Facebook ikon Twitter logo Print side

Badeplassar

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Tilrettelagde frå veg

Geitvika på søre Straume

Badeplass med gangveg, sandfjøre og bakland. Bord og benk. Lita hytte og naust vert nytta av lokale skular og barnehagar. Fint utgangspunkt for padling med kano eller kajakk.

Stad: Sørvest på LitleSotra
Tilkomst frå Sartor Storsenter

Bildøyna

Familievenleg område med fint tilrettelagt sandstrand og med lett tilkomst.

Kårtveitpollen

Område for bading og fiske. Fin og lun badevik med sandstrand og svaberg. Badestranda er tilrettelagt med skjelsand og er vel eigna for barn. Stupebrett. Toalett. Parkeringsplass ved riksvegen. Utsettingsrampe for småbåtar.

God gangveg frå bilvegen langs stranda og fram til badeplassen. Hytta i området vert nytta av Sotra og Øygarden jeger og fiskeforening som klubblokale og til ungdomsaktivitetar og turar for ungdom. Kårtveitpollen er og eit godt utgangspunkt for padling på vestsida av Sotra.

Stad: Ved riksvegen sør for Solsvik, eit par kilometer nord for Ågotnes.

Langøy kystkultursenter
Olsvik ved Vindenespollen

Mindre lokal badeplass og båthamn og ca. 200 meter strandlinje.

Stad: Ved Vindenespollen, nord på Sotra

Med båt eller tur gjennom utmarka

Myntevika ved Tellnessjøen

Badevik og svaberg. Området har noko vanskeleg tilkomst, men det går sti frå Tellnes kai. Ingen parkering på kaia.

Stad: Ved Tellnessjøen, sør i Fjell kommune

Kobbavågen nord på Lokøyna

Området ligg rundt Kobbavågen med lun hamn og fine badeplassar. Mot sør inngår ein del av Storavatnet i friluftsområdet. Populært klatrefelt langs stigen mot storavatnet.

Stad: Nord på Lokøyna mot Grunnasundet. Tilkomst på merka sti frå vegen over Lokøyna, nord forbi Storavatnet til Kobbavågen.

Barmane vest på Algrøyna

Barmane er ein våg som skjer seg inn i ein lengde på ca 1,7 kilometer. Friluftsområde på nord og sørsida. Skjerma farvatn i indre delen. Fine viker med skjelsand. Arealet på nordsida kan ein og koma til over land langs Storavatnet frå busetnaden på Algrøy.

Heile området innanfor Boganeset har svært gode oppankrings,- og fortøyingstilhøve for småbåtar. Området er mykje brukt til fritidsfiske.

Stad: Vest på Algrøyna i Fjell kommune.

For å koma til dei andre etablerte friluftsområda - som Løno og Hissøyna, Kalsøyane, Duøyna, Narøyna og ei rekkje andre øyar og holmar på vestsida - må du ha båt.

Løno

Rundt øya er det rikt fiske. Der er ei skjerma hamn, men innløpet er noko vanskeleg og er best frå sør og søraust. Farvatnet rundt øya er noko ureint. Offentleg kai i ytre del av Lønovågen. Kaien skal kun nyttast til av og påstigning. Bruk fortøyningboltane.

Stad: Vest i havet, 3 nautiske mil vest for Møvika på Sotra

Hissøyna

Øya har ei god hamn - Kylderen - på søraustsida, med offentleg brygge og felles veg opp til husa. Utsida av kaien er kun til ombord- og ilandstiging. Båtar skal fortøyast ved moloen eller ved BOFs flytebrygge. Ved moloen er det og lagt ut flytebryggje og ei fortøyningsbøye som kan nyttast av fritidsbåtar.

Stad: Vest for Møvika i Fjell kommune.

Lenkjer


Publisert: 25.04.2016 08:41
Sist endret: 25.04.2016 08:45