Facebook ikon Twitter logo Print side

Leige bygg og anlegg

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Enkeltståande arrangement

Utleiga følgjer skuleruta, og det er såleis ikkje høve til å leiga anlegga i skuleferiane. Det kan gjerast avtale om unnatak frå denne regelen ved spesielle høve.

Enkeltarrangement skal så langt det er mogleg leggjast til laurdag eller sundag. Lag som allereie disponerer fast treningstid ved anlegget skal så langt det er tenleg nytta sine eigne tider til gjennomføring av arrangementet.

Klasserom kan leigast i vekedagane frå kl. 17.00 til 22.00.

Sjå eiga side for å leige av Fjell kulturhus.

Pris

Tilbodet er gratis i gymnastikksalar, idrettshallar og uteanlegg når føremålet for lag og organisasjonar i Fjell kommune. For symjehallane gjeld eigne satsar, med reduksjon eller fritak for grupper med særlege behov.

Det kan i begge tilfelle tilkoma eventuelle kostnader for sluttreinhald og/eller vaktmeistertenester.

Søk

Lag, organisasjonar og enkeltpersonar kan søkja om å leiga kommunale anlegg til enkeltarrangement på nettportalen AktivFjell. Her kan du også sjå ledige/opptatte tider.

Søknader må sendast inn i god tid, og seinast fire veker før arrangementet, åtte veker ved store arrangement.

Behandlinga av søknader skjer normalt innan tre veker.

Søk på AktivFjell

Fast leige til trening og øving

Lag og organisasjonar kan søkja om fast trening- og øvingstid i kommunale anlegg.

Det gjeld eigne politisk vedtekne retningslinjer for kven som kan få tildelt tid. Aktivitetar retta mot barn og unge skal prioriterast i fordelinga.

Kriterium/vilkår

Leigetakar pliktar å setja seg inn i innhaldet i utleigeperm som og finst i alle utleigelokala.

  • Trenar/leiar for gruppe må vera over 18 år.
  • I tillegg til trenar/leiar skal det alltlid vera ei tilsynsvakt tilstades ved anlegget.
  • Leigetakar er sjølv ansvarleg for vakthald, ev. i samarbeid med hovudansvarleg for vakthald i utleligelokalet.
  • Lag som ikkje brukar tildelt tid, misser denne automatisk etter ein månad.
  • Det same gjeld dersom ein gjentekne gonger stiller utan vakthald/tilsyn.
  • Det er berre personar som har treningstid som skal opphalda seg i utleigelokalet.

Leigetakar har og ansvar for:

  • Saman med tilsynsansvarleg, setja opp vaktlister og senda inn oppdaterte kontaktlister til Fjell kommune med kopi til leigestaden.
  • Halda orienteringsmøte med synfaring i utleigelokalet der ein vidareformidlar informasjon til einskildtrenarar og vakter, sjå utleigeperm.
  • Sjå til at alle som trener har brannøving.
  • Rapportera om eventuelle skade på bygg og inventar og eventuelle ureglementære hendingar.

 Leigetakar som leiger symjebassenga har ansvar for:

  • Livreddarkurs: Søkjarar til alle symjebassenga må dokumentera at trenar/leiar har livreddande kompetanse eller er villeg til å delta på kurs med årleg oppdatering, jf. forskrift om badeanlegg og bassengbad. Terapibassenget på Straume er til terapeutisk bruk, og har difor strenge krav når det gjeld utleige. Saman med søknaden må det liggja ei grundig spesifisering av brukargruppa det vert søkt for. Vi må ha ei skildring av aktiviteten til søkjargruppa, kven og kor mange som er med i gruppa. I tillegg vil vi vita kvifor dykkar gruppe har trong for varmtvassbasseng.

Pris

Tilbodet er gratis i gymnastikksalar, idrettshallar og uteanlegg når føremålet for lag og organisasjonar i Fjell kommune. For symjehallane gjeld eigne satsar, med reduksjon eller fritak for grupper med særlege behov.

Søk

Søknadsfrist for fast tildeling:

  • 1. mai for inneanlegg.
  • 1. desember for uteanlegg. 

Søknadene skal vera ferdigbehandla, og søkjar får tilbakemelding innan 15. juni for inneanlegg og 15. januar for uteanlegg.

Søknad om fast trenings- og øvingstid

Anlegg

Treningstid i gymsalar er frå kl. 16.00 til 22.00, idrettshallar frå kl.15.00 til 23.00, symjebasseng frå kl. 16.00 til 21.00 og uteanlegg frå kl. 08.00 til 23.00.

Følgjande anlegg er tilgjengelege for fast leige:

Symjebasseng

Publisert: 15.06.2016 09:12
Sist endret: 15.06.2016 09:31