Facebook ikon Twitter logo Print side

Hjelpepleiar / omsorgsarbeidar / helsefagarbeidar

Kvednatunet søkjer nye medarbeidarar i korte vikariat i ulike størrelsar.

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Om arbeidsplassen

Fjell er ein kommune i sterk utvikling og det er no framtida vert skapt. Det nye bymiljøet veks fram, med kystkulturen som ein naturleg del. Dette gjer kommunen til ein attraktiv arbeidsplass og ein spennande arena for næringslivet. Vi treng fleire engasjerte medarbeidarar som er opptekne av forbetring, fellesskap og fagkompetanse.

Kvednatunet er heimen til 40 eldre menneske med demensdiagnose, som treng heildøgns omsorg. Bustadene er fordelt i 4 bufellesskap. Vi har god sjukepleiardekning, og har faste legar knytta til budstadene 3 dager per veke.

Hovudoppgåver

  • Heilskapleg omsorg og pleie av eldre menneske
  • Følgje opp bebuarar i eit bufellesskap ved å arbeide sjølvstendig og i team
  • Medisinkompetanse
  • Retteleie elevar, lærlingar og støtte kollegaer

Kvalifikasjonar

Må ha

  • Autorisert helsefagarbeidar/ omsorgsarbeidar/ hjelpepleiar  
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
  • Erfaring i arbeid med demente / eldre.

Ønskjeleg med

  • Vidareutdanning i demenssjukdom, geriatri og palliasjon.
  • Grunnleggjande IKT-kompetanse.

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeidsevner
  • God helse og arbeidsglede
  • Interesse for faget og lyst til å være med å utvikle tenestene til dei demenete
  • Må ha evne til å arbeide sjølvstendig både på kveld og helg.

Løns- og arbeidsvilkår

Løn etter gjeldande lov- og avtaleverk.

Vi tilbyr

  • IA bedrift 
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer 
  • Interessante utfordringar 
  • Høve til fagleg og personleg utvikling      
  • Treningsavtale 
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 
  • Fadderordning 
  • Bedriftshelseteneste 

Generell informasjon

Fjell kommune ønskjer at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar derfor kvalifiserte søkjarar med innvandrarbakgrunn til å søkja stillinga. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggje til rette for personar med redusert funksjonsevne.

Godkjend politiattest må leggjast fram før tilsetting.

Arbeidsstad

Arbeidsstad: Kvednatunet
Adresse: Kvernatunvegen 9
Postnummer: 5347
Poststad: Kystbasen Ågotnes
Heimeside: www.fjell.kommune.no
E-post: nina.sandsta@fjell.kommune.no
Telefon: 55096210 / 90524956

Om tilsetjingsvilkår og søknad

Administrasjonsmålet er nynorsk. Vanlege kommunale tilsetjingsvilkår etter lov, reglement og tariffavtale. Søknad og CV må sendast.

Søknadsfrist

31.03.2019

Søknad / Kontakt

Send søknad på epost eller kontakt:


Sist endret: 04.01.2019