Facebook ikon Twitter logo Print side

Fyrverkeri

Det er aldersgrense 18 år for kjøp og bruk av fyrverkeri. For små stjerneskot er aldersgrensa 12 år. Det er forbode å skyte opp fyrverkeri utan løyve. Unnataket for løyveplikt er nyttårsaftan mellom kl. 18.00 og 02.00. Merk at det for eit avgrensa område på Straume er innført totalforbod mot oppskyting av fyrverkeri, også på nyttårsaftan.

Sjå lokal forskrift med kart.

Ønskjer du å skyte opp fyrverkeri utanom nyttårsaftan må du søkje om tillatelse både frå politi og brannvesenet. Søknaden skal sendast til politiet først. Skjema for å søkje om avfyring av fyrverkeri utanom nyttårsaftan finn de på heimesida til Øygarden Brann og Redning.

Det kan også søkjast om dispensasjon frå totalforbodet om oppskyting av rakettar i Straumeområdet dersom det kan visast til særlege grunnar. Søknaden må vere skriftleg og skal sendast til Fjell kommune i godt tid før oppskytingstidspunktet. Saksbehandlingstid kan vere frå omlag 4-6 veker.

Les meir på Øygarden Brann og Redning si heimeside om sikrare bruk av fyrverkeri.


Sist endret: 19.12.2018