Tilskot til tilpassing skal bidra til å gjere bustaden betre eigna til å i vare ta behova for personar med nedsett funksjonsevne. Tilpassinga må vere hensiktsmessig og behov for tilskot vert vurdert ut frå husstandens økonomiske situasjon.
Kven kan få tilskot til tilpassing?
- Husstandar eller enkelpersonar som har behov for tilpassing av bustaden
- Barnefamiliar har høg prioritet
- Eldre som ønskjer å utføre førebyggande tilpassingstiltak
Kva kan tilskot til tilpassing nyttast til?
- Enkle tiltak for å betre tilkomst til bustad og større ombyggingar for tilrettelegging av bustaden.
- Tilskot kan søkjast om du bur i leigd eller eigd bustad. (For leigd bustad føreligg visse krav til varigheit av leigeavtale og signert aksept av utleigar).
Les meir om tilskot til tilpassing her
Søknad
Søknader handsamas fortlaupande. For meir informasjon, sjå Husbanken.no eller kontakt bustadkontoret på telefon 55 09 60 00
Sist endret: 04.06.2018