Facebook ikon Twitter logo Print side

Språkkafé

Velkomen til Språkkafe på Fjell folkeboksamling (biblioteket). Ein sosial møteplass for innvandrarar som ønskjer å praktisera norsk munnleg. 
Vi serverar vaflar, kjeks, kaffi og te.

Språkkafé er kvar tysdag kl. 13.00 – 14.30.

Ordbilete for Språkkafé

Samarbeid

Språkkafé er eit tett samarbeid mellom Fjell frivilligsentral, Fjell folkeboksamling og avd. for flyktningar og tenesteutvikling. Biblioteket stillar lokale og gjer klart bord og stolar + tema i forkant, frivilligsentralen har kontakt med dei frivillige og deltakarane kjem fordi språkkafé er ein del av timeplanen når dei går på norskopplæring.

Bli frivillig

Vi søkjer etter frivillige til språkkafèen på biblioteket. Språkkafèen er eit tilbod kor folk kan komme for å øve på å snakke norsk. Tilbodet er veldig populært og vi ønskjer oss fleire dyktige frivillige.

Vi er på jakt etter frivillige som vil vera snakkepartnarar. Har du eller nokon du kjenner lyst til å vera med? Alle som snakkar norsk kan bidra!

Vi treng frivillige til å:

  • Praktisera norsk munnleg
  • Gjennomføra språkøvingar
  • Planleggja
  • Steike vaflar og laga kaffi

Meld deg som frivillig

Bilete frå Språkkafé

Nyttige lenkjer


Sist endret: 16.01.2019
Fjell folkeboksamling

Besøksadresse:

Sartorvegen 12
5353 Straume

Telefon: 55 09 69 10