Facebook ikon Twitter logo Print side

Kommunen som arbeidsgjevar

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Løn og pensjon

Tilsette i Fjell kommune er omfatta av hovudtariffavtalen (HTA). HTA og tingingsutvalet viser lønnsplassering.

Fjell kommune sine tilsette er medlemmer av tre pensjonskasser. Desse er Fjell kommunale pensjonskasse, Statens pensjonskasse (lærarar) og Kommunal landspensjonskasse (sjukepleiarar).

Fjell kommune har personforsikringar i Protector Forsikring ASA.

Strategisk kompetanseutvikling

Fjell kommune har utarbeidd Strategisk kompetanseutviklingsplan 2015-2020.

For den enkelte medarbeidar gjev det høve til:

  • Refleksjon over eigen kompetanse
  • Synleggjering av eigne utviklingsbehov
  • Grunnlag for personleg utviklingsplan
  • Synleggjering av total kompetanse og grunnlag for gode medarbeidarsamtalar og forpliktande oppfølging.

Fleksitid

Som tilsett i Fjell kommune har du høve til å tiltre fleksitidsordning der forholda kan leggjast til rette for dette. Med fleksibel arbeidstid kan du sjølv styra arbeidstida innanfor gitte rammer.

Inkluderande Arbeidsliv (IA)

Fjell kommune er ein IA-verksemd. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for personar med redusert funksjonsevne.

Hovudmålet for IA-avtalen er å førebyggja og redusera sjukefråværet, styrkja jobbnærværet og betra arbeidsmiljøpet og å hindra utstøyting og fråfall frå arbeidslivet.

I det ligg det at vi i vår personalbehandling skal ha som overordna målsetting å unngå utstøyting frå arbeidslivet grunna helse og alder, både på kort og lang sikt.

IA-arbeidet vårt er ein del av det systematiske Helse- miljø- og tryggleiksarbeidet (HMT) i kommunen.

Bedriftshelseteneste

Fjell kommune har avtale med AktiMed Norge AS om bedriftshelseteneste frå 01.02.2012.

AktiMed sine tenester sikrar alle tilsette i kommunen ei tilgjengeleg, serviceorientert, nær og aktiv bedriftshelseteneste som medverkar til friskare, tryggare og meir motiverte medarbeidarar.

Terapibassenget

Kommunalt tilsette som sjølv meiner å ha helsegevinst av å nytta terapibassenget, kan bruka bassenget onsdagar mellom kl. 15.00 og 16.00.

Fysioterapi for tilsette

Vi har eit kommunalt behandlingstilbod for tilsette med muskel og skjelettplagar.

Verdiar og etikk

Under verdiane til kommunen har vi samla punkta engasjement, tillit, styring og service:

  • Engasjement
    Fjell kommune skal vera ein engasjerande og motiverande organisasjon å arbeida i, både for politikarar og tilsette.
  • Tillit
    Fjell kommune skal vera ein organisasjon som er basert på tillit både internt og i høve innbyggjarar, brukarar og andre.
  • Styring
    Fjell kommune skal vera ein rasjonell og effektiv organisasjon, med klare ansvarstilhøve, tydeleg oppgåvedeling og korte kommandoliner.
  • Service
    Fjell kommune skal vera ein organisasjon som har ord på seg for å yta god service.

Fjell kommune har også ei eiga Etikkplakat som henger framme på kvar tenestestad. Denne er basert på dei etiske retningslinjene som vart vedteke i kommunestyret i Fjell 19.02.15.

Etikkplakaten

Organisasjonskart

Organisasjonskart for Fjell kommune


Publisert: 23.05.2016 08:33
Sist endret: 23.05.2016 08:46