Facebook ikon Twitter logo Print side

Møt tilsette

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Avdelingsingeniør Bente Garmann

Avdelingsingeniør Bente GarmannUtdanna som landmålar/ arealplanleggjar på Høgskolen i Bergen. Jobbar som avdelingsingeniør på kart og oppmåling hjå Plan- og utbyggingssjefen.

Fortel om jobben din!

- Eg skal halda oppmålingsforretningar etter matrikkellova. Saman med grunneigarane får eg målt inn eigedomsgrensene slik at vi alltid har eit oppdatert kart. Ved frådeling av eigedomar, ferdigstiller eg vedtak som er gjort på byggjesaksavdelinga.

Korleis er ein typisk arbeidsdag for deg?

- Arbeidsdagane mine er varierte. På ein utedag må er førebu oppmålingsforretninga, sjekka utstyr, måledata og dokument. Når eg kjem til grunneigaren, går eg opp gamle og nye grenser, rekonstruerer gamle skulddelingsdokument og fører protokoll. Eg borer ned grenseboltar og måler inn grensemerke. Etter utearbeidet er det naturleg nok ein del papirarbeid før saka er klar til matrikkelføring. Elles hjelper eg nnbyggjarane med ulike spørsmål om grenser og anna knytt til frådeling, arv, skifte og kjøp- og sal av eigedomar.

Kva likar du best med jobben din?

- Eg er nokså fri til å planlegga arbeidsdagane mine sjølv. Eg har fleksitid og kan regulera arbeidstida ein del. Arbeidskollegane mine er kjekke, vi har ein lett tone imellom oss og samarbeider fint. Eg set stor pris på utearbeid med frisk luft og fysisk arbeid. Jobben min er alltid spennande med nye utfordringar kvar dag. Både eigedomane og menneska, som vi er i kontakt med, er forskjellige. Vi veit ikkje kva dagen ber med seg.

Kva er dei største utfordringane på jobben?

- Det er å halda tidsfristane dersom det vert endring i planane.

Kontaktlærar Jorid Oddveig Saure

Kontaktlærar Jorid Oddveig SaureUtdanna lærar ved Universitetet i Bergen. Har jobba som kontaktlærar ved Fjell ungdomsskule sidan 2007.

Fortel om jobben din!

- Som lærar ved Fjell ungdomsskule er ingen av dagane like. Læraryrket gjer at ein får bruk for heile spekteret av faglege, sosiale og pedagogiske evner.

Korleis er ein typisk arbeidsdag for deg?

- Arbeidsdagen min byrjar som regel med administrativt arbeid, slik som å svare på epostar frå foreldre, føring av fråvær, samt gjere eventuelle telefonar heim. Deretter gjer eg klar undervisingsopplegga for dagen. Når det ringjer inn til fyrste time, er dagen for alvor i gong, og då går det i eitt med undervising og elevsamtalar til siste time ringjer ut. I løpet av dagen skjer det ofte uventa hendingar som krev oppfølging av ulik sort. Møte med kollegaer, avdelingsleiar og telefonarbeid blir difor gjort i friminutta mellom undervisingsøktene.

- Etter ungane er i seng, vert arbeidet teke fram att, og då er det retting av tekstar og prøver, samt førebuing av undervising som står i fokus.

Kva likar du best med jobben din?

- Møtet med ungdomane er utan tvil det beste med jobben min. Som kontaktlærar følgjer ein dei same elevane gjennom tre år, og det er særs givande å vere vitne til modninga og utviklinga som skjer i løpet av desse åra. Samstundes er eg veldig heldig som får arbeide med fag og emne som eg sjølv tykkjer er spanande. Variasjonen og utfordringane i arbeidet, moglegheita til å vere kreativ, og ikkje minst møtet med elevane, gjer at eg opplever jobben min som kjekk og meiningsfull.

Kva er dei største utfordringane på jobben?

- Som lærar opplever eg at mi største utfordring er å få nok tid til elevane. Eg skulle gjerne sett at vi hadde mindre papirarbeid og betre tid til ei tettare oppfølging av den einskilde elev. Høgare lærartettleik er draumen me ber på.

Kundevert Torill Martinson

Kundevert Torill MartinsonKundevert i servicetorget under leiing av Servicetorgsjefen.

Fortel om jobben din!

- Vi som jobbar i kundetorget er førstelinje for alle avdelingane i kommunen. Dette gjeld ikkje minst for arealplan og byggesaksavdelinga. Vi yter service i alle ledd, både internt og eksternt.

Korleis er ein typisk arbeidsdag for deg?

- Min dag består av å hjelpa innbyggjarane med smått og stort. Eg skal hjelpa til med alt frå utfylling av diverse skjema, laga situasjonskart og nabolister til byggjesøknader. Internt hjelper vi til med det meste .

Kva likar du best med jobben din?

- Arbeidsdagane er svært varierande og «uforutsigbare». Eg veit aldri kva spørsmål og utfordringar eg vil få. Eg har lært svært mykje om kommunen etter at eg begynte her. Eg likar godt å ha direkte kontakt med kundane, og vi gjer det vi kan for å løysa små og store utfordringar. Eg set pris på fagleg dyktige kollegaer som eg alltid kan innhenta informasjon frå og som hjelper til på alle måtar.

Kva er den største utfordringa på jobben?

- Ein av utfordringane er å raskt nok nå ut til kundane med all den informasjonen vi sit inne med. Vi skal dekkja eit stort felt med mykje forskjellig informasjon og er avhengig av å verta jamleg oppdatert.


Publisert: 22.04.2016 11:51
Sist endret: 22.04.2016 11:53