Facebook ikon Twitter logo Print side

Idrett

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Innleiing

Idrett og fysisk aktivitet engasjerer flest menneske i fritida.

Tilrettelegging

For å skapa aktivitet er det viktig og nødvendig å tilretteleggja for utvikling av arenaer; frå dei heilt enkle som turvegar og nærmiljøanlegg – til dei meir kompliserte og kostbare som idrettshallar og kunstgrasbanar. Sjølve aktiviteten skal skje i regi av dei frivillige organisasjonane eller som uorganisert aktivitet.

Fjell kommune byr på eit allsidig og rikt idrettsliv. Pr i dag er det 38 idrettslag i kommunen, med ein samla medlemsmasse på om lag 8000.

Lag og organisasjonar i Fjell

Idrettshallar og gymsalar

I kommunen finnast det tre idrettshallar, med fem speleflater. Sotra Arena er ein fleirbrukshall som Fjell kommune eig. Her kan ein ha arrangement med inntil 4 100 personar.

Gymnastikksalar er spreidde rundt i kommunen, der lag og organisasjonar driv med trening.

Fjell kommune har eige idrettsråd som ser til idretten sine vilkår.

Fotballbanar

I Fjell kommune er det fleire fotballanlegg, både kommunale og private anlegg. På Ågotnes er det gras og kunstgrasbane. På Bildøy og Ulveseth er det grusbane.

Fotballbanar (kommunale)

Symjehallar

I Fjell har vi fire svømmeanelgg

Symjebasseng

Leige

Søknad om bruk av anlegga skjer gjennom AktivFjell. Når det gjeld søknad om fast treningstid, skal det skje på eige skjema. Her finn du informasjon om leige av kommunale bygg og anlegg til enkeltarrangement og fast leige/trening.

Nærmiljøanlegg

Nærmiljøanlegg skal ikkje dekkja behovet for anlegg til organisert idrettslig aktivitet eller ordinære konkurransar i idrett. Områda eller anlegga skal vera fritt, allment tilgjengelege og berekna på uorganiserte idrettslige uteaktivitetar, primært for barn og unge, men også for lokalbefolkninga elles. Med nærmiljøanlegg meinast berre utendørsanlegg, for eksempel ballbinge og sandvolleyballbane.

Plan for idrett og fysisk aktivitet

Plan for idrett og fysisk aktivitet er eit overordna politisk styringsdokument innan områda idrett og fysisk aktivitet, og skal vera styrande for samarbeidet mellom kommunen og dei frivillige organisasjonane. Her finn du kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet.

Nyttig lenkjer


Publisert: 22.06.2016 10:38
Sist endret: 22.06.2016 10:46