Facebook ikon Twitter logo Print side

Turløyper og friluftsliv

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Innleiing

Friluftsliv er definert som «opphald og fysisk aktivitet i friluft i fritida med sikte på miljøforandring og naturoppleving».
Fjell kommune byr på flotte moglegheiter for friluftsliv, anten du går til fots, syklar, fiskar, padlar, jaktar, sankar bær og sopp eller ynskjer å ta eit bad i sjøen eller i eit vatn.

Fjell kommune sitt ansvar er å ivareta allemannsretten, sikre attraktive friluftslivareal gjennom arealforvaltninga og ta ansvar saman med lokale organisasjonar for å stimulera til eit helsefremmande og miljøvenleg friluftsliv. For å oppnå dette er det viktig å ha gode planar som politiske styringsreiskap for utvikling innanfor idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv.

Allemannsretten

Allemannsretten gir deg rett til å ferdast og opphalde deg i norsk natur. Den gjeld når du er i skogen, på fjellet, i vatn og sjø og elva– uavhengig av kven som er grunneigar. Du kan også hauste av naturen: plukke bær, sopp og blomar, eller fiske saltvannsfisk.

Allemannsretten gir ein rett til ferdsel, men også plikt til at ferdsel og opphald skal gå føre seg utan nemneverdig ulempe for andre.

Les meir om allemannsretten

Bålbrenning

Om våren og sommaren blir det gjerne tørt. Då aukar faren for skog- og lyngbrann. I Norge er det difor eit generelt bålforbud frå 15. april til 15. september. I denne perioden er det forbode å tenna opp bål og grill (også eingangsgrill) i eller i nærleiken av skog.

I perioden med generelt bålforbud er det lov til å grille på stranda i god avstand frå skog og vegetasjon. Det er også lov til å grille på tilrettelagte grill- og bålplasser som er godkjent av kommunen.

Du kan grille i din eigen hage, sjølv om det er generelt bålforbod.

Vi frarår likevel all brenning av bråte på eigen eigedom og oppfordrar til at hageavfall leverast på deponi. Noko som er gratis.

Tips til bålbrenning:

  • Ta omsyn til skogbrannfare og vindtilhøve.
  • Det er alltid den som brenn bål som har ansvaret for branntryggleiken.
  • Det bør vera ein vaksen, edru person som er ansvarleg for bålet.
  • Bålet må vera i god avstand frå b og vegetasjon.
  • Det er ikkje lov å brenne bål på svaberg.
  • Bålet må ikke vera større enn at du har kontroll på det og kan sløkke ved behov.
  • Ha eigna sløkkemiddel lett tilgjengelig.
  • Det er forbode å brenna plast, bygningsmateriale og anna søppel.
  • Når du forlet bålplassen skal bålet vera heilt sløkt.

skogbrannindeksen til yr.no kan du sjå om det er fare for skogbrann der du bur.

Kulturminnetur

Munkerøysa på Bjorøyna

Ta turen gjennom eit område med buplassar frå steinalder, og gravrøyser frå jern-og bronsealderen. Parker på vegskulder ved Nilsvika, ved fyrste avkøyrsle etter tunnellen, og gå i retning austover bilvegen. Pass opp for biltrafikken!

Meir informasjon om denne turen finn du her

Kjereide i Fjell

Kjereidvågen er ein kastevåg med rike tradisjonar. Stadnamnet fortel at det vart fiska med kjer. Eit slikt var bygt av smale stokkar i ein trekant, og var innretta slik at fisken kom seg inn, men ikkje ut. Kjereidvågen har særleg vore brukt til makrellfiske gjennom åra, men også til sild og brisling. Skriftlege kjelder fortel at det vart eksportert fisk frå området alt på 1600-talet. 

Meir informasjon om denne turen finn du her

Gjerdet kulturminnegard og russarstegen til Fjell festning

Gjerdet kulturminnegard er eit restaurert gardsbruk, som skal fungera som eit ressurssenter for mat og handverkstradisjonar gjennom merkevara "Dei på Gjerde". Våningshuset og løa som står på tunet er frå 1914, men det har vore gardsbruk her lenge før det. I fjellsida bakom gardstunet går det ein ferdselsveg som vart bygd av krigsfangar under 2. verdskrig, i samband med tyskarane si etablering av eit av dei største forsvarsverka i Nord-Europa på toppen av Fjedlafjellet.

Meir informasjon om denne turen finn du her 

Den gamle kyrkjevegen

Turvegen går nær fleire vatn i eit vakkert naturområde med lyng og fjellknausar. Mellom Fjell og Morland er det skogkledd mark og fint kulturlandskap med flotte steingardar. Vegen, som i dag er ein populær tursti, har fleire hundre års historie der folk i tidlegare tider har slitt i tresko og tunge kiper.

Meir informasjon om denne turen finn du her

Kolltveitmarka

Turen går frå Kolltveit kai og i retning sørvest. Sør for Kolltveitvegen passerer ein eit strekk der rørgata ligg i dagen, og går inn i det første oppdemma vatnet; Kolltveitstemma. Her ser ein at den gamle, tørrmurte stemmegarden ligg ytst i konstruksjonen, og at det er oppført eit nytt betongfundament på innsida for å auka kapasiteten.

Vidare på turen vil du få høve til å sjå på fleire stemmer, berre du tek små avstikkarar frå løypa rundt Storavatnet, jamfør kartet.

Meir informasjon om denne turen finn du her

Skåleviksdammen

Turen tek til på anleggsveg nede i Skålvika og vidare langs rørgata fram til demninga ved Ytste Skålevikvatnet. Her tek du til venstre, følgjer først langs vestida av vatnet, før du tek til høgre og går langs nordsida av vatnet fram til demningen ved Inste Skålevikvatnet.

Meir informasjon om denne turen finn du her

Høybøen på Vindeneskvarven

Turen til Høybøen går gjennom bustadområdet vest for bedehuset, og nordover i eit lett kupert landskap. Sko deg godt, for det er våte parti du skal gå over.

Meir informasjon om denne turen finn du her

Morland på Nordsjøløypa

Stien, som er ein del av Nordsjøløypa, startar ved Fjæreidevegen. Følg ein tydeleg sti frå bilvegen og langs bekken som fører til Stemmevatnet. Ved enden av vatnet i sør tek du Nordsjøløypa vidare austover i terrenget.

Turen har eit par våte parti, men elles er det ein fin tur å gå. Eit parti er noko bratt, utan at det er problematisk for ein som er vandt til å ferdast i terrenget. Når du kjem til eit stikryss nær toppen, går du vidare til Morland. Ved toppen får du eit flott utsyn i alle himmelretningar, og spesielt ein flott utsikt over friluftsområdet Midtmarka.

Meir informasjon om denne turen finn du her

Spjeldsfjellet ved Ågotnes

Spjeldsfjellet, 165 m.o.h. Her var det før ein varde som vart kalla Hjeltavarden av folk på Ågotnes. Denne var tidlegare ein del av det gamle, militære varslingssystemet langs kysten.

Frå Spjeldsfjellet har du god utsikt mot Hjeltefjorden og Coast Center Base i Tranevågen på Ågotnes.

Meir informasjon om denne turen finn du her

Idlefjellet (Hillefjell på Algrøyna

Ein nydeleg tur i klassisk kystkulturlandskap ytterst i havgapet. Her har du utsikt nesten til England!

Turen startar langs grusveg mot Vågsvannet. Du passerer ei hytte. Deretter går ein over på sti på venstre sida av vatnet (sjå etter raude merke). Det er laga fine bruer og kloppar over dei våtaste partia.

Stien følgjer terrenget, opp og ned mellom knattar og knausar, ut mot Idlefjellet. Det står ein stake på toppen som er synleg store delar av turen.

Meir informasjon om denne turen finn du her

Kobbavågen til storhaugen på øya Geitanger

Kobbavågen er ein gamal handelstad, lokalisert til den idylliske øya Geitanger i Fjell kommune. I dag blir staden nytta av båtfolk på sommaren. Staden tilbyr servering og har god båthamn med straum og vatn. Det er også mogleg å slå opp telt i området.

Fra Kobbavågen går du nordover på øya sin einaste veg, som også er bilfri. Først kjem du til Hanavågen der rutebåtkaia ligg. Det er daglege båtruter til Knappskog på Sotra. Ei tidleg båtrute på morgenen, og ei om ettermiddagen.

Meir informasjon om denne turen finn du her

Rundtur

Kongvika på Algrøyna

Denne turen er ei rundløype på Smalanese, nordvest på Algrøyna.

Turen startar nord i Vikja og går vestover Smalanese mot den karakteristiske Maggesteinen, som er spektakulær å sjå på når bølgjene står på. Rund så Smalanese og gå austover mot Kongvika.

Meir informasjon om denne turen finn du her

Signalen

Turen startar frå Kiwi på Møvik (har du bil bør du parkera lengst vekk frå inngangen). Følg Signalvegen til endes og held fram oppover ein grusveg. Du kjem opp til Signalvatnet og ei lita demning på høgre handa. På kartet ser denne ut som å liggja ved ein liten dam sør for Signalvatnet, men det er eit vatn (avhengig av vasstanden i Signalvatnet).

Meir informasjon om denne turen finn du her

Sauafjellet

Toppen kan nås via fleire ruter, frå Sekkingstad/Eide, Kårtveit eller Fjæreide. Denne skildringa tar for seg rundtur frå NAF øvingsbane på Eide via Fjæreide og tilbake.

Følg sti mot aust. Denne stien endar opp på Nordsjøløypa mellom Fjæreide og Apalvågen, men sti til Sauafjellet tar av mot nord før du kjem så langt. Etter å ha passert eit lite vatn på venstre side av stien, sjå etter avstikkar mot nord! Stien mot nord kan vera litt vanskeleg å sjå, men er markert med ein liten varde.

Meir informasjon om denne turen finn du her

Øya Geitanger

Frå Kobbavågen går du nordover på øya sin einaste veg, som også er bilfri. Der kor asfaltvegen startar, rett etter ein port, svingar du til høgre og følgjer gjerdet og stien innover i terrenget. Når stien deler seg held du til venstre.

Det er tydeleg sti eit stykke, men når du ser sjøen igjen må du gå ut av stien og koma deg til eit tydeleg skar i fjellet. I enden av skaret er det ein del vegetasjon som du må forsere.

Meir informasjon om denne turen finn du her

Universelle turløyper

  • Kyrkjevegen - Foldnes til Hjelteryggen
  • Straume idrettspark
  • Rundløype Fjell festning
  • Apalvågen - Fjæreidevatnet

Toppar

  • Liatårnet
  • Fjell festning
  • Saufjellet
  • Storavatnet rundt
  • Spjeldsfjellet
  • Hillefjellet
  • Turøyvarden
  • Haganesfjellet
  • Bildefjellet
  • Høgafjellet

Andre turløyper

Haganes - Indrafjellet
Haganes - Bjørkedalen - RV555

Fotogalleri

Skjergarden kring Sotra er eit eldorado for kajakkpadling.Kyrkjevegen mellom Foldnes og HjelteryggenKlatrevegg på LangøynaAlgrøynaHøybøenSkjenet - KnappskogSkjenet - KnappskogDykkingKallestadMaggesteinenTurøyvardenFjell festningIdrettsparken på StraumeMaggevarden mot SpjeldsfjelletLiatårnetAngeltveit - LandroKajakkpadling i skjergardenUtsikt mot Liatårnet

Nyttige lenker

Heimesida til Fjell Turlag
Heimesida til Sotra/Øygarden turlag
Facebook-sida til Fjell Turlag 
Bergen og Omland Friluftsråd
Bergen Guide Service (historikk)
Fjell Kulturminnelag (kulturminne + historie)
Kolltveit BKS - speidergruppe (GPS)
Klatrefelt ved Bergen
Nordsjøløypa
Ut.no


Publisert: 09.05.2016 11:50
Sist endret: 09.05.2016 12:00