Facebook ikon Twitter logo Print side

Tilskot til kultur, idrett og friluftsliv

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Innleiing

Fjell kommune administrerer ulike tilskotsordningar, som i hovudsak er retta mot frivillige og ideelle medlemsorganisasjonar i Fjell. Det er eit krav at organisasjonen er registrert i frivilligregisteret/einingsregisteret slik at søkjar har eit organisasjonsnummer å visa til.

Alle må søkja digitalt.

Krav til søkar

Kva skal søknaden innehalda?

1. Føremål

Fjell kommune gjev støtte til eksisterande og nye tiltak innanfor felta kultur, idrett og friluftsliv. Dei kommunale tilskotsordningane er eit verkemiddel for å auka innsatsen i det frivillige lagslivet, stimulera til eit mangfald i aktivitetstilboda og til å byggje opp under god folkehelse.

Spesielt prioritert er aktivitetar og tiltak for born og ungdom, innovative tiltak og tiltak som rettar seg mot grupper som ofte fell utanfor det organiserte lagslivet. Andre prioriteringar vil også kunna verta vektlagt utifrå det gjeldande kommunale handlingsprogrammet.

2. Kven kan få tilskot?

Ein viktig premiss for å kunna motta tilskot frå Fjell kommune, er at laget som søkjer er registrert i frivilligregisteret/einingsregisteret, og har eit organisasjonsnummer å visa til. Dette gjeld ikkje stipendordningane eller i dei tilfella der privatpersonar søkjer på kulturvernmidlar.

Kommunale tilskot til kultur-, idretts- og friluftsarbeid kan gjevast til frivillige lag og organisasjonar som har si verksemd i Fjell kommune, og til tiltak der det er naturleg med samarbeid utanfor kommunegrensene.

Kommersielle tiltak, organisasjonar som har til oppgåve å ta seg av yrkes- og/eller økonomiske interesser til medlemene og politiske lag og organisasjonar, fell utanfor dei kommunale tilskotsordningane.

3. Kva søknaden skal innehalda?

Søkjar må gje dei opplysningane som det blir bede om. For dei fleste ordningane må det leggjast ved revidert rekneskap for det siste året, budsjett for søknadsåret og årsmelding. Sjå elles nærmare under kvar enkelt ordning, for kva som er påkravd av informasjon og vedlegg.

4. Søknadsprosedyre

Alle må søkja digitalt, og alle pliktar å gjera seg kjent med krava som må oppfyllast for at søknaden skal bli godkjent. Klikk på ordninga du skal søkja på, for meir informasjon og lenkje til sjølve søknadsskjemaet. Relevante vedlegg må lastast opp undervegs, og desse bør vera ferdigstilte og lett tilgjengelege før ein startar arbeidet inne i søknadsskjemaet.

Fjell kommune godkjenner berre søknader på relevante søknadsskjema, med alle relevante vedlegg, sendt inn via vår heimeside før utgått frist. Det er ikkje mogleg å senda inn skjemaet etter utgått søknadsfrist, det vil seia klokka 24.00 den gjeldande datoen.

5. Misleghald

Tildelte midlar skal brukast i tråd med søknaden. For nokre av ordningane er det krav til rapportering. Ved feilinformasjon og misleghald av gjeldande retningsliner, eller misleghald på annan måte, kan høvet til å søkja tilskot falla bort i inntil tre år, og midlane bli kravd tilbakebetalt.

6. Klage på vedtak

Vedtaket kan klagast til kommunen. Klagefristen er tre veker rekna frå den dagen brevet kom fram til påført adressat. Klagen skal sendast skriftleg til den som har gjort vedtaket. Ein må grunngje kvifor ein klagar, oppgje vedtaket det vert klaga over og den eller dei endringar som er ønskt.

Spelemidlar

Skal du søkja spelemidlar må du bestilla førehandskonferanse  innan 15. august.

Søknad må sendast til Fjell kommune via portalen www.idrettsanlegg.no  innan 15. oktober.

Krav til spelemiddelsøknader

Fjell kommune ønskjer å fanga opp potensielle spelemiddelsøknader så tidleg som mogleg, slik at ein får ei god behandling av desse.

Alle som har tenkt å søkja må såleis bestilla ein førehandskonferanse innan 15. august det året ein søkjer. Endeleg søknadsfrist til Fjell kommune er 15. oktober.

Vidaresending av søknader til Hordaland fylkeskommune er 15. januar.

Alle som skal søkja må gå inn via www.idrettsanlegg.no for å leggja inn data, og lasta opp relevante vedlegg som kostnadsoverslag. Ideelt sett bør søkjar ha ein så ferdigstilt søknad som mogleg ved innsending. Ein kan velja mellom ny søknad (tiltak der ein ikkje tidlegare har søkt om midlar) eller fornya søknad (der ein har inne ein søknad som er godkjent, men enno ikkje er blitt tildelt midlar).

Dersom det gjeld ein ny søknad er det ikkje registrert såkalla anleggsstad. Før ein kan fylla ut søknadsskjemaet må Fjell kommune oppretta anleggsstad, slik at anlegget blir registrert i det nasjonale idrettsanleggsregisteret.

Det er mange krav som følgjer med ein spelemiddelsøknaden. Her er to av dei viktigaste:

Idrettsfunksjonell førehandsgodkjenning

  • Dette er det viktigaste punktet. Godkjenninga må ikkje forvekslast med den ordinære byggesaksbehandlinga, som søkjar må tenkja på parallelt.
  • Alle søknader må ha ei idrettsfunksjonell førehandsgodkjenning på plass før byggjearbeida vert starta, om ikkje har ein ikkje rett på spelemidlar.
  • I søknad om førehandsgodkjenning skal det følgja med situasjonsplan, kostnadsoverslag, behovsoppgåve, førebels plan for finansiering og drift av anlegget o.l.
  • Godkjenninga gjeld i to år frå godkjenningsdato, og ein må få ei ny godkjenning om ikkje arbeida er starta i løpet av den tida.

Anlegget må vera rullert inn i kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet

Komite for drift og forvaltning vedtek kvar vinter ei prioritert liste over innkomne spelemiddelsøknader i Fjell kommune. Handsaminga av spelemiddelsøknadene omfattar då samtidig ei rullering av planen for idrett og fysisk aktivitet, med mindre endringar i tiltaksplanen når dette er nødvendig.

Desse vedlegga skal følgja spelemiddelsøknaden:

  • Førehandsgodkjende planar med behovsoppgåve for anlegget
  • Detaljert kostnadsoverslag (ein må laste opp kostnadsoverslag)
  • Finansieringsplan, med utgreiing og dokumentasjon for dei einskilde postane
  • Plan for bruk, med budsjetterte utgifter og inntekter
  • Kopi av stadfesta grunnbokutskrift (heimel) for grunnen der anlegget skal byggjast. Ved avtale om feste/leige krevst det kopi av tinglyst feste-/leigeavtale på minst 20 år.
  • Dugnadsarbeid skal gå fram i eit eige oversyn, utført av kvalifisert fagperson, med utgangspunkt i det som etter kostnadsoverslaget skal utførast på dugnad.

For meir informasjon, jamfør føresegnene om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet

Prosjekt- og arrangementstilskot

Dette kan det søkjast på heile året. Søknader som ikkje passar inn under dei andre ordningane kjem her til sin rett! Søk om tilskot til enkeltståande arrangement og prosjektarbeid innan idrett, kunst, kultur og friluftsliv. I 2017 vert tiltak retta mot sykkel og Sykkel-VM prioritert.

Det må koma fram av søknaden at lokalbefolkninga i Fjell vil ha høve til å besøkja, eller på annan måte få gleda av produksjonen/ arrangementet. Større, kostnadskrevjande tiltak vil i regelen krevje utgreiing i form av politisk sak.

Søknadane vert behandla av komite for drift og forvaltning.

Sum til fordeling kr 300 000,-

Søk om prosjekt- og arrangementstilskot

Oppstarttilskot

Dette kan det søkjast på heile året. Søknad om oppstartilskot for etablering av nye lag i Fjell kommune skal fremjast seinast seks månader etter skipingsdatoen.

Reorganiserte lag/organisasjonar vert å sjå som nyskapa når verksemda vert teken opp att etter minst 5 år. Laget må ha minst 10 medlemer.

Kvar søkjar kan få inntil kr 5 000,- i støtte.

Søknadane vert handsama administrativt.

Sum til fordeling kr 20 000,-

Søk om oppstartstilskot

Driftstilskot - idrett

Søknadsperioden er: 1. januar – 15. mars. Søknadsfrist 15 mars. Søknader som kjem inn utanom perioden vert ikkje sakshandsama under desse ordningane.

Driftstilskotet vert gjeve til lag og organisasjonar som har hovuddelen av si verksemd i Fjell kommune.

Tildelinga skjer etter eigne retningsliner. Søknadene vert handsama administrativt i samarbeid med Fjell idrettsråd.

Total sum til fordeling er kr 280 000.

Søk om driftstilskot til lag og organisasjonar - idrett

Retningsliner for driftstilskot til idretten

Driftstilskotet vert gjeve til organisasjonar som har hovuddelen av si verksemd i Fjell kommune. Tildelinga skjer etter eigne retningsliner på grunnlag av medlemstal, tal på undergrupper, revidert rekneskap og årsrapport.

Kvar registrerte organisasjon kan kun motta eit driftstilskot, og til dømes ikkje til fleire undergrupper i organisasjonen. Søknadane vert handsama administrativt, med bakgrunn i særlege retningsliner/ fordelingsnøklar. Søknader frå idrettslag som er medlem av Fjell idrettsråd, skal også vurderast av dette rådet.

For lag og organisasjonar som ikkje går innunder offisielle medlemsregister, skal medlemstalet vera attestert av oppnemnt revisor. Dei administrative vedtaka skal leggjast fram for komite for drift til orientering.

Alle organisasjonar som er medlem i Fjell Idrettsråd (FIR) får eit grunnbeløp som er sett til kr 4 000,- i tillegg til ein sum per medlem. Summen av tilskotet vert utrekna ut i frå tal på medlemar som er innrapportert til Hordaland Idrettskrets (HIK).

Medlemar under 20 år vert vekta med 80 %, og medlemar over 20 år vert vekta med 20 %. Dei organisasjonane som ikkje er medlem i FIR får berre grunnbeløpet, og tal på medlemar vert ikkje vektlagt.

Som paraplyorganisasjon får Fjell Idrettsråd eit grunnbeløp som er sett til kr 40 000,-. Desse midlane vert tildelte frå den totale potten som er sett av til idrettslag. Total sum til fordeling er kr 280 000,-

Driftstilskot - song, musikk og andre

Søknadsperioden er: 1. januar – 15. mars. Søknadsfrist 15 mars. Søknader som kjem inn utanom perioden vert ikkje sakshandsama under desse ordningane.

Driftstilskot vert gjeve til lag og organisasjonar som har hovuddelen av si verksemd i Fjell kommune.

Tildelinga skjer etter eigne retningslinjer. Søknadene vert behandla administrativ i samarbeid med Sotra musikkråd.

Total sum til fordeling er kr 360 000.

Søk om driftstilskot til lag og organisasjonar - song, musikk og andre

Retningsliner for driftstilskot til song, musikk og andre

Driftstilskotet vert gjeve til organisasjonar som har hovuddelen av si verksemd i Fjell kommune. Tildelinga skjer etter eigne retningslinjer på grunnlag av medlemstal, tal på undergrupper, revidert rekneskap og årsrapport.

Kvar registrerte organisasjon kan kun motta eit driftstilskot, og til dømes ikkje til fleire undergrupper i organisasjonen. Søknadane vert behandla administrativt, med bakgrunn i særlege retningslinjer/ fordelingsnøklar. Søknader frå song- og musikklag som er medlem av Sotra Musikkråd, skal også vurderast av dette rådet.

For lag og organisasjonar som ikkje går innunder offisielle medlemsregister, skal medlemstalet vera attestert av oppnemnt revisor. Dei administrative vedtaka skal leggjast fram for komite for drift og forvaltning til orientering.

Total sum til fordeling er kr 360 000, jamfør fordelingsnøklane nedanfor.

Korps

  • Inntil 10 medlemar: grunnbeløp på kr 5 000,- pluss kr 50,- per medlem
  • Inntil 20 medlemar: grunnbeløp på kr 10 000,- pluss kr 50,- per medlem
  • Inntil 40 medlemar: grunnbeløp på kr 15 000,- pluss kr 50,- per medlem
  • Over 40 medlemar: grunnbeløp på kr 20 000,- pluss kr 50,- per medlem

Kor og musikklag

  • Inntil 10 medlemar: grunnbeløp på kr 2 000,-
  • Inntil 20 medlemar: grunnbeløp på kr 4 000,-
  • Inntil 40 medlemar: grunnbeløp på kr 6 000,-
  • Over 40 medlemar: grunnbeløp på kr 8 000,-

I tillegg til grunnbeløpet mottek kor og musikklag kr 50,- per medlem under 20 år, og kr 25,- per medlem over 20 år.

Barne- og ungdomslag

  • Dette er ein samlekategori for ulike lag og organisasjonar som i hovudsak driv arbeid og aktivitetar for barn og ungdom i kommunen. Desse laga får kr 4 000,- i tilskot til drift.

Forsamlingshus

  • Eigar/driftar av forsamlingshus får kr 2 500,- i tilskot til drift. Dette under føresetnad at det føreligg offentleg godkjenning for bruken av bygget.

Ymse

  • Dette er ein samlekategori for ulike lag med aktivitetar for vaksne, som ikkje passar inn under dei tidlegare nemnte kategoriane. Desse laga får kr 2 500,- i tilskot til drift.

Trivselsmidlar

Søknadsperioden er: 1. januar – 15. mars. Søknadsfrist 15 mars. Søknader som kjem inn utanom perioden vert ikkje sakshandsama under desse ordningane.

Trivselsmidlane skal støtta opp under og stimulera til aktivitet og samhandling i nærmiljøet. Døme på dette er fysisk aktivitet, nye tiltak, opplevingar og arrangement i regi av grendalag, speidargrupper, 4H-lag og liknande.

Midlane skal ikkje gå til ordinære driftsutgifter eller faste arrangement som til dømes juletrefest og jonsokfering. Tiltak som stimulerer til samhandling på tvers av generasjonane, og tiltak som har som mål å nå eit breiast mogleg lag av folk i nærmiljøet blir prioritert.

Tilskot kan gjevast med inntil halvparten av totalkostnaden, maksimalt kr 10 000,-

Søknadane vert behandla av komite for drift og forvaltning.

Sum til fordeling kr 50 000.

Søkjar må levere rapport etter at tilskotet er nytta.

Søk om trivselsmidlar

Nærmiljøanlegg

Søknadsperioden er: 1. januar – 15. mars. Søknadsfrist 15 mars. Søknader som kjem inn utanom perioden vert ikkje sakshandsama under desse ordningane.

Ordninga skal stimulera til fysisk utbetring og vedlikehald av nærmiljøanlegg som ballbingar, turløyper, gapahukar, leikeplassar og liknande uteanlegg/uteområde. Det vert også gjeve midlar til etablering av nye nærmiljøanlegg, men då ikkje til større, kostnadskrevjande nærmiljøanlegg.

Tilskot til nærmiljøanlegg føreset eigeninnsats, mellom anna i form av dugnad. Det skal vurderast om tiltaket også kan gje grunnlag for statlege tilskot.

Tiltaket må vera i samsvar med gjeldande kommunale planar. Når det gjeld leikeplassar må tiltaket vera i samsvar med Barne- og familiedepartementet sine føresegner om sikkerheit ved leikeplassutstyr. Nærmiljøanlegga kan få dekka inntil 1/3 av totalkostnadane, og nytt tilskot kan ikkje verta gjeve til same anlegg før etter tre år.

Søknadane vert behandla av komite for drift og forvaltning.

Sum til fordeling kr 122 000.

Søkjar må levera rapport etter at tilskotet er nytta.

Søk om tilskot til nærmiljøanlegg

Privateigde idrettsanlegg

Søknadsperioden er: 1. januar – 15. mars. Søknadsfrist 15 mars. Søknader som kjem inn utanom perioden vert ikkje sakshandsama under desse ordningane.

Ordninga er todelt og gjeld tilskot til vedlikehald og tilskot til miljøsparande tiltak. Ordninga gjeld for alle privateigde idrettsanlegg, men ikkje nærmiljøanlegg som ballbingar, turløyper og liknande.

Søknadane vert behandla av Fjell Idrettsråd, og skal leggast fram for komite for drift og forvaltning til orientering.

Sum til fordeling kr 115 000,-

Søk om tilskot til privateigde idrettsanlegg

Vedlikehald

Vedlikehald vert definert som naudsynt førefallande arbeid på anlegget, og gjeld ikkje for investeringar/påkostingar utover dette. Søkjar kan få dekt inntil halvparten av totalkostnaden for vedlikehaldet.

Tilskotet vert i hovudsak gjeve etterskotsvis, på grunnlag av innlevert rekneskap og dokumenterte kostnader frå eigarane, eller ved framvising av bestilling.

Miljøsparande tiltak

Ordninga gjeld miljøsparande tiltak i privateigde idrettsanlegg, slik som t.d. montering av varmepumpe, utbetring av avfallssystem, installering av sparedusj m.m. Tiltaka må ha som mål å spara miljøet, redusere driftskostnader og spare vedlikehald.

Søkjar kan få dekt inntil halvparten av totalkostnaden ved tiltaket.

Tildelte midlar vert utbetalt etter framvising av faktura eller kopi av bestilling.

Privateigde kulturbygg/forsamlingshus

Søknadsperioden er: 1. januar – 15. mars. Søknadsfrist 15 mars. Søknader som kjem inn utanom perioden vert ikkje sakshandsama under desse ordningane.

Ordninga er todelt og gjeld tilskot til vedlikehald og tilskot til miljøsparande tiltak i alle privateigde kulturbygg/forsamlingshus.

Søknadane vert behandla av komite for drift og forvaltning.

Sum til fordeling kr 115 000,-

Søk om tilskot til privateigde kulturbygg/forsamlingshus

Vedlikehald

Vedlikehald vert definert som naudsynt førefallande arbeid på anlegget, og gjeld ikkje for investeringar/påkostingar utover dette. Søkjar kan få dekt inntil halvparten av totalkostnaden for vedlikehaldet.

Tilskotet vert i hovudsak gjeve etterskotsvis, på grunnlag av innlevert rekneskap og dokumenterte kostnader frå eigarane, eller ved framvising av bestilling.

Miljøsparande tiltak

Ordninga gjeld miljøsparande tiltak i privateigde idrettsanlegg, slik som t.d. montering av varmepumpe, utbetring av avfallssystem, installering av sparedusj m.m. Tiltaka må ha som mål å spara miljøet, redusere driftskostnader og spare vedlikehald.

Søkjar kan få dekt inntil halvparten av totalkostnaden ved tiltaket.

Tildelte midlar vert utbetalt etter framvising av faktura eller kopi av bestilling.

Materiell, utstyr og kompetanseheving

Søknadsperioden er: 1. januar – 15. mars. Søknadsfrist 15 mars. Søknader som kjem inn utanom perioden vert ikkje sakshandsama under desse ordningane.

Ordninga skal byggje opp under aktivitet og utvikling i etablerte lag og organisasjonar. Ordninga er todelt og gjeld tilskot til innkjøp av materiell og utstyr og tilskot til kompetanseheving.

Søknadane handsamast av komite for drift og forvaltning.

Sum til fordeling kr 75 000,-

Søk om tilskot til innkjøp av materiell og utstyr

Tilskot til innkjøp av materiell og utstyr

Det kan gjevast tilskot til materiell og utstyr som er naudsynt for vidare drift og utvikling av laget. Ein må grunngje kvifor innkjøpet er naudsynt.

Tilskot til materiell og utstyr kan gjevast med inntil 1/3 av totalkostnaden, maksimalt kr 15 000,-.

Tildelte midlar vert utbetalt etter faktura eller eventuelt kopi av bestilling.

Humanitære organisasjonar

Søknadsperioden er: 1. januar – 15. mars. Søknadsfrist 15 mars. Søknader som kjem inn utanom perioden vert ikkje sakshandsama under desse ordningane.

Gjeld for nasjonale/regionale hjelpeorganisasjonar med det hovudføremål å drive opne, sosiale og førebyggjande tiltak/tilbod i regionen. Særleg skal tilskotsordninga freista å støtte tilbod som rettar seg mot særskilde målgrupper i kommunen. Ein må i søknaden synleggjere korleis tilbodet kjem regionen til gode.

Målgruppa skal ikkje vere medlemsbasert. Det bør leggjast vekt på om dette er tiltak/tenester som allereie er etablerte i kommunen.

Søknadane vert handsama av komite for drift og forvaltning.

Sum til fordeling kr 50 000,-

Søk om tilskot til humanitære organisasjonar

Kulturvernmidlar

Søknadsperioden er: 1. januar – 15. mars. Søknadsfrist 15 mars. Søknader som kjem inn utanom perioden vert ikkje sakshandsama under desse ordningane.

Ordninga skal fremja vernetanken i kommunen, ved å stimulera til å ta vare på og sikra det lokale kulturmiljøet både når det gjeld bygningar, andre kulturminne og kulturlandskapet som heilskap. Ordninga skal også stimulereatil kunnskap om historia og gjere den meir tilgjengeleg.

Midlane vert fordelte mellom organisasjonar, private og tilskot til kommunalt prioriterte tiltak innan kulturminnevern. Det er mogleg å søkja innan tre ulike grupper for kulturvern.

Søknadane vert behandla av komite for drift og forvaltning.

Sum til fordeling kr 100 000,-

Søk om kulturvernmidlar

Retningsliner kulturvernmidlar

Ordninga skal fremja vernetanken i kommunen, ved å stimulera til å ta vare på og sikra det lokale kulturmiljøet både når det gjeld bygningar, andre kulturminne og kulturlandskapet som heilskap.

Ordninga skal også stimulera til kunnskap om historia og gjere den meir tilgjengeleg. Midlane vert fordelte mellom private søknader og tilskot til kommunalt prioriterte tiltak innan kulturminnevern.

Det er mogleg å søkja innan tre ulike grupper for kulturvern

  • Istandsetjing av bygningar.
  • Istandsetjing av andre kulturminne, heilskaplege miljø, kulturlandskap, anlegg, vegar, område og objekt med særleg verdi.
  • Formidlingsarbeid innan kulturminnevern. Det kan til dømes vera informasjonstavler, utstillingar, dokumentasjonsarbeid og tradisjonsbaserte kurs.

Kriterium for tilskot

Generelt kan ein leggja grunnleggjande vernekriterium, slik som til dømes alder, representativitet og historisk kjeldeverdi til grunn for utval av søknader det vert gjeve tilskot til.

Det er korkje mogleg eller ønskjeleg å gje tilskot til å ta vare på alle bygningar og kulturminne.

Når det gjeld restaurering av bygg, er det eit vilkår at den som får tilskot fylgjer antikvariske retningsliner i arbeidet med istandsetjing, materialbruk og liknande. Det vert berre gjeve tilskot til innvendig restaurering ved heilt spesielle høve.

Når det gjeld formidling, vil prosjekt som er av allmenn interesse verte vektlagt, og ikkje for spesialiserte prosjekt som berre er tilgjengeleg for nokon få. Tiltaket må vere i samsvar med gjeldande kommunale planar.

Rapporteringskrav

Tiltaket må vere påbyrja innan eit år etter at tilskot er motteke. Ein må gje kortfatta, skriftleg rapport til kommunen innan tre månader etter at tilskotet er brukt.

Søknadane vert behandla av komite for drift. Sum til fordeling kr 100 000,-

Kommunale stipend

Søknadsfrist 15. oktober.

Idrettsstipend

Stipendet kan delast til idrettsutøvarar som representerar idretten i Fjell kommune på ein talentfull og positiv måte. Stipendet vert gjeve til personar busette i – eller med anna sterk tilknyting til – Fjell kommune. Personar kan verta vurdert dersom dei har slik tilknyting til Fjell og driv med ein idrett, eller er på eit nivå, som ein ikkje finn i organiserte former i vår kommune.

Føremål
Stipendet skal nyttast til vidareutvikling av idrettsengasjementet, som t.d. deltaking i meisterskap, treningsopphald og innkjøp av spesialutstyr.

Søknaden
Søknaden skal innehalde ei grunngjeving og ein plan for bruk av stipendet, med kostnadsoverslag. Søkjarar må opplyse om tilknyting til Fjell kommune, og om andre stipend dei eventuelt har motteke dei siste 4 åra.

Rapporteringskrav
Stipendet må vere påbyrja innan eitt år etter tildelinga. Personar som får stipend, må gje kortfatta, skriftleg rapport til kommunen, innan 3 månader etter at stipendet er brukt.

Tildeling
Komite for drift står for tildelinga, og kan kvart år dele ut eitt eller fleire idrettsstipend.
Sum til fordeling kr 20.000,-

Kulturstipend

Stipendet kan delast til personar eller grupper som utmerkar seg særleg innanfor kunstnarleg verksemd. Stipendet vert gjeve til personar/grupper som er busette i - eller med anna sterk tilknyting til - Fjell kommune.

Føremål
Stipendet kan nyttast til bestemte arbeidsoppgåver, prosjekt, studiereiser, etablering eller utdanning.

Søknaden
Søknaden skal innehalde ei grunngjeving og ein plan for bruk av stipendet, med kostnadsoverslag. Søkjarar må opplyse om tilknyting til Fjell kommune, og om andre stipend dei eventuelt har motteke dei siste 4 åra.

Rapporteringskrav
Stipendet må vere påbyrja innan eitt år etter tildelinga. Personar som får stipend, må gje kortfatta, skriftleg rapport til kommunen innan 3 månader etter at stipendet er brukt.

Tildeling
Komite for drift står for tildelinga, og kan kvart år dele ut eitt eller fleire kulturstipend.
Sum til fordeling kr 20.000.


Publisert: 25.04.2016 07:42
Sist endret: 16.05.2017 16:11
Rådhus

Besøksadresse:

Foldnesvegen 1
5354 Straume

Posadresse:

Postboks 184
5342 Straume

Telefon: 55 09 60 00