Facebook ikon Twitter logo Print side

Arealplanleggjar

Fjell rådhus v/plan- og eigedomssjefen søkjer to nye medarbeidarar i 100 % fast stilling.

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Om arbeidsplassen

Fjell rådhusFjell er ein kommune i sterk utvikling og det er no framtida vert skapt. Det nye bymiljøet veks fram, med kystkulturen som ein naturleg del. Dette gjer kommunen til ein attraktiv arbeidsplass og ein spennande arena for næringslivet. Vi treng fleire engasjerte medarbeidarar som er opptekne av forbetring, fellesskap og fagkompetanse.

Plan- og eigedomssjefen har store og spanande oppgåver og løysa for dei omlag 25 000 innbyggjarane i kommunen. Avdelinga har ansvar for mellom anna areal- og samfunnsplanlegging, byggesaker, oppmåling, miljø og karttenester.

Hovudoppgåver

  • Oppfølging og sakshandsaming av private reguleringsplanar, samarbeid og dialog med arkitektar, planleggjarar og grunneigarar
  • Utarbeiding og oppfølging av offentlege arealplanar
  • Rettleiing i plansaker og planprosessar i tilknyting til arealspørsmål
  • Prosjektleiing og tverrfagleg samarbeid

Kvalifikasjonar

Må ha

  • Bachelorutdanning innan relevant fagområde
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
  • Utdanning innan planlegging, landskapsarkitektur, byutvikling, trafikkplanlegging, GIS og liknande.
  • Lang erfaring frå offentleg og/eller privat verksemd med tilsvarande oppgåver.

Personlege eigenskapar

  • Ha gode samarbeidsevner
  • Vera strukturert og sjølvstendig og raskt setja deg inn i nye oppgåver
  • Ha god skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Vera serviceorientert og god på samhandling

Løns- og arbeidsvilkår

Løn etter avtale.

Vi tilbyr

  • IA bedrift
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling
  • Fleksibel arbeidstid
  • Treningsavtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Bedriftshelseteneste

Generell informasjon

Fjell kommune ønskjer at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar derfor kvalifiserte søkjarar med innvandrarbakgrunn til å søkja stillinga. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggje til rette for personar med redusert funksjonsevne.

Arbeidsstad

Arbeidsstad: Plan- og eigedomssjefen
Adresse: Foldnesvegen 1, Fjell rådhus
Postnummer: 5354
Poststad: Straume
E-post: postmottak@fjell.kommune.no
Telefon: 55 09 60 00 

Om tilsetjingsvilkår og søknad

Administrasjonsmålet er nynorsk. Vanlege kommunale tilsetjingsvilkår etter lov, reglement og tariffavtale. Søknad og CV må sendast elektronisk via søknadsskjema.

Pålogging og førhandsutfylling

Det er mogeleg å ta i bruk det elektroniske skjema utan pålogging. Vi tilrår likevel at søkjarar loggar på før utfylling. Da vert opplysningane lagra for eventuelle seinare søknadar.

Elektronisk søknad finn du nede på denne sida.

Kandidatar som vert kalla inn til intervju må ta med godkjende vitnemål og attestar.

Søknadsfrist

11.02.2019

Kontakt

Plan-og eigedomssjef Bjørn Erik Kristiansen tlf. 41631041
Avdelingsleiar Plan Lena Svalastog Garnes tlf. 55097389

Søknadsskjema

Elektronisk søknadsskjema


Sist endret: 02.01.2019