Facebook ikon Twitter logo Print side

Barnehagelærar

Bildøy barnehage søkjer ny medarbeidar i 100 % vikariat frå snarast til 01.04.2020.

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Om arbeidsplassen

Bildøy barnehageFjell er ein kommune i sterk utvikling og det er no framtida vert skapt. Det nye bymiljøet veks fram, med kystkulturen som ein naturleg del. Dette gjer kommunen til ein attraktiv arbeidsplass og ein spennande arena for næringslivet. Vi treng fleire engasjerte medarbeidarar som er opptekne av forbetring, fellesskap og fagkompetanse.

Barnehagen er ein stor, raud og flott barnehage med 4 avdelingar.Barnehagen ligg i fine omgjevnader på Bildøy. Vi er stolte av vårt unike uteområde som inneheld eit mangfald av moglegheiter for opplevingar for både barn og vaksne. På baksida ligg eit naturområde med tre og busker til å gøyme seg i. På framsida har vi fast underlag til sykling og andre aktivitetar.

Barnehagen jobber med dei utrulege åra (DUÅ), Dinosaurskule, Trygg i Fjell og COS.

Hovudoppgåver

  • Aktiv deltaking i leik og god kommunikasjon i arbeidet med barna
  • Gje god omsorg til barna og bidra til trivsel
  • Medverke i planlegging, gjennomføring, evaluering og dokumentasjonsarbeid
  • Bidra til eit godt pedagogisk tilbod i barnehagen
  • Jobbe for eit godt samarbeid med føresette, ped.leder, styrar, øvrig personale, og andre eksterne samarbeidspartar

Kvalifikasjonar

Må ha

  • Bachelorutdanning innan barnehagelærer
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Vi ønskjer ein stabil, positiv, fagleg, og omsorgsfull person med gode samarbeids -og kommunikative evner
  • Du må ha gode evner i relasjonsbygging og kommunikasjon, med både vaksne og barn. Jobben krev ein stabil, motivert og lojal vaksen
  • Vi treng ein person som er trygg i seg sjølv, tek ansvar for fellesskapet og bidreg til et trygt og positivt miljø både for liten og for stor
  • Du må vere til å stole på og vere ein god rollemodell og verdiformidlar
  • Du må halde deg fagleg oppdatert og ha evne til å byggje opp gode team, saman med kollegane
  • Vi forventar at du tek vare på eigen helse, slik at du er godt rusta til å møte dei fysiske og psykiske utfordringane som følgjer med dagleg arbeid i barnehage
  • Du må handtere endringar som oppstår i ein barnehage, som endring av planar, arbeidstid og arbeidsstad(avdeling), og gå dette i møte med ei positiv innstilling

Løns- og arbeidsvilkår

Løn etter gjeldande lov- og avtaleverk

Vi tilbyr

  • IA bedrift
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling
  • Mentorordning
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Fadderordning
  • Bedriftshelseteneste

Generell informasjon

Fjell kommune ønskjer at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar derfor kvalifiserte søkjarar med innvandrarbakgrunn til å søkja stillinga. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggje til rette for personar med redusert funksjonsevne.

Godkjend politiattest må leggjast fram før tilsetting.

Arbeidsstad

Arbeidsstad: Bildøy barnehage
Adresse: Bjørkestølen
Postnummer: 5353
Poststad: Straume
E-post: solveig.melstveit@fjell.kommune.no
Telefon: 55096985 

Om tilsetjingsvilkår og søknad

Administrasjonsmålet er nynorsk. Vanlege kommunale tilsetjingsvilkår etter lov, reglement og tariffavtale. Søknad og CV må sendast elektronisk via søknadsskjema.

Pålogging og førhandsutfylling

Det er mogeleg å ta i bruk det elektroniske skjema utan pålogging. Vi tilrår likevel at søkjarar loggar på før utfylling. Da vert opplysningane lagra for eventuelle seinare søknadar.

Elektronisk søknad finn du nede på denne sida.

Kandidatar som vert kalla inn til intervju må ta med godkjende vitnemål og attestar.

Søknadsfrist

21.01.2019

Kontakt

Styrar Solveig Melstveit tlf. 55096985
Barnehagesjef Margun Landro tlf. 55097240

Søknadsskjema

Elektronisk søknadsskjema


Sist endret: 04.01.2019