Facebook ikon Twitter logo Print side

Assistent

Kvednatunet søkjer nye medarbeidarar i 20% og 25 % fast stilling.

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Om arbeidsplassen

Fjell, Sund og Øygarden har vedteke å slå seg saman frå januar 2020. Nye Øygarden kommune vert den nest største kommunen i Nye Vestland fylke med om lag 39 000 innbyggjarar og rundt 2 500 tilsette. Kommunesenteret vert på Straume. Det vert kommunedelsenter i Skogsskiftet og på Rong.

Visjonen til den ny kommunen er «Eit fyrtårn i vest». Målet for den nye kommunen er å rekruttera og utvikla den beste fagkompetansen for å gje innbyggjarane tenester med høg kvalitet.

Kvednatunet er heimen til 40 eldre menneske med demensdiagnose, som treng heildøgns omsorg. Bustadene er fordelt i 4 bufellesskap. Vi har god sjukepleiardekning, og har faste legar knytta til budstadene 3 dager per veke. Stillinga er knytta opp til fast helger.

Hovudoppgåver

  • Heilskapleg omsorg og pleie av eldre menneske
  • Følgje opp bebuarar i eit bufellesskap ved å arbeide sjølvstendig og i team
  • Miljøarbeid
  • Praktiske oppgåver i bustaden til bebuarar som klesvask, tillaging av måltid ol.

Kvalifikasjonar

Må ha

  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
  • Min. aldersgrense 18 år
  • Erfaring frå arbeid med demente, og /eller erfaring innan pleie- og omsorgstenester.
  • Lang og relevant arbeidserfaring kan kompensera for manglande formell utdanning

Ønskjeleg med

  • Grunnleggjande IKT-kompetanse

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeidsevner
  • God helse og arbeidsglede
  • Interesse for arbeid med demente og eldre hjelpetrengande
  • Må ha evne til å arbeide sjølvstendig både på kveld og helg

Løns- og arbeidsvilkår

Løn etter gjeldande lov- og avtaleverk

Anna

Noter i søknaden kva for ein stillingsprosent du er interessert i.

Vi tilbyr

  • IA bedrift
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling
  • Treningsavtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Bedriftshelseteneste

Generell informasjon

Fjell kommune ønskjer at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar derfor kvalifiserte søkjarar med innvandrarbakgrunn til å søkja stillinga. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggje til rette for personar med redusert funksjonsevne.

Godkjend politiattest må leggjast fram før tilsetting.

Arbeidsstad

Arbeidsstad: Kvednatunet
Adresse: Kvernatunvegen 9
Postnummer: 5347
Poststad: Kystbasen Ågotnes
E-post: nina.sandsta@fjell.kommune.no
Telefon: 55096210 / 90524956 

Om tilsetjingsvilkår og søknad

Administrasjonsmålet er nynorsk. Vanlege kommunale tilsetjingsvilkår etter lov, reglement og tariffavtale. Søknad og CV må sendast elektronisk via søknadsskjema.

Pålogging og førhandsutfylling

Det er mogeleg å ta i bruk det elektroniske skjema utan pålogging. Vi tilrår likevel at søkjarar loggar på før utfylling. Da vert opplysningane lagra for eventuelle seinare søknadar.

Elektronisk søknad finn du nede på denne sida.

Kandidatar som vert kalla inn til intervju må ta med godkjende vitnemål og attestar.

Søknadsfrist

01.08.2019

Kontakt

Fagleiar Elbjørg Landro: kontakperson i veke 28 og 29 tlf. 55096213 / 91673032
Fagleiar Beate Lønningen: kontaktperson i veke 30 tlf. 55096213 / 91673031

Søknadsskjema

Elektronisk søknadsskjema


Sist endret: 04.07.2019