Facebook ikon Twitter logo Print side

Fagleiar

Åttringen omsorgsbase søkjer ny medarbeidar i 100 % fast stilling.

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Om arbeidsplassen

Åttringen omsorgsbaseFjell er ein kommune i sterk utvikling og det er no framtida vert skapt. Det nye bymiljøet veks fram, med kystkulturen som ein naturleg del. Dette gjer kommunen til ein attraktiv arbeidsplass og ein spennande arena for næringslivet. Vi treng fleire engasjerte medarbeidarar som er opptekne av forbetring, fellesskap og fagkompetanse.

Åttringen omsorgsbase yter heilskaplege tenester til 12 personar med utviklingshemming som bur i eigne bustader. Teneste skal vere tilpassa den einskilde sine behov. Personal er tilsett i ulik former for turnus som døgnvakter, ordinære og - langvakter.

Hovudoppgåver

  • Dagleg drift av basen
  • Oppfølging med brukarane og deira pårørande
  • Oppfølging av tilsette
  • Legge til rette for, og ha nært samarbeid med andre samarbeidsinstansar

Kvalifikasjonar

Må ha

  • Autorisert sjukepleiar
  • Autorisert vernepleiar
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
  • God kjennskap til årsplanlegging av turnus
  • Erfaring frå liknande arbeid

Personlege eigenskapar

  • Fleksibel
  • Strukturert
  • Trygg
  • Stabil

Løns- og arbeidsvilkår

Løn etter gjeldande lov- og avtaleverk.

Vi tilbyr

  • IA bedrift
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling
  • Fleksibel arbeidstid
  • Treningsavtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Bedriftshelseteneste

Generell informasjon

Fjell kommune ønskjer at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar derfor kvalifiserte søkjarar med innvandrarbakgrunn til å søkja stillinga. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggje til rette for personar med redusert funksjonsevne.

Godkjend politiattest må leggjast fram før tilsetting.

Arbeidsstad

Arbeidsstad: Åttringen omsorgsbase
Adresse: Haugevegen 3
Postnummer: 5354
Poststad: Straume
E-post: postmottak@fjell.kommune.no
Telefon: 55097311 

Om tilsetjingsvilkår og søknad

Administrasjonsmålet er nynorsk. Vanlege kommunale tilsetjingsvilkår etter lov, reglement og tariffavtale. Søknad og CV må sendast elektronisk via søknadsskjema.

Pålogging og førhandsutfylling

Det er mogeleg å ta i bruk det elektroniske skjema utan pålogging. Vi tilrår likevel at søkjarar loggar på før utfylling. Da vert opplysningane lagra for eventuelle seinare søknadar.

Elektronisk søknad finn du nede på denne sida.

Kandidatar som vert kalla inn til intervju må ta med godkjende vitnemål og attestar.

Søknadsfrist

21.01.2019

Kontakt

Leiar Hildegunn Vengen tlf. 55097156
Omsorgssjef Line Barmen tlf. 55097034

Søknadsskjema

Elektronisk søknadsskjema


Sist endret: 02.01.2019