ikkje for meir enn kr 6 000,- per år frå ein og same tilbydar.

På heimesida til Skatteetaten finn du meir informasjon.

Kven kan kjøpa småoppdrag?

Primært eldre eller andre med funksjonssvikt som treng hjelp til praktiske småoppgåver heime.

Kva oppgåver kan du få hjelp til?

Du spør om hjelp til det som er viktig for deg!
Oppgåvene må likevel ikkje vera av slik art at dei krev autorisert personell for å kunna utførast!

Døme på oppgåver du kan få hjelp til:

Inne i huset

Småvask, rydding, stryking, pynting, ordna med blomar, montera, hengje opp, vaske vindauga, ordnordna hår, lage til selskap, baka og datahjelp.

Utanfor huset

Slå plen, spyla, vaske vindauga, stella i grusgangar og bed, ordne med boss, vatna blomar,
lufte kjæledyr, måka snø og skifta dekk.

Korleis få SOpp+?

  1. Søk «SOpp+» på Facebook. Der finn du namn, kontaktinformasjon og kva oppgåver dei ulike tilbyr. Er du ikkje på nett, ring for hjelp på tlf. 55 09 70 00. (Sekretær/Øygarden lokalmedisinske senter).
  2. Ta direkte kontakt på e-post eller telefon med den som tilbyr det du ønskjer og avtal tid.
  3. Ved første oppdrag må skjema «avtale om småoppdrag i heimen» underskrivast av begge partar. Tilbydar har denne avtalen med seg og den må signerast av partane også etter utført oppdrag.
  4. Du betaler og signerer etter utført oppdrag. Du bind deg ikkje til vidare oppdrag, utan at det er inngått ny avtale.
  5. Minstepris er 1 t arbeid. Tilbydar kan ikkje ta betaling for tid eller kostnader knytt til reisa.

Pris

Timepris ungdom kr 200,-
Timepris pensjonist kr 250,-

Kontakt oss

Har du spørsmål eller ønskjer du å tilby tenester i SOpp+?

Kontakt sekretær ved Øygarden lokalmedisinske senter på tlf. 55 09 70 00 eller kontakt leiar for SOpp+ Sigurd Hope  på tlf. 901 61 524 eller på e-post sigurd.hope@bkkfiber.no


Sist endret: 12.09.2019