Facebook ikon Twitter logo Print side

Helsesjukepleiar

Straume helsestasjon søkjer ny medarbeidar i 80 % vikariat. Vikariatet er ledig frå 05.08.2019 til 31.07.2020.

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Om arbeidsplassen

Fjell, Sund og Øygarden har vedteke å slå seg saman frå januar 2020. Nye Øygarden kommune vert den nest største kommunen i Nye Vestland fylke med om lag 39 000 innbyggjarar og rundt 2 500 tilsette. Kommunesenteret vert på Straume. Det vert kommunedelsenter i Skogsskiftet og på Rong.

Visjonen til den ny kommunen er «Eit fyrtårn i vest». Målet for den nye kommunen er å rekruttera og utvikla den beste fagkompetansen for å gje innbyggjarane tenester med høg kvalitet.

Helsestasjons- og skulehelsetenesta i Fjell har eit stort fagmiljø med høg kompetanse og lang erfaring og ikkje minst, eit godt arbeidsmiljø. Tenesta har fokus på psykisk helse, tidleg intervensjon og førbyggjing. Vi har ledig vikariat frå 5. august 2019 til 31. juli 2020.

Hovudoppgåver

  • Arbeid i helsestasjon- og skulehelsetenesta
  • Tverrfagleg og tverretatleg samarbeid ift. barn og unge i kommunen
  • Systematisk arbeid på gruppe- og individnivå

Kvalifikasjonar

Må ha

  • Hovudutdanning innan Helsesjukepleie  
  • Autorisert sjukepleiar    
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg  

 Personlege eigenskapar

  • Eigna til oppgåva
  • Evne til godt samarbeid og samstundes arbeide sjølvstendig, effektivt og målretta.
  • Fleksibel og løysningsorientert

Løns- og arbeidsvilkår

Løn etter gjeldande lov- og avtaleverk.

Vi tilbyr

  • IA bedrift 
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer 
  • Interessante utfordringar 
  • Høve til fagleg og personleg utvikling 
  • Fleksibel arbeidstid      
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 
  • Fadderordning 
  • Bedriftshelseteneste 

Generell informasjon

Fjell kommune ønskjer at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar derfor kvalifiserte søkjarar med innvandrarbakgrunn til å søkja stillinga. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggje til rette for personar med redusert funksjonsevne.

Godkjend politiattest må leggjast fram før tilsetting.

Arbeidsstad

Arbeidsstad: Straume helsestasjon
Adresse: Blombakkane 2
Postnummer: 5354
Poststad: Straume
Heimeside: fjell.kommune.no             
Telefon: 55096810

Om tilsetjingsvilkår og søknad

Administrasjonsmålet er nynorsk. Vanlege kommunale tilsetjingsvilkår etter lov, reglement og tariffavtale. Søknad og CV må sendast elektronisk via søknadsskjema.

Pålogging og førhandsutfylling

Det er mogeleg å ta i bruk det elektroniske skjema utan pålogging. Vi tilrår likevel at søkjarar loggar på før utfylling. Da vert opplysningane lagra for eventuelle seinare søknadar.

Elektronisk søknad finn du nede på denne sida.

Kandidatar som vert kalla inn til intervju må ta med godkjende vitnemål og attestar.

Søknadsfrist

24.07.19

Kontakt

Leiande helsesjukepleiar, Berit Algrøy tlf. 90678053
Fagleiar Kari Grindheim tlf. 55096990

Søknadsskjema

Elektronisk søknadsskjema


Sist endret: 11.07.2019