Facebook ikon Twitter logo Print side

Fritidsklubbar

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Klubbtilbod i kommunen

For tida har vi Straumeklubben som eit fritidsklubb-tilbod i kommunen. Det er ein vanleg tradisjonell ungdomsklubb på fredagar, og ein juniorklubb på onsdagar. Begge tilboda er populære.

I løpet av hausten 2016 vil det koma målretta tiltak også på Nordre Fjell. Der kjem vi til å ha tilbod som ikkje eksisterer i området i dag.

Frå hausten 2017 er det planlagt å opne ein ny fritidsklubb i området, som vil gje eit breitt, variert og godt tilbod for barn og ungdom.

Straumeklubben

Ein kommunal fritidsklubb for deg som er mellom 13 og 18 år.

Her kan du og venene dine spela Playstation 3, biljard, bordtennis, airhockey. Du kan og sjå på tv, surfa på nett eller ta ein dans i diskoen, eller rett og slett bare vera saman med vener.

Straumeklubben er og ein stad der ein lett kan bli kjent med andre ungdommer.

Fredag frå kl. 19.00 til 22.30. (stengt i skuleferiar)

Juniorklubben

Ein kommunal fritidsklubb for deg som går i 5. – 7. klasse.

På Juniorklubben kan du spela biljard, bordtennis, airhockey eller Playstation 3 saman med vener eller oss vaksne som er på klubben. Du kan og sjå på tv, bruke datamaskinene eller dansa i diskohallen.

I kiosken kan du kjøpa snop, brus og ein liten matbit.

Onsdag frå kl. 18.00 - 20.30. (stengt i skuleferiar)


Publisert: 07.06.2016 09:16
Sist endret: 07.06.2016 09:21
Straumeklubben

Besøksadresse:

Einarsengården
5353 Straume

Kontaktperson: Leiar Svein Ekrem

Telefon: 980 42 844