Facebook ikon Twitter logo Print side

Frivillig / Fjell frivilligsentral

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Innleiing

Fjell frivilligsentral ligg i lokala til Fjell folkeboksamling på Sartor Storsenter. Kontoret er vanlegvis opent måndag – torsdag mellom kl. 09 – 14, men kan bli stengt i kortare periodar grunna oppdrag utanfor kontoret. Ta kontakt for å avtale eit møte: Tlf. 55096929 / 48036989.

Kven kan vera frivillig?

  • Du som vil bruka av fritida di til å hjelpa andre.
  • Du som har vorte pensjonist, og tykkjer dagane vert litt lange.
  • Du som er ung og vil auka livserfaringa di gjennom kontakt med andre menneske.
  • Du som er arbeidssøkjar og ønskjer å gjera noko positivt i ei vanskeleg jobbsøkingstid.
  • Du som ønskjer å vera eit medmenneske.

Korleis kan eg bli frivillig?

Ta kontakt med Fjell frivilligsentral på telefon 55 09 69 29 eller e-post frivillig@fjell.kommune.no. Fyll ut skjemaet for å melde deg no:

Bli frivillig !

Når du har meldt deg som frivillig vil du bli invitert til ein samtale på frivilligsentralen. Vi hjelper deg i gang med det du ønskjer å gjere. Du får tilbod om kurs for nye frivillige, og du må søkje politiattest dersom du skal vera i oppdrag som besøksven, aktivitetsven, følgjehjelp eller andre oppdrag der du er kopla direkte opp mot ein person.

Kva oppgåver kan eg gjere?

  • Du kan vera telefonven, turven, besøksven, aktivitetsven eller kinoven.
  • Du kan dela din datakunnskap med andre, om du kan mykje eller lite.
  • Du kan hjelpa til ved arrangement, eller hjelpa til med transport til aktivitetar for eldre og rørslehemma.
  • Du kan lesa høgt for nokon.
  • Du kan gå ærend, følgja til butikk, lege, tannlege og liknande.
  • Du kan halda kurs av ulike slag, eller starta ei sjølvhjelpsgruppe.
  • Du kan yta rådgivningsteneste.
  • Du har eit yrke eller ein hobby som kan vera nyttig for andre?
  • Du kan gje leksehjelp.
  • Du kan vera med på spåkkafe.
  • Du kan gå natteravn om fredagskveldane.
  • Og mykje, mykje meir.

Vi gjev deg gjerne ein attest om du har jobba som frivillig.

Kva forventar vi av deg som frivillig?

Som frivillig avgjer du sjølv kor mykje tid du vil bruke og kva du ønskjer å bidra med. Du inngår ingen langsiktig avtale, men held fram så lenge du sjølv vil og så lenge du tykkjer dette er gjevande. Kontakt oss gjerne for ein uforpliktande samtale.

Nyttige lenkjer


Publisert: 09.05.2016 10:10
Sist endret: 20.11.2018 15:41
Fjell Frivilligsentral

Besøksadresse:

Sartorvegen 12, Sartor Storsenter
5353 Straume

Telefon: 55 09 69 29