Facebook ikon Twitter logo Print side

Prosjektleiar

Fjell kommune, Byggprosjekt søkjer ny medarbeidar i 100 % fast stilling.

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Om arbeidsplassen

Fjell rådhusFjell er ein kommune i sterk utvikling og det er no framtida vert skapt. Det nye bymiljøet veks fram, med kystkulturen som ein naturleg del. Dette gjer kommunen til ein attraktiv arbeidsplass og ein spennande arena for næringslivet. Vi treng fleire engasjerte medarbeidarar som er opptekne av forbetring, fellesskap og fagkompetanse.

Fjell kommune v/ Plan og eigedomssjefen avdeling byggprosjekt er ansvarleg for gjennomføring av byggeprosjekter i kommunen. Vi har i dag 6 pågåande prosjekt av ulik storleik, til dømes nybygg ved Bjorøy skule, rehabilitering av Foldnes skule, nybygg med 6 omsorgsbustadar. I tillegg kjem utbetring av Bildøyvegen mm.

Hovudoppgåver

  • Prosjektleiing og administrasjon, gjennomføring av forskjellige faser i små og mellomstore prosjekt som rehabilitering, påbygg, ombygg, nybygg, inkludert gjennomføring av anskaffingar etter lov/forskrift om offentlege anskaffingar
  • Ansvar for søknadsprosessar knytt til PBL, AML og anna gjeldande regelverkOppfølging av framdrift og økonomi i prosjekta
  • Samarbeid med andre avdelingar i kommunen for utvikling av prosjekta

Kvalifikasjonar

Må ha

  • Bachelorutdanning innan relevant fagområde
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
  • Lang og relevant arbeidserfaring kan kompensera for manglande formell utdanning.

Ønskjeleg med

  • Kjennskap til lov/forskrift om offentlege anskaffingar

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeidsevner og fleksibel tilnærming.
  • Strukturert arbeidsstil og ei positiv innstilling til å jobbe sjølvstendig så vel som i team

Løns- og arbeidsvilkår

Løn etter gjeldande lov- og avtaleverk.

Vi tilbyr

  • IA bedrift
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling
  • Fleksibel arbeidstid
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Bedriftshelseteneste

Generell informasjon

Fjell kommune ønskjer at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar derfor kvalifiserte søkjarar med innvandrarbakgrunn til å søkja stillinga. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggje til rette for personar med redusert funksjonsevne.

Arbeidsstad

Arbeidsstad: Fjell kommune, Byggprosjekt
Adresse: Foldnesvegen 1, Rådhuset
Postnummer: 5354
Poststad: Straume
E-post: postmottak@fjell.kommune.no
Telefon: 55 09 60 00 

Om tilsetjingsvilkår og søknad

Administrasjonsmålet er nynorsk. Vanlege kommunale tilsetjingsvilkår etter lov, reglement og tariffavtale. Søknad og CV må sendast elektronisk via søknadsskjema.

Pålogging og førhandsutfylling

Det er mogeleg å ta i bruk det elektroniske skjema utan pålogging. Vi tilrår likevel at søkjarar loggar på før utfylling. Da vert opplysningane lagra for eventuelle seinare søknadar.

Elektronisk søknad finn du nede på denne sida.

Kandidatar som vert kalla inn til intervju må ta med godkjende vitnemål og attestar.

Søknadsfrist

10.02.2019

Kontakt

Plan og eigedomssjef Bjørn Erik Kristiansen tlf. 416 31 041
Fagleiar byggprosjekt Jostein Foldnes tlf. 932 60 183

Søknadsskjema

Elektronisk søknadsskjema


Sist endret: 02.01.2019