Facebook ikon Twitter logo Print side

Inkluderingstilskot 2019

Lag og organisasjonar i Fjell kommune kan no søkja tilskot for å inkludera barn og unge i kultur, idrett og fritidsaktivitetar. Målgruppa er barn og unge til og med ordinær vidaregåande skule. Målet med tilskotet er at fleire får delta i aktivitetar, uavhengig av økonomien til hushaldet.

Søknadar blir behandla etter kvart som dei kjem inn. Det er inntil kr 500 000 – fem hundre tusen – til fordeling i 2019. Dette er med atterhald om at det kjem inn nok søknadar som oppfyller kriteria. Enkeltpersonar kan ikkje søkja om tilskot. Midlane blir berre delte ut i 2019.

Tilskotet kan gå til:

  • deltakaravgifter, reiseutgifter og forsikringar for barn og unge i målgruppa som deltek på turneringar, stevne og arrangement innanfor kultur, idrett og fritid
  • kontingentar (medlems-, øvings- eller treningsavgift) for barn og unge i målgruppa
  • utstyr, instrument og anna som det ikkje er mogleg å låna via Way Forward eller frå BUA, utstyrsbua på Ågotnes

Søk elektronisk her

Illustrasjonsbilde


Sist endret: 13.06.2019