Facebook ikon Twitter logo Print side

Startlån

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Innleiing

Startlån kan vera ein mogleg inngang til bustadmarknaden for husstandar som ikkje får vanleg bustadlån eller som har vanskar med å bli buande i bustaden sin. Har du låg inntekt, kan startlånet kombinerast med tilskot eller bustønad.

Kommunen kan gje startlån til personar som ikkje får lån i ordinære kredittinstitusjonar. Startlån er behovsprøvd og barnefamiliar er ei prioritert målgruppe for låneordninga. Det er ei føresetnad at lånesøkjar har nytta moglegheita til å spare innanfor dei økonomiske rammene deira aktuelle inntekter og utgifter til livsopphald gjer.

Kven kan få startlån/tilskot?

  • Barnefamilie
  • Mottar offentleg yting/stønad
  • Bustadeigar med gjeldsproblem
  • Andre som har til dømes sosiale/helse utfordringar

Unge i etablerarfasen er ikkje i målgruppa.

Kva kan startlån nyttast til?

  • Kjøp, rehabilitering, utbetring og tilpassing av bustaden
  • Toppfinansiering
  • Refinansiering ved gjeldsproblem

Les meir om startlån her

Søknad

Søknader handsamas fortlaupande. For meir informasjon, sjå Husbanken.no eller kontakt bustadkontoret på telefon 55 09 60 00

Søk startlån her


Publisert: 09.05.2016 09:00
Sist endret: 09.05.2016 09:18
Bustadkontoret

Besøksadresse:

Foldnesvegen 1
5354 Straume

Telefon: 55 09 60 00