Facebook ikon Twitter logo Print side

Vaktmeister

Kommunale bygg og eigedomar i Fjell kommune søkjer ny medarbeidar i 100% fast stilling.

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Om arbeidsplassen

Fjell er ein kommune i sterk utvikling og det er no framtida vert skapt. Det nye bymiljøet veks fram, med kystkulturen som ein naturleg del. Dette gjer kommunen til ein attraktiv arbeidsplass og ein spennande arena for næringslivet. Vi treng fleire engasjerte medarbeidarar som er opptekne av forbetring, fellesskap og fagkompetanse.

Fjell kommune v/plan- og eigedomssjefen har i dag ansvaret for drift og vedlikehald av 132 000 m2 med eigd bygningsmasse, ca 15 000 m2 med innleigd bygningsmasse pluss tilhøyrande uteareal.

Drifts- og vedlikehaldsseksjonen v/plan – og eigedomssjefen har i dag 21 tilsette som handterer den daglege drifta av bygg og uteareal, samd 3 lærlingar.

Det vert stilt krav om politiattest.

Hovudoppgåver

  • Dagleg tilsyn og vedlikehald av bygg, tekniske innstallasjonar og uteområde
  • Oppfølging av varme og ventilasjonsanlegg, el-innstallasjonar samt brannsikring
  • Oppfølging av dokumentasjon av HMT og internkontroll

Kvalifikasjonar

Må ha

  • Fagbrev innan handverksfag innan relatert fagområde
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
  • Erfaring frå drift og vedlikehald av bygg
  • Kunnskap om drift av SD-anlegg
  • Kjennskap til og bruk av IT-verktøy10 års relevant praksis
  • Lang og relevant arbeidserfaring kan kompensera for manglande formell utdanning

Ønskjeleg med

  • VVS, enøk og elektro

Personlege eigenskapar

  • Vi ønskjer ein person som er fleksibel og allsidig i det daglege arbeidet
  • Har ein positiv og imøtekomande kommunikasjon med våre brukarar og kollegaer

Løns- og arbeidsvilkår

Løn etter gjeldande lov- og avtaleverk

Vi tilbyr

  • IA bedrift
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling
  • Fleksibel arbeidstid
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Bedriftshelseteneste

Generell informasjon

Fjell kommune ønskjer at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar derfor kvalifiserte søkjarar med innvandrarbakgrunn til å søkja stillinga. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggje til rette for personar med redusert funksjonsevne.

Godkjend politiattest må leggjast fram før tilsetting.

Arbeidsstad

Arbeidsstad: Eigedomssjefen
Adresse: Bildøybakken 105
Postnummer: 5063
Poststad: Kolltveit
E-post: postmottak@fjell.kommune.no
Telefon: 55096000 

Om tilsetjingsvilkår og søknad

Administrasjonsmålet er nynorsk. Vanlege kommunale tilsetjingsvilkår etter lov, reglement og tariffavtale. Søknad og CV må sendast elektronisk via søknadsskjema.

Pålogging og førhandsutfylling

Det er mogeleg å ta i bruk det elektroniske skjema utan pålogging. Vi tilrår likevel at søkjarar loggar på før utfylling. Da vert opplysningane lagra for eventuelle seinare søknadar.

Elektronisk søknad finn du nede på denne sida.

Kandidatar som vert kalla inn til intervju må ta med godkjende vitnemål og attestar.

Søknadsfrist

21.01.2019

Kontakt

Soneleiar Geir Jensen tlf. 46 93 38 98
Drifts- og vedlikehaldsleiar Arne Monsen tlf. 95 91 06 03

Søknadsskjema

Elektronisk søknadsskjema


Sist endret: 02.01.2019