Facebook ikon Twitter logo Print side

Pedagogisk leiar

Straume barnehage søkjer ny medarbeidar i 100 % fast stilling.

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Om arbeidsplassen

Straume barnehageFjell er ein kommune i sterk utvikling og det er no framtida vert skapt. Det nye bymiljøet veks fram, med kystkulturen som ein naturleg del. Dette gjer kommunen til ein attraktiv arbeidsplass og ein spennande arena for næringslivet. Vi treng fleire engasjerte medarbeidarar som er opptekne av forbetring, fellesskap og fagkompetanse.

Straume barnehage ligg sentralt plassert på Straume. Barnehagen har ein avdeling for små barn og to avdelingar for store barn. Vi satsar særskilt på realfag, men har og eit stort fokus på musikk, drama og uteaktivitetar

Hovudoppgåver

  • Du har ansvar for å leie planlegging, gjennomføring og vurdering av det pedagogiske arbeidet
  • Du er arbeidsleiar for dei andre på avdelinga, og skal saman med dei ivareta barna sine behov for omsorg, leik og læring
  • Du må sørgje for eit godt foreldresamarbeid og samarbeide med andre instansar
  • Som pedagogisk leiar inngår du i leiargruppa til styrar og skal medverka i utviklinga av ein framtidsretta og god barnehage med godt omdøme

Kvalifikasjonar

Må ha

  • Bachelor innan barnehagelærarutdanninga
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Vi søkjer deg som er ein tydeleg, raus, inkluderande og inspirerande arbeidsleiar
  • Du er god på å byggje relasjonar til små og store - og set barna sitt beste i fokus
  • Du er god på å samarbeide, men kan også jobbe godt sjølvstendig
  • Vidare må du være fleksibel, løysingsorientert og endringsvillig
  • Du er positiv og ser verdien av humor på jobben, er ansvarsfull og påliteleg
  • Du har ein fagleg kompetanse som du visar i praksis og er helsemessig skikka for jobben som pedagogisk leiar

Løns- og arbeidsvilkår

Løn etter gjeldande lov- og avtaleverk

Vi tilbyr

  • IA bedrift
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling
  • Treningsavtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Bedriftshelseteneste

Generell informasjon

Fjell kommune ønskjer at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar derfor kvalifiserte søkjarar med innvandrarbakgrunn til å søkja stillinga. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggje til rette for personar med redusert funksjonsevne.

Godkjend politiattest må leggjast fram før tilsetting.

Arbeidsstad

Arbeidsstad: straume barnehage
Adresse: blombakkane 4
Postnummer: 5354
Poststad: Straume
E-post: laila.ask@fjell.kommune.no
Telefon: 55097865 

Om tilsetjingsvilkår og søknad

Administrasjonsmålet er nynorsk. Vanlege kommunale tilsetjingsvilkår etter lov, reglement og tariffavtale. Søknad og CV må sendast elektronisk via søknadsskjema.

Pålogging og førhandsutfylling

Det er mogeleg å ta i bruk det elektroniske skjema utan pålogging. Vi tilrår likevel at søkjarar loggar på før utfylling. Da vert opplysningane lagra for eventuelle seinare søknadar.

Elektronisk søknad finn du nede på denne sida.

Kandidatar som vert kalla inn til intervju må ta med godkjende vitnemål og attestar.

Søknadsfrist

21.01.2019

Kontakt

Styrar Laila Ask tlf. 55097865 /47384485

Søknadsskjema

Elektronisk søknadsskjema


Sist endret: 02.01.2019