Facebook ikon Twitter logo Print side

Fjell bygdebok

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Ny bygdebok!

Framside på den nye bygdeboka i FjellOnsdag 29. november vert Mellom havet og byen, det sjette bandet i serien Fjell bygdebok, lansert på biblioteket på Straume (klokka 18.00).

Boka er til sals under arrangementet. Frå 30. november kan bøkene kjøpast i bokhandlane og i Servicetorget på Fjell rådhus (med Vipps).

Den nye boka handlar om samfunnsutviklinga i Fjell gjennom 200 år, frå 1700 til 1910. Dei rike ressursane i havet og den nære bymarknaden gav livsgrunnlag for eit folk som voks frå 900 i 1700 til det firedoble i 1910. Store endringar skjedde i perioden. Helse- og butilhøva vart betre. Skulevesenet og demokratiske organ vart innførte. Fram mot 1900 auka endringstakten, med utskiftingar på gardane, modernisering av sjøbruket, etablering av dampskipsruter og handelsstader og utvandringa til Amerika. Det tette, men motsetnadsfylte tilhøvet mellom folket på øyane i vest og bergensarane, står sentralt i boka. Gjennom ei rekke historier får lesaren kjennskap til korleis folk i Fjell levde og møtte endringane som skjedde. Mange av illustrasjonane i boka har ikkje vore trykte før. Boka er skriven av Halvor Skurtveit og vert gitt ut av Fjell kommune i samarbeid med Bodoni forlag.

Kulturen, språket og landskapet

Kulturen, språket, landskapet og næringsgrunnlaget i Fjell kommune har vore i sterk endring den siste generasjonen. Korleis levde folket her i Fjell for 40, 400 eller 4000 år sidan? Både dei som nyleg har flytta til Sotra og dei som har djupe røter her, kan ha glede og interesse av å få veta meir om dette.

Gjennom Fjell bygdebok får du grundig kjennskap til den historiske utviklinga frå dei første menneska busette seg her for over 9000 år sidan og fram mot våre dagar. Fjell bygdebok er rikt illustrert, med mange gamle fotografi og kart.

Til no er seks band i serien komne ut (to band allmennhistorie og fire band gards- og slektshistorie). Sjå meir informasjon om kvar enkelt bok under.

Fleire band i serien

Arbeidet med band VII, som skal omfatta tida frå 1910 til 2019, er under arbeid.

Fjell bygdebok er eit kommunalt prosjekt, administrativt underlagt kultursjefen. Eit bygdebokutval har ansvaret for framdrifta, i samarbeid med redaktør frå Universitetet i Bergen. Redaktør er førsteamanuensis Nils Kolle ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap.

Forfattarar av band VII

Halvor Skurtveit 
Tlf.: 55 09 75 48. Mobiltlf.: 97 06 83 82
E-post: halvor.skurtveit@fjell.kommune.no

Gaute Losnegård
Mobiltlf.: 994 42 512
E-post: gaute.losnegard@fjell.kommune.no

Skurtveit og Losnegård har kontorplass på Fjell rådhus.

Fjell bygdebok er også på Facebook. Besøk prosjektet på denne adressa: 
www.facebook.com/fjellbygdebok

Bøkene i serien Fjell bygdebok

Band I

Det stig av hav... Natur- og kulturhistoria fram til 1700. (1996)

Band II

Gards- og slektshistoria for gardsnummer 1-19. (2005) Gardane Trengereid, Kallestad, Ekra, Nordvika, Bratten, Nese, Tveita, Ulveset, Åse, Skoge, Møvika, Syltøyna, Hissøyna, Lokøyna, Løno, Skålvika, Langøyna, Sekkingstad, Algrøyna og Dyrøyna.

Band III

Gards- og slektshistoria for gardsnummer 20-29 & 59-60. (2006) Gardane Eide, Eide, Kårtveit, Pollen, Angeltveit, Landro, Solsvika, Misje, Turøyna, Vindnes, Ågotnes, Spjeld og Fjæreide.

Band IV

Gards- og slektshistoria for gardsnummer 30-41. (2008) Gardane Knappskog, Geitanger, Morland (medrekna Morlandsstøa), Kolltveit, Bildøyna, Straume, Foldnes, Anglavika, Vågo, Rennedalen, Knarrvika og Arefjord (medrekna Valen) Fjell bygdebok.

Band V

Gards- og slektshistoria for gnr. 42-58. (2010) Gardane Brattholmen, Snekkevika, Gavlen, Ebbesvika, Nordre- og Søre Ekrhovda, Li, Liaskjeret, Nordre og Søre Bjorøyna, Haganes, Tellnes, Dala, Dalseidet, og Søre, Midtre og Nordre Fjell.

Band VI

 Mellom havet og byen. Allmennhistoria 1700 - 1910. (2017)


Publisert: 31.05.2016 16:07
Sist endret: 23.11.2017 13:43
Rådhus

Besøksadresse:

Foldnesvegen 1
5354 Straume

Posadresse:

Postboks 184
5342 Straume

Telefon: 55 09 60 00