Facebook ikon Twitter logo Print side

Barnehagelærar

Ågotnes barnehage søkjer ny medarbeidar i 100 % fast stilling.

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Om arbeidsplassen

Ågotnes barnehageFjell er ein kommune i sterk utvikling og det er no framtida vert skapt. Det nye bymiljøet veks fram, med kystkulturen som ein naturleg del. Dette gjer kommunen til ein attraktiv arbeidsplass og ein spennande arena for næringslivet. Vi treng fleire engasjerte medarbeidarar som er opptekne av forbetring, fellesskap og fagkompetanse.

Ågotnes barnehage består av 4 avdelingar. Barnehagen ligg i eit flott naturområde med god tilgang til skog, sjø og idrettsanlegg. Vi har fokus på språk gjennom musikk og bevegelse. I tillegg har vi særleg fokus på natur og friluftsliv.

Hovudoppgåver

  • Delta i planlegging av det pedagogiske arbeid på avdelinga
  • Delta i samarbeid med andre faginstansar
  • Det vert forventa evne til engasjement, fleksibilitet, stabilitet, lojalitet og fagleg bidrag
  • Bidra positivt og aktivt til å vidareutvikle vår gode barnehage

Kvalifikasjonar

Må ha

  • Bachelor innan barnehagelærarutdanninga

Personlege eigenskapar

  • Evne til å skape tillit og motivasjon hos dine kolleger
  • Du trives godt i fellesskap med store og små

Løns- og arbeidsvilkår

Løn etter gjeldande lov- og avtaleverk

Vi tilbyr

  • IA bedrift
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling
  • Treningsavtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Bedriftshelseteneste

Generell informasjon

Fjell kommune ønskjer at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar derfor kvalifiserte søkjarar med innvandrarbakgrunn til å søkja stillinga. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggje til rette for personar med redusert funksjonsevne.

Godkjend politiattest må leggjast fram før tilsetting.

Arbeidsstad

Arbeidsstad: Ågotnes barnehage
Adresse: Hamramyra 4
Postnummer: 5363
Poststad: Ågotnes
Heimeside
E-post: tove.sorensen@fjell.kommune.no
Telefon: 55096840 

Om tilsetjingsvilkår og søknad

Administrasjonsmålet er nynorsk. Vanlege kommunale tilsetjingsvilkår etter lov, reglement og tariffavtale. Søknad og CV må sendast elektronisk via søknadsskjema.

Pålogging og førhandsutfylling

Det er mogeleg å ta i bruk det elektroniske skjema utan pålogging. Vi tilrår likevel at søkjarar loggar på før utfylling. Da vert opplysningane lagra for eventuelle seinare søknadar.

Elektronisk søknad finn du nede på denne sida.

Kandidatar som vert kalla inn til intervju må ta med godkjende vitnemål og attestar.

Søknadsfrist

21.01.2019

Kontakt

Tove Sørensen tlf. 55097840 / 99798455

Søknadsskjema

Elektronisk søknadsskjema


Sist endret: 02.01.2019