Facebook ikon Twitter logo Print side

Johan C.W. Juuhl

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Stril og bergensar

Fjellsokningen som tok havstrilane inn i litteraturen.

Den 27. mai 2016 var det 150 år sidan forfattaren, journalisten og fjellsokningen Johan C.W. Juuhl vart født. Far hans var handelsmann i Brattholmen, og Johan skulle eigentleg følgja i fotspora til faren.

Han gjorde i staden karriere som skribent og formidlar. Sjølv om han som vaksen busette seg i Bergen, var hans kjæraste emne folket og naturen på Sotra og elles i Øygarden – distriktet han kalla «Det grå riket». Han stod med eitt bein i bykulturen og eitt i strilekulturen.

Debuterte med boka «Havstriler»

Gjennom artiklar, bøker, og ikkje minst foredrag rundt i heile landet, gjorde han folket på øyane vest for Bergen kjende for resten av Noreg. Han debuterte med boka «Havstriler» på Aschehoug forlag i 1912, og gav seinare ut fleire romanar og samlingar av forteljingar. Han brukte både personar og stader frå Sotra i tekstane sine, ofte berre med lett omskrivne namn. I dialogane nytta han striledialekten mykje.

Reise- og friluftsliv

Johan Juuhl kjempa også for at fleire skulle bruka det ytste strilelandet til reise- og friluftsliv. Han var svært glad i øy- og havlandskapet, og skreiv fleire artiklar om dette i årbøkene til turistforeininga på 1920-talet. Då dei første, faste radiosendingane frå Bergen tok til 1926 var Juuhl raskt ute med å ta det nye mediet i bruk. Alt etter nokre få månader var han på lufta med eit foredrag om «Skjærgaarden som turistfelt», og dei følgjande åra var han å høyra på radioen fleire gonger.

Juuhl døydde i 1947, 81 år gammal. I minneordet i Bergens Tidende heitte det at han «gjerne brøt en lanse for sine venner havstrilene». Samstundes som Juuhl var oppteken av den gamle strilekulturen, såg han med glede på den moderniseringa som skjedde på øyane i hans eiga levetid.

Heidra med festival og bok

I mange år var Juuhl ein ganske gløymt forfattar, sjølv om 100-årsdagen i 1966 vart markert med eit radioprogram. Fjell kommune feira i 2012 100-årsjubileet for «Havstriler» med litteraturfestival og utgjeving av boka «Det grå riket» som er ei samling utvalde tekstar av Juuhl. Halvor Skurtveit skreiv eit innleiiande kapittel om livet til Juuhl. Boka er til sals hjå bokhandlar, nettbokhandlar, Fagbokforlaget og Kultursjefen i Fjell kommune.

Juuhl er vél verdt å minnast som formidlar av havstrilkulturen. Og tekstane hans inneheld framleis eit rikt kulturhistorisk stoff.


Publisert: 31.05.2016 16:17
Sist endret: 31.05.2016 16:18
Rådhus

Besøksadresse:

Foldnesvegen 1
5354 Straume

Posadresse:

Postboks 184
5342 Straume

Telefon: 55 09 60 00