Facebook ikon Twitter logo Print side

TREFF+

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Kva er TREFF+?

Ope og gratis kultur- og handletilbod for yngre og eldre seniorar på Sartor Storsenter
- kvar torsdag kl. 11.00 - 14.00. Vil du prøva ut tilbodet, er det berre å møta opp!

Nye deltakarar vil få informasjon om aktivitetar i aviskroken på Fjell folkeboksamling kl. 11.00.

Treng du transport for å kunne delta - ring kundevertane på Fjell rådhus på tlf. 55 09 60 00 eller på e-post kundetorget@fjell.kommune.no

Program

Du vel sjølv kva du vil delta på av oppsett program. Kom og gjerne med tips til nye aktivitetar.

Oppdatert program for TREFF+

  • Serniorsurf med Harddisk - datakurs for ferskingar og for vidarekomne
  • Seniorkafe - bingo, trekkspelmusikk, prat, kaffe og vaflar
  • Seniorbowling på O´Learys
  • Handle- og serveringstilbod med ulike rabattar ved framsyning av TREFF+ kort som du får på Seniorsenteret, Fjell frivilligsentral og kundesenteret. Kortet er berre gyldig torsdagar
  • Fjell folkeboksamling - litterær matpakke
  • Demonstrasjonar frå butikkar/bankar m.m
  • Lunsjtreff
  • Kontakt Fjell Frivilligsentral om du har spørsmål på telefon 55 09 69 29 eller frivillig@fjell.kommune.no

Bestill transport

Her finn du informasjon om bestilling av transport til TREFF+

Meir informasjon

Vil du vita meir eller bestilla handehjelp - ring Fjell Frivilligsentral tlf. 55 09 69 29 eller skriv til frivillig@fjell.kommune.no

Oppdatert program finn du elles på :

Om oss

TREFF+ vert driven av frivillige, kommunale og private aktørar. Målet er å driva og vidareutvikla ein sosial og helsefremmande møtestad som seniorar ikkje kan gå glipp av!

Vi samarbeider om TREFF+:

  • Fjell Eldreråd
  • Sartor Storsenter
  • Fjell Frivillig sentral
  • Seniorsurf
  • Seniorsenteret
  • Fjell Folkeboksamling

Nyttige lenker


Publisert: 17.06.2016 08:53
Sist endret: 17.06.2016 08:58
TREFF+

Besøksadresse:

Sartor Storsenter,Sartorvegen 12
5353 Straume

Telefon: 55 09 69 29