Facebook ikon Twitter logo Print side

Bibliotek

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Innleiing

Fjell folkeboksamling finn du på Sartor storsenter, i første høgda, inngangen ved Sotratrappo.

Heimesida til Biblioteka i Vest Facebooksida til Biblioteka i Vest

Våre opningstider

Vi har ope kvar dag unntatt sundag. Opningstidene finn du på www.bibvest.no

I skuleferien og i samband med høgtider, kan opningstidene avvika frå normalen. Dette vert annonsert på nettsida og facebooksida til Biblioteka i vest.

Du kan levera bøker heile døgeret i ei eiga luke i ytterdøra vår.

Korleis vert du brukar?

Dersom du skal låna bøker eller anna materiale med deg heim, må du ha eit lånekort. Det mest praktiske er eit nasjonalt lånekort som du kan nytta på alle bibliotek i landet.

Ta med deg legitimasjon og vi lagar eit kort på nokre minutt.

Våre tenester

Vi låner ut bøker, lydbøker,musikk, film, aviser, tidsskrift, fiskestenger, redningsvester m.m. Alt utlån er gratis. Våre låneregler ser du her.

Du kan også få hjelp til kopiering, utskrifter, scanning til epost og attestering av vitnemål.

Ebøker

Ebøker låner du via appen Ebokbib som du finn i Appstore eller Google Playbutikken. Her finn du eit stort tal bøker. For å låna ebøker må du ha Nasjonalt lånekort og PIN-kode.

Lokale

På biblioteket kan du nytta leseplassar og lesesal. Vi har også møterom til utlån. Desse kan du reservera på bibliotek@fjell.kommune.no

Arrangement

Det skjer mykje på biblioteket. Vi har faste arrangement, som Litterær matpakke, eventyrstunder og litteraturyoga, og eingangsarrangment som konsertar, føredrag, kurs m.m.

Følg med på facebooksida vår og på arrangementskalendaren på www.bibvest.no

Utlån

Biblioteket låner også ut fiskeutstyr. Du kan låna ein sekk med fiskestong, snelle, slukar m.m. Utstyret kan du låna ei veke.

Vi har også redningsvestar til utlån, både for barn og vaksne.

Prisar og gebyr

Her finn du våre prisar og gebyr.


Publisert: 24.05.2016 09:28
Sist endret: 24.05.2016 09:29
Fjell folkeboksamling

Besøksadresse:

Sartorvegen 12
5353 Straume

Telefon: 55 09 69 10