Facebook ikon Twitter logo Print side

Helsefagarbeidar

Heimetenesta Sone Sotra søkjer ny medarbeidar i 60 % mellombels stilling.

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Om arbeidsplassen

HeimetenestaFjell er ein kommune i sterk utvikling og det er no framtida vert skapt. Det nye bymiljøet veks fram, med kystkulturen som ein naturleg del. Dette gjer kommunen til ein attraktiv arbeidsplass og ein spennande arena for næringslivet. Vi treng fleire engasjerte medarbeidarar som er opptekne av forbetring, fellesskap og fagkompetanse.

Heimetenesta er delt i to soner som er samlokalisert sentralt på Straume. Til sone Sotra er det knytt omlag 38 årsverk og ulike yrkesgrupper arbeider sjølvstendig og i ulike tverrfaglege team.

Hovudoppgåver

  • Helsefaglege oppgåver
  • Ivareta brukarane sine individuelle behov

Kvalifikasjonar

Må ha

  • Autorisert helsefagarbeidar
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
  • Førarkort for bil
  • Ønskjeleg med erfaring frå heimetenesta

Personlege eigenskapar

  • Engasjert
  • Gode samarbeidsevner
  • Sjølvstendig
  • Bidrar til eit godt arbeidsmiljø ved å fremme det positive

Løns- og arbeidsvilkår

Løn etter gjeldande lov- og avtaleverk

Anna

Stillinga er eit vikariat i tida 01.04.19 - 31.12.19. Arbeidsstaden har årsplan med i snitt 16 arbeidshelgar pr. år.

Vi tilbyr

  • IA bedrift
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling
  • Fleksibel arbeidstid
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Fadderordning
  • Bedriftshelseteneste

Generell informasjon

Fjell kommune ønskjer at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar derfor kvalifiserte søkjarar med innvandrarbakgrunn til å søkja stillinga. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggje til rette for personar med redusert funksjonsevne.

Godkjend politiattest må leggjast fram før tilsetting.

Arbeidsstad

Arbeidsstad: Heimetenesta Sone Sotra
Adresse: Skjenet 8
Postnummer: 5354
Poststad: Straume
E-post: postmottak@fjell.kommune.no
Telefon: 55096000 

Om tilsetjingsvilkår og søknad

Administrasjonsmålet er nynorsk. Vanlege kommunale tilsetjingsvilkår etter lov, reglement og tariffavtale. Søknad og CV må sendast elektronisk via søknadsskjema.

Pålogging og førhandsutfylling

Det er mogeleg å ta i bruk det elektroniske skjema utan pålogging. Vi tilrår likevel at søkjarar loggar på før utfylling. Da vert opplysningane lagra for eventuelle seinare søknadar.

Elektronisk søknad finn du nede på denne sida.

Kandidatar som vert kalla inn til intervju må ta med godkjende vitnemål og attestar.

Søknadsfrist

21.01.2019

Kontakt

Soneleiar Edel L. Tyssøy tlf. 55097191
Fagleiar Britt-Marie L.Nordhaug tlf. 55097188

Søknadsskjema

Elektronisk søknadsskjema


Sist endret: 02.01.2019