Facebook ikon Twitter logo Print side

Konsulent

Mo senter søkjer ny konsulent i 100 % fast stilling.

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Om arbeidsplassen

Fjell er ein kommune i sterk utvikling og det er no framtida vert skapt. Det nye bymiljøet veks fram, med kystkulturen som ein naturleg del. Dette gjer kommunen til ein attraktiv arbeidsplass og ein spennande arena for næringslivet. Vi treng fleire engasjerte medarbeidarar som er opptekne av forbetring, fellesskap og fagkompetanse.

Fjell kommune har sidan mars 2016 drifta eit MO-senter som eit av tiltaka i kommunen sin ruspolitiske handlingsplan.Vi søkjer etter ein medarbeidar som skal arbeide miljøretta i tiltaket. MO-senter har som mål å betre brukarane sin kvardag på ulike område.

Hovudoppgåver

  • Samtalar og oppfølging av brukargruppa
  • Rettleiing
  • Arbeide med aktivitetstiltak knytt til trivsel, trening, musikkterapi, arbeidsretting, o.a.
  • Lågterskel helsearbeid
  • Samarbeid internt og eksternt
  • På sikt kan det påreknast forskøven arbeidstid ein dag i veka

Kvalifikasjonar

Må ha

  • Bachelorutdanning innan helse- og sosialfag   
  • Autorisert sjukepleiar
  • Autorisert vernepleiar
  • Autorisert helsefagarbeidar  
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg

Relevant arbeidserfaring vil ha betydning for stillinga og kan kompensere for deler av utdanningskravet.

Ønskjeleg med

  • Relevante etter- og vidareutdanningar
  • God relasjonskompetanse
  • Erfaring med målgruppa

Personlege eigenskapar:

  • Vi ønskjer ein positiv, fleksibel og ansvarsbevisst kollega som både kan arbeide sjølvstendig og i eit tverrfagleg samarbeid.
  • Vi vil legge vekt på gode personlege eigenskapar når det gjeld kommunikasjon med brukarar/ pasientar, pårørande og samarbeidspartnarar.
  • Den som vert tilsett må ha evne til å bidra til eit godt arbeidsmiljø.

Løns- og arbeidsvilkår

Løn etter gjeldande lov- og avtaleverk.

Vi tilbyr

  • IA bedrift 
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer 
  • Interessante utfordringar 
  • Høve til fagleg og personleg utvikling 
  • Fleksibel arbeidstid      
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar      

Generell informasjon

Fjell kommune ønskjer at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar derfor kvalifiserte søkjarar med innvandrarbakgrunn til å søkja stillinga. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggje til rette for personar med redusert funksjonsevne.

Arbeidsstad

Arbeidsstad: Fjell Kommune, Mo senter
Adresse: Postboks 184
Postnummer: 5342
Poststad: Straume
Heimeside: www.fjell.kommune.no
E-post: postmottak@fjell.kommune.no
Telefon: 55096000

Om tilsetjingsvilkår og søknad

Administrasjonsmålet er nynorsk. Vanlege kommunale tilsetjingsvilkår etter lov, reglement og tariffavtale. Søknad og CV må sendast elektronisk via søknadsskjema.

Pålogging og førhandsutfylling

Det er mogeleg å ta i bruk det elektroniske skjema utan pålogging. Vi tilrår likevel at søkjarar loggar på før utfylling. Da vert opplysningane lagra for eventuelle seinare søknadar.

Elektronisk søknad finn du nede på denne sida.

Kandidatar som vert kalla inn til intervju må ta med godkjende vitnemål og attestar.

Søknadsfrist

18.02.2019

Kontakt

Avdelingsleiar Fjell kommune, Frode Andvik tlf. 415 74 535
Leiar MO senter, Kjetil Lohne tlf. 90101857, e-post: kjetil.lohne@fjell.kommune.no

Søknadsskjema

Elektronisk søknadsskjema


Sist endret: 01.02.2019