Facebook ikon Twitter logo Print side

Vil du bli støttekontakt?

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Støttekontakt

Som støtteontakt skal du hjelpa barn og vaksne som av ulik årsak treng bistand til å delta i kultur- og fritidsaktivitetar, sosiale opplevingar og samfunnslivet generelt.

Det er ikkje krav til formell utdanning eller spesiell arbeidserfaring, men du må lika å jobba med menneske, vera ansvarsbevisst, stabil, engasjert og kunne jobba sjølvstendig.

Kommunen har som hovudregel at støttekontaktane skal vera over 18 år. Det er også ein fordel, men ikkje avgjerande om du har førarkort og bil.

Kven får støttekontakt?

For å bli tildelt støttekontakt, må ein søkje den kommunen ein bur i. Kommunen vurderer ut frå behovet kor mange timar i månaden ein får tildelt støttekontakt.

Dei som får tildelt støttekontakt, er like ulike som alle andre. Dei kan til dømes ha ei funksjonshemming, lærevanskar, eller ein sjukdom og har behov for bistand til å oppnå ei meiningsfull fritid. Kva som vert opplevd som ei meiningsfull fritid er individuelt, men sosialt samvær er ein fellesnemnar.

Innhald i oppdraget

Støttekontakttenesta kan vere organisert både individuelt og i gruppe.

Det er brukaren sine ønske og behov som skal styra korleis støttekontaktoppdraget skal gjennomførast. Nokon kan ha ein hobby, eller ein fast aktivitet der dei har behov for å ha med seg støttekontakt.

Det finst også mange som av ulike årsaker treng at du tek initiativ og kjem med aktivitetar.

Samarbeid

Kommunen gjev rettleiing og oppfølging ved behov. Brukaren kjenner best sin eigen situasjon og kva behov du som støttekontakt skal dekkja men alle er ikkje i stand til å uttrykkje dette sjølve. Derfor er det av og til nødvendig å ha god kontakt med pårørande eller andre rundt den einskilde brukar. Desse personane kan også bidra med opplæring og nyttig informasjon som er viktig for å opprettaeit godt samarbeid mellom deg og brukaren.

Dersom du er støttekontakt for eit barn under 18 år, vil du få nyttig informasjon og rettleiing frå foreldra. Familien rundt barnet er dei som kjenner barnet best, og vil kunna gje deg den informasjonen som du til ei kvar tid treng. Det er viktig å etablera eit godt samarbeid frå starten av.

Løn- og arbeidsforhold

Støttekontakten vert ikkje tilsett i Fjell kommune, men inngår ein oppdragsavtale om å jobb eit fast timetal i månaden. Fjell kommune dekkjer løn, køyregodtgjersle og utgifter inntil ein viss sum etter kvittering. Det vert ikkje betalt sjukepengar i arbeidsgjevarperioden.

Den faste summen og køyrelengda kjem fram i kvar einskild sin avtale og er knytt til oppdraget.

Den du er støttekontakt for må sjølv dekkja som eigne utgifter medan dei er saman med støttekontakte. Dersom brukar har følgjebevis, betyr dette at du som følgjeperson kjem gratis inn på ulike arrangement som har godkjent dette kortet.

Søknad

Søk om å bli støttekontakt

Kontakt

Ved spørsmål ta kontakt med Hildegunn Vengen på e-post hildegunn.vengen@fjell.kommune.no eller telefon 55 09 60 00.


Publisert: 06.06.2016 09:40
Sist endret: 08.08.2016 14:16
Rådhus

Besøksadresse:

Foldnesvegen 1
5354 Straume

Posadresse:

Postboks 184
5342 Straume

Telefon: 55 09 60 00