Facebook ikon Twitter logo Print side

Terapibasseng

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Helsetilbod

Straume terapibasseng er eit varmtvannsbasseng der vi tilbyr trening i vatn.

Terapibassenget er ein del av helsetilbodet i kommunen.

Bassenget har ein gjennomsnittstemperatur på 33'9 grader. Det er 12'5 meter langt og er utstyrt med boblebad, massasjebenk, massasjedyser, vannmassasjestråle, motstraumsanlegg. Det er tilgang til badstue (85grader).

Bassenget er tilrettelagt for funksjonshemma med velutstyrt handikapgarderobe.

Behandling/Trening i vatn kan fremja fysisk funksjon og lindra smerter ved ei rekke funksjonsvanskar. Oppdrift frå vatnet gjer at ein kan bevega seg lettare og med mindre smerte. Motstand i vatn gir effektiv trening.

Oversikt over tidspunkt og tilbod i Straume terapibasseng

Ikkje krav til tilvising

Frå 1. januar 2018 treng du ikkje tilvising til fysioterapeut.

Her finn du meir informasjon om betaling, egenandel og frikort.

Eigentrening

Innbyggjarar i Fjell kommune med helsegevinst av å trene i varmtvatn kan nytte bassenget gratis ein gong pr veke i tida mellom 15 og 16 på kvardagar. For å nytta tilbodet må du har med skriftleg informasjon frå lege/behandlar.

Ta kontakt med terapibassenget for bestilling av tid.

Gruppetrening

Tilbodet er for innbyggarar i Fjell kommune med helsegevinst av å trene i varmt vatn.

Det fins fleire ulike treningsgrupper leia av fysioterapeut. Dette passar for personar med ulike helseutfordringar. Dei ulike gruppene er lagt opp forskjellig utifrå funksjonsnivå og helseutfordringar.

Terapeuten vurderer kva gruppe som kan vera aktuell. Gruppene er til ulike tider og ulike dagar.

Ein forpliktar seg til å delta på treninga i størst mogleg grad i den perioden ein har fått plass. Dersom ein lenger ikkje ynskjer å nytta seg av tilbodet skal ein gje beskjed i resepsjonen eller til instruktøren for gruppa.

Vi har desse gruppene:

Pris

Same pris som for fysioterapeut med driftstilskot. 118 kr per 60 minutt bassengtrening. Har du frikort 2 er tilbodet gratis. Les om frikort eigendelstak 2 her.

I helger vert bassenget nytta til offentleg bading.

Billedgalleri


Publisert: 18.05.2016 07:35
Sist endret: 02.07.2018 07:31
Straume terapisenter

Besøksadresse:

Blombakkane 7
5354 Straume

Telefon: 55 09 68 50