Facebook ikon Twitter logo Print side

Rådgjevar

NAV Fjell søkjer ny medarbeidar i 100 % fast stilling.

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Om arbeidsplassen

Fjell rådhusFjell er ein kommune i sterk utvikling og det er no framtida vert skapt. Det nye bymiljøet veks fram, med kystkulturen som ein naturleg del. Dette gjer kommunen til ein attraktiv arbeidsplass og ein spennande arena for næringslivet. Vi treng fleire engasjerte medarbeidarar som er opptekne av forbetring, fellesskap og fagkompetanse.

NAV Fjell held til i Fjell Rådhus på Straume. Kontoret har om lag 50 tilsette fordelt mellom kommune og stat. Vi er opptekne av kontinuerleg forbetring, kvalitet, fellesskap og fagkompetanse i vårt kontor. Vi har 4 team: Oppfølgingsteamet, Veiledningsteamet, Ungdomsteamet og Team for sosiale tenester.

Den som vert tilsett skal i hovudsak jobbe i Team for sosiale tenester der stillinga er retta mot sakshandsaming, forvaltningsarbeid og økonomisk rådgjeving. Hovudoppgåver vert innan råd, opplysning, økonomisk rettleiing og tildeling av ytingar etter Lov om sosiale tenester i NAV, men den som vert tilsett må vere førebudd på at det kan komme endringar i arbeidsoppgåver. Vi ønskjer ein kollega som er engasjert og uredd.

Hovudoppgåver

  • Råd, opplysning og økonomisk rettleiing.
  • Sakshandsaming etter Lov om sosiale tenester i Arbeids- og velferdsforvaltninga.

Kvalifikasjonar

Må ha

  • Bachelorutdanning innan relevant fagområde
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
  • Minimum tre år høgare utdanning frå universitet eller høgskule.
  • Fortrinnsvis innan sosial- samfunnsvitenskaplege eller juridiske fag.
  • Erfaring frå NAV kontor og arbeid etter Lov om sosiale tenester i NAV, samt praktiseringa av dette regelverket er ønskjeleg

Personlege eigenskapar

  • Stor arbeidskapasitet og evne til å arbeide målretta, sjølvstendig og strukturert
  • Løysings- og resultatorientert
  • Trivst med utfordringar og endringsarbeid
  • Gode servicehaldningar og godt humør
  • Positivt menneskesyn og tru på alle menneske

Løns- og arbeidsvilkår

Løn etter avtale

Vi tilbyr

  • IA bedrift
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Høve til fagleg og personleg utvikling
  • Fleksibel arbeidstid
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Generell informasjon

Fjell kommune ønskjer at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar derfor kvalifiserte søkjarar med innvandrarbakgrunn til å søkja stillinga. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggje til rette for personar med redusert funksjonsevne.

Arbeidsstad

Arbeidsstad: NAV Fjell
Adresse: Postboks 184
Postnummer: 5342
Poststad: Straume
E-post: postmottak@fjell.kommune.no
Telefon: 55553333 

Om tilsetjingsvilkår og søknad

Administrasjonsmålet er nynorsk. Vanlege kommunale tilsetjingsvilkår etter lov, reglement og tariffavtale. Søknad og CV må sendast elektronisk via søknadsskjema.

Pålogging og førhandsutfylling

Det er mogeleg å ta i bruk det elektroniske skjema utan pålogging. Vi tilrår likevel at søkjarar loggar på før utfylling. Da vert opplysningane lagra for eventuelle seinare søknadar.

Elektronisk søknad finn du nede på denne sida.

Kandidatar som vert kalla inn til intervju må ta med godkjende vitnemål og attestar.

Søknadsfrist

21.01.2019

Kontakt

Avdelingsleiar Marius Flesland Sylta tlf. 95757159
Kontorleiar Nina-Susanne Andersen tlf. 97169980

Søknadsskjema

Elektronisk søknadsskjema


Sist endret: 02.01.2019