Facebook ikon Twitter logo Print side

Barnehagelærar

Hamramyra barnehage søkjer ny medarbeidar i 100 % fast stilling.

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Om arbeidsplassen

Hamramyra barnehageFjell er ein kommune i sterk utvikling og det er no framtida vert skapt. Det nye bymiljøet veks fram, med kystkulturen som ein naturleg del. Dette gjer kommunen til ein attraktiv arbeidsplass og ein spennande arena for næringslivet. Vi treng fleire engasjerte medarbeidarar som er opptekne av forbetring, fellesskap og fagkompetanse.

Hamramyra barnehage er ein ny 6 avdelings barnehage med gode fasilitetar. Kjøken og bad tilknytta kvar avdeling, samt eit stort fellesrom. Eigen personalfløy med grupperom og gode arbeidsplassar til personalet. Satsingsområdet vårt er sosial kompetanse og vi jobbar med COS, De utrolige årene og Dino skule. Vi er med i eit NAFO prosjekt, der vi delar erfaringar mellom ulike kulturar og styrkjer språket til barn med minoritetsspråklig bakgrunn, gjennom musikk. Vi er også ein del av "Syngande barnehagar" og samarbeidar dette året tett med kulturskulen. Barnehagen grensar til eit spanande friområde med flott skogsterreng, vatn, sjø, idrettsanlegg og fotball banar.

Hovudoppgåver

  • Vera med å utvikla barnehagen som ein pedagogisk verksemd, i tett samarbeid med styrar, pedagogisk leiar og andre tilsette.
  • Ivareta barna sine behov for omsorg, leik, læring og skape eit trygt og godt læringsmiljø.
  • Samarbeid med foreldre og andre faginstansar.

Kvalifikasjonar

Må ha

  • Bachelorutdanning innan barnehagelærar
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Det vert lagt vekt på personlege eigenskaper.
  • Vi treng ein person med godt humør, og evne og vilje til samarbeid.
  • Evne til å inspirere andre, og som er positiv og aktiv i høve til endrings og utviklingsarbeid.

Løns- og arbeidsvilkår

Løn etter gjeldande lov- og avtaleverk.

Vi tilbyr

  • IA bedrift
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling
  • Fleksibel arbeidstid
  • Treningsavtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Bedriftshelseteneste

Generell informasjon

Fjell kommune ønskjer at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar derfor kvalifiserte søkjarar med innvandrarbakgrunn til å søkja stillinga. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggje til rette for personar med redusert funksjonsevne.

Godkjend politiattest må leggjast fram før tilsetting.

Arbeidsstad

Arbeidsstad: Hamramyra barnehage
Adresse: Hamramyra 6
Postnummer: 5360
Poststad: Ågotnes
Heimeside
E-post: vivian.ekerhovd@fjell.kommune.no
Telefon: 55 09 62 01 

Om tilsetjingsvilkår og søknad

Administrasjonsmålet er nynorsk. Vanlege kommunale tilsetjingsvilkår etter lov, reglement og tariffavtale. Søknad og CV må sendast elektronisk via søknadsskjema.

Pålogging og førhandsutfylling

Det er mogeleg å ta i bruk det elektroniske skjema utan pålogging. Vi tilrår likevel at søkjarar loggar på før utfylling. Da vert opplysningane lagra for eventuelle seinare søknadar.

Elektronisk søknad finn du nede på denne sida.

Kandidatar som vert kalla inn til intervju må ta med godkjende vitnemål og attestar.

Søknadsfrist

21.01.2019

Kontakt

Styrar: Vivian O. Ekerhovd tlf. 55 09 62 01
Ass. styrar: Vera Halvorsen Landro tlf. 55 09 62 02

Søknadsskjema

Elektronisk søknadsskjema


Sist endret: 02.01.2019