Facebook ikon Twitter logo Print side

Sjukepleiar

Kvednatunet søkjer ny medarbeidar i fast stilling.

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Om arbeidsplassen

Fjell, Sund og Øygarden har vedteke å slå seg saman frå januar 2020. Nye Øygarden kommune vert den nest største kommunen i Nye Vestland fylke med om lag 39 000 innbyggjarar og rundt 2 500 tilsette. Kommunesenteret vert på Straume. Det vert kommunedelsenter i Skogsskiftet og på Rong.

Visjonen til den ny kommunen er «Eit fyrtårn i vest». Målet for den nye kommunen er å rekruttera og utvikla den beste fagkompetansen for å gje innbyggjarane tenester med høg kvalitet.

Kvednatunet er heimen for 40 eldre menneske med demens diagnose som treng heildøgns omsorg. Budstadene er fordelt i 4 bufelleskap.Vi har god sjukepleiardekning og har tilsynslege 3 dager per veke.

Hovudoppgåver

  • Heilskapleg omsorg for eldre menneske
  • Fagleg oppfølging av bebuarar i bufelleskapa
  • Sjukepleiarfagleg oppgåver som medikament tillaging, intravenøs behandling, blodprøvetaking, legevisitt mm.
  • Rettleie, ta ansvar for utviklingsoppgåver og støtte kollegaer

Kvalifikasjonar

Må ha

  • Bachelorutdanning innan sjukepleie
  • Autorisert sjukepleiar
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
  • Gode samarbeidsevner og som sjukepleier kunne leie teamet som arbeider med deg på ein god måte.

Ønskjeleg med

  • Grunnleggjande IKT-kompetanse

Personlege eigenskapar

  • Evne til samarbeid og deltaking i utvikling av tenestene
  • Må evne å ta ansvar på kveld/helg
  • Arbeidsglede og god helse

Løns- og arbeidsvilkår

Løn etter gjeldande lov- og avtaleverk

Vi tilbyr

  • IA bedrift
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Fadderordning
  • Bedriftshelseteneste

Generell informasjon

Fjell kommune ønskjer at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar derfor kvalifiserte søkjarar med innvandrarbakgrunn til å søkja stillinga. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggje til rette for personar med redusert funksjonsevne.

Godkjend politiattest må leggjast fram før tilsetting.

Arbeidsstad

Arbeidsstad: Kvednatunet
Adresse: Kvernatunvegen 9
Postnummer: 5347
Poststad: Kystbasen Ågotnes
E-post: nina.sandsta@fjell.kommune.no
Telefon: 55096210 

Om tilsetjingsvilkår og søknad

Administrasjonsmålet er nynorsk. Vanlege kommunale tilsetjingsvilkår etter lov, reglement og tariffavtale. Søknad og CV må sendast elektronisk via søknadsskjema.

Pålogging og førhandsutfylling

Det er mogeleg å ta i bruk det elektroniske skjema utan pålogging. Vi tilrår likevel at søkjarar loggar på før utfylling. Da vert opplysningane lagra for eventuelle seinare søknadar.

Elektronisk søknad finn du nede på denne sida.

Kandidatar som vert kalla inn til intervju må ta med godkjende vitnemål og attestar.

Søknadsfrist

15.08.2019

Kontakt

Fagleiar Elbjørg Landro: kontaktperson i veke 28 og 29 tlf. 55096214 / 91673032
Fagleiar Beate Lønningen: kontaktperson i veke 30 og 31 tlf. 55096213 / 91673031

Søknadsskjema

Elektronisk søknadsskjema


Sist endret: 04.07.2019