Facebook ikon Twitter logo Print side

Lærling i Fjell kommune

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Om læreplass i kommunen

Ønskjer du å ta fagbrev eller kompetansebevis, kan du kva tid som helst senda søknad eller kontakta oss for meir informasjon.

Som lærling i Fjell kommune inngår du lærekontrakt og tar delar av utdanninga i ein eller fleire av arbeidsstadene i kommunen. Lærlingar har rettar og pliktar som andre tilsette. Læretida vert avslutta med ein fagprøve.

I Fjell kommune har vi trygge og gode arbeidsstader for 80 lærlingar. Dei får variert og god opplæring, dyktige rettleiarar og nettverksmøter.

Vi har mange barnehagar og skular, institusjonar innan helse og omsorg, servicetorg,
IKT-avdeling, storkjøkken og eigedomsavdeling.

Vi kan tilby jobb innan desse områda

Barne- og ungdomsarbeidar

Som barne- og ungdomsarbeidar skal du vere med å bidra til tilrettelegging og gjennomføring av pedagogisk tilbod for barn og unge i alderen 0-18 år. Du skal vere med å fremme fellesskapet og samhaldet i eit miljø prega av leik, utforsking og læring.

Opplæringa skal leggje til rette for å kunne tilpasse det pedagogiske tilbodet til ulike aldersgruppar, funksjonsnivå og livssituasjonar. Du skal vise til god kommunikasjon og samhandling i lag med barn, unge og føresette.

Læretid

Læretida kan variere i tid. Den er fordelt på barnehage, SFO, skule og ungdomsskule.

Kor kan du få arbeid?

Barnehage, skule, SFO, ungdomsskule og ungdomsklubb.

Kontakt oss

Har du lyst til å bli lærling i Fjell kommune? Ta gjerne kontakt for nærare opplysningar.

Fagleg leiar Nina Høiem
Epost: nina.hoiem@fjell.kommune.no Tlf.: 55 09 72 35

Helsefagarbeidar

Som helsefagarbeidar utførar du omsorg, grunnleggjande sjukepleie og miljøarbeid for pasientar og brukarar av helse- og sosialtenesta. Du skal møte pasientar, brukarar og pårørande på ein profesjonell måte, og bidra til å fremme trivsel, fysisk og psykisk helse og ivareta brukarmedverking og pasientrettigheiter.

Opplæringa i lærefaget skal utvikle evna til å møte menneske med ulik kulturell bakgrunn i ulike livssituasjonar og med ulik evne og mogeleg for kommunikasjon.

Læretid

Læretida kan variere i tid. Læretida kan vere på institusjon, praksis i heimetenesta, arbeid med psykisk utviklingshemma og praksis på sjukehus.

Kor kan du få arbeid?

Heimetenesta, omsorgsbustader for psykisk utviklingshemma, sjukeheim, dementavdeling, innan rusomsorg, trenings- og aktivitetssenter, dagsenter, verna bedrift og sjukehus.

Kontakt oss

Har du lyst til å bli lærling i Fjell kommune? Ta gjerne kontakt for nærare opplysningar.

Fagleg leiar Bente Våge
Epost: bente.vage@fjell.kommune.no Tlf.: 55 09 68 25

IKT-faget

IKT-lære i Fjell kommune byr på utvikling frå første dag. IKT-avdelinga tel knapt 10 personar, lærlingane er derfor heilt sentrale i drifta og har blitt varemerket vårt for god service. Du får raskt prøvd deg i helpdeskaktivitet som blir basen din for læring av mange slag. Som kommune har vi eit komplekst IT-driftsmiljø – Er du interessert, kan du i løpet av læretida læra svært mykje om IKT-drift og service!

Læretid

To års læretid på IKT-avdelinga på rådhuset i Fjell kommune.

Kor kan du få arbeid?

Privat eller offentleg bedrift.

Kontakt oss

Har du lyst til å bli lærling i Fjell kommune? Ta gjerne kontakt for nærare opplysningar.

Fagleg leiar Hans-Christian Nordhuus 
Epost: hans.christian.nordhuus@fjell.kommune.no Tlf.: 55 09 70 81

Presentasjonskort for IKT-faget

Les meir om faga her: www.vilbli.no

Institusjonskokk

Ein institusjonskokk er ein kokk som arbeidar på store institusjonar kor det er lagt opp til effektiv og hygienisk produksjon av store mengder mat. Slike institusjonar kan vere sjukehus, forsvaret, eldresentre, fengsel o.l. Institusjonskokken skal kunne laga mat som giv positive opplevingar, til friske og sjuke.

I helse- og omsorgssektoren er institusjons-kokken ein viktig ressurs for å gje gode og næringsrike måltider. Institusjonskokken er med på å skape trivsel og hygge for sine kunder i en kvardag der maten ofte er det største høydepunktet i kvardagen. Den største utfordringen en institusjonskokk har er å lage ernæringsriktig og velsmakende mat til mange mennesker på en gang.

Læretid

To år på Fjell sjukeheim, kjøkkenet.

Kor kan du få arbeid?

Privat eller offentleg bedrift.

Kontakt oss

Har du lyst til å bli lærling i Fjell kommune? Ta gjerne kontakt for nærare opplysningar.

Fagleg leiar Bente Våge 
Epost: bente.vage@fjell.kommune.no Tlf.: 55 09 68 25

Kontor- og administrasjonsarbeidar

Lærlingane i dette faget held til i Fjell rådhus under Servicetorgssjefen. Oppgåvene er varierte, og ein er innom fleire avdelingar som; personal, økonomi og plan- og utbygging.

I servicetorget arbeidar lærlingane med postføring/journalføring, telefonsentral, kundekontakt, sortering av post m.v. Lærlingane får innblikk i personaloppgåver, økonomi, barnehagemynde, informasjon, politikk- og næringssenter.

Læretid

To års læretid på rådhuset i Fjell kommune.

Kor kan du få arbeid?

Kommunal, offentleg eller privat bedrift.

Kontakt oss

Har du lyst til å bli lærling i Fjell kommune? Ta gjerne kontakt for nærare opplysningar.

Fagleg leiar Kristine Melsbø 
Epost: kristine.melsbo@fjell.kommune.no Tlf.: 55 09 70 37

Byggdriftarfaget

Opplæringa i byggdrifterfaget skal bidra til å dekke behova for å oppnå trygge bygg for næring, oppvekst, omsorg og bustader som ivaretar folkehelsa.

Hovudområdet handlar om drift, kontroll og ettersyn av bygningar, VVS-installasjoner, elkraftinstallasjoner, tele- og automatiserings-installasjoner og anna innandørs og utandørs installasjoner.

Vidare handlar det om løpande og førebyggjande vedlikahald og enkle reparasjonar som ikkje krever anna spesiell fagkompetanse. Andre oppgåver er energiovervåking, energiøkonomisering, avfallshandtering, førebyggjande tiltak, dokumentasjon og dataverktøy.

Læretid

Læretida er tre års opplæring i bedrift, kor eit år er verdiskaping.

Kor kan du få arbeid?

Privat eller offentleg bedrift.

Kontakt oss

Har du lyst til å bli lærling i Fjell kommune? Ta gjerne kontakt for nærare opplysningar.

Fagleg leiar Harald Polden 
Epost: harald.polden@fjell.kommune.no Tlf.: 959 10 602

Om søknadsprosessen

Du kan søkja læreplass i Fjell kommune via våre heimesider eller via MinID på www.vigo.no.

Fleire vegar til fagbrev | Bli lærling! Ta fag- eller sveinebrev

Søknadsfrist

Fjell kommune tek inn lærling kontinuerlig, men søkjer vanlegvis etter lærlingar i januar/februar. Det vert annonsert på heimesida til kommunen, FINN.no, Bergens Tidende og Vestnytt.

Her finn du oversikt over ledige stillingar i Fjell kommune

Saksbehandlingstid

Dersom du er aktuell som søkjar, kallar vi deg inn til intervju. Søknaden vert behandla fortløpande. Ved eit eventuelt intervju tar du med vitnemål og attestar.

Nyttige lenker


Publisert: 25.01.2018 11:20
Sist endret: 25.01.2018 10:10