Facebook ikon Twitter logo Print side

Sjukepleiar

Straume bu og servicesenter søkjer ny medarbeidar.

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Om arbeidsplassen

Fjell, Sund og Øygarden har vedteke å slå seg saman frå januar 2020. Nye Øygarden kommune vert den nest største kommunen i Nye Vestland fylke med om lag 39 000 innbyggjarar og rundt 2 500 tilsette. Kommunesenteret vert på Straume. Det vert kommunedelsenter i Skogsskiftet og på Rong.

Visjonen til den ny kommunen er «Eit fyrtårn i vest». Målet for den nye kommunen er å rekruttera og utvikla den beste fagkompetansen for å gje innbyggjarane tenester med høg kvalitet.

Straume bu og servicesenter er eit bu og aktivitetssenter for eldre, funksjonshemma og utviklingshemma i Fjell kommune. Det er to bufelleskap for eldre og funksjonshemma med 8 leigetakarar i kvart bufelleskap, og eit bufelleskap med 8 utviklingshemma mennesker. På senteret er det og ein dagavdeling. Det er bufelleskapa for eldre som nå har ledig stilling for sjukepleiar.

Hovudoppgåver

  • Sjukepleiefaglege oppgåver i bufelleskapa
  • Administrering av medikamenter
  • Sjukepleiedokumentasjon/ tiltaksplaner/ arbeidsplaner
  • Primærkontakoppgåver

Kvalifikasjonar

Må ha

  • Autorisert sjukepleiar    
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
  • Erfaring frå liknande arbeid, og gode samarbeidsevner.

Personlege eigenskapar

  • Pasientorientert
  • Ansvarsbevisst
  • Fleksibel
  • Gode kommunikasjonsevner
  • Vere en god teamarbeider
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Må trives i eit aktivt og travelt miljø
  • Samarbidsvillig

Løns- og arbeidsvilkår

Nye sjukepleiarar i fast stilling med turnus lønast kr. 15.000,- over tariff.

 Anna

50 % av stillinga er eit vikariat frå 16.12.19-16.12.20, med muligheit for forlenging.

Vi tilbyr

  • IA bedrift 
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer 
  • Interessante utfordringar 
  • Høve til fagleg og personleg utvikling 
  • Fleksibel arbeidstid    
  • Treningsavtale 
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 
  • Fadderordning 
  • Bedriftshelseteneste 

Generell informasjon

Fjell kommune ønskjer at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar derfor kvalifiserte søkjarar med innvandrarbakgrunn til å søkja stillinga. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggje til rette for personar med redusert funksjonsevne.

Godkjend politiattest må leggjast fram før tilsetting.

Arbeidsstad

Arbeidsstad: Straume bu og servicesenter
Adresse: Blombakkane 3
Postnummer: 5354
Poststad: Straume
E-post: postmottak@fjell.kommune.no    
Telefon: 56336400 

Om tilsetjingsvilkår og søknad

Administrasjonsmålet er nynorsk. Vanlege kommunale tilsetjingsvilkår etter lov, reglement og tariffavtale. Søknad og CV må sendast elektronisk via søknadsskjema.

Pålogging og førhandsutfylling

Det er mogeleg å ta i bruk det elektroniske skjema utan pålogging. Vi tilrår likevel at søkjarar loggar på før utfylling. Da vert opplysningane lagra for eventuelle seinare søknadar.

Elektronisk søknad finn du nede på denne sida.

Kandidatar som vert kalla inn til intervju må ta med godkjende vitnemål og attestar.

Søknadsfrist

22.09.2019

Kontakt

Trude Myklebust, Styrar tlf. 56 336404
Astrid Geitle, Fagleiar tlf. 56 336405

Søknadsskjema

Elektronisk søknadsskjema


Sist endret: 29.08.2019