Facebook ikon Twitter logo Print side

Personvernerklæring

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Innleiing

Fjell kommune har som mål at informasjonstryggleik og personvern skal vere ein naturleg del av vår verksemd.

For å kunne utøve mynde og tilby deg gode tenester, må me ofte behandle opplysningar om deg elektronisk eller i eit register. I denne erklæringa beskriv me korleis me  behandlar dine personopplysningar, kva som er formålet, kva  rettar du har, og anna.

Grunnprinsipp

Me har fleire grunnleggjande prinsipp som gjeld korleis me skal behandle dine personopplysningar.

  • lovleg, rettferd, korrekt og med openheit
  • konfidensielt, verna mot utilsikta endring og være tilgjengelege
  • vera samla inn til bestemte formål og ikkje seinare bli brukte på ein måte som er i strid med dette
  • kun nytta for det konkrete formål, og ikkje lagra lenger enn det som er nødvendig eller pålagt
  • vere oppdaterte

Det vert elles vist til personopplysningslova og personvernforordninga artikkel 5.

Formål

Formål med behandlinga er å tilby deg offentlege tenester eller utføre lovpålagte oppgåver.

Desse kan omfatta områda Helse, omsorg og samfunn, Plan, bygg og eigedom, Kultur og fritid, Barnehage og skule, Politikk, innsyn og næring.

Du kan lese mer om dei enkelte tjenestene på framsida her.

Kva som er grunnlaget for at me kan behandle dine personopplysningar.

For at me skal kunne behandle opplysningar om deg må me ha eit rettsleg grunnlag. Det kan for eksempel være at du har gitt oss samtykke til å handtere personopplysningar eller me skal oppfylle ein avtale med deg. Det kan og være nødvendig for at me skal oppfylle ei rettsleg plikt eller utøve offentleg mynde.

Dersom behandlinga er basert på samtykke, har du rett til å trekkje det tilbake når som helst.

For sistnemnte grunnlag  kan du i visse  tilfelle protestere mot behandlinga.

Nokon  gonger er det  eit lovfesta eller avtalefesta krav om at dine personopplysningar må gjevast.

Det vert elles vist til personopplysningslova og personvernforordninga artikkel 6 – 11 og 21.

Innsyn

Som hovudregel har du rett til innsyn i  opplysningane som me behandlar om deg. Du har og krav på å få informasjon om behandlinga.

For å få innsyn må du kontakte tenestene eller eininga som utfører behandlinga. Du kan be om kopi av opplysningane som er registrert.

Du kan lese meir om dette i personopplysningslova og personvernforordninga artikkel 12 og 15.

Rett til å få korrigert uriktige personopplysningar

Dersom våre opplysningar om deg ikkje er riktige, har du og rett til å få korrigert desse. Det gjeld og dersom me ikkje har fullstendige opplysningar om deg.

Framgangsmåten er den same som for innsyn.

Personopplysningslova og personvernforordninga artikkel 12 og 16 har nærmare regler for dette.

Rett til avgrensa behandling

I visse tilfelle kan du og krevje at behandlinga av dine personopplysningar blir avgrensa. Dette kan for eksempel skuldas at du meiner at personopplysningane dine ikkje er riktige og det vil  ta tid å vurdere dette.

Du kan då kontakte tenestene eller den aktuelle eininga.

Det vert elles vist til personopplysningslova og personvernforordninga artikkel 12 og 18.

Dataportabilitet

For enkelte behandlingar kan du ha rett til såkalt dataportabilitet. Det vil sei at du kan krevje å få overført personopplysningar frå oss over til nokon andre. Denne retten har likevel fleire unntak. Retten gjeld blant anna ikkje dersom me behandlar personopplysningane dine for å utføre ei oppgåve i ålmenta si interesse eller me utøver offentleg mynde.

Regler om dette finn du i personopplysningslova og personvernforordninga artikkel 12 og 20.

Rett til å få sletta personopplysningar

Du kan ha rett til å få sletta opplysningane om deg sjølv. Denne retten har likevel unntak. For eksempel gjeld den ikkje for opplysningar som er arkivpliktige eller er nødvendige for å kunne krevje eller forsvare rettskrav.

Det vert elles vist til personopplysningslova og personvernforordninga artikkel 12 og 17 og arkivregelverket.

Kven deler me dine personopplysningar med?

Ved enkelte høve vert dine personopplysningar formidla til andre. Det kan vere samarbeidsorgan (for eksempel NAV og Husbanken) eller andre som me har plikt til å gi informasjon til. Det kan eksempelvis og vere driftsleverandører eller andre som må utføre sine oppgåver og har tilgang til dine opplysningar.

Øygarden kommune vil i slike  tilfelle alltid forsikre seg om at utvekslinga er basert på lovleg grunnlag, at teiepliktbestemmelser  vert haldne og at eventuelle nødvendige avtaler blir inngått.

Opplysningane kan i forbindelse med dette og bli overført til land utafor Europa.

Innebygd personvern og personvern som standardinnstilling

Me vil sørgje for at dine personopplysningar er godt teknisk sikra. Me vil og ta omsyn til den risikoen som behandlinga kan ha for deg. I tillegg vil me gjennomføre andre tiltak for å nå dei grunnprinsippa me nemnde  i innleiinga. Dersom noko går galt, vil me og ha beredskapsplaner for dette.

Dei nemnde pliktene  går fram av personopplysningslova og personvernforordninga artikkel 24 og 25.

Informasjonskapslar

Våre nettsider bruker informasjonskapslar for å tilby deg tilpassa nettenester og gje deg ei god brukaroppleving. Ein informasjonskapsel er ein liten tekstfil som vert lagra på maskina di.

Personvernombod

Fjell kommune har et eige personvernombud. Ombudet skal bidra til at me følgjer krava i regelverket og vere bindeledd mellom deg og kommunen dersom du treng  hjelp i forhold til dine rettar.

Du kan kontakte personvernombudet  på epost personvern@fjell.kommune.no.

Klage til Datatilsynet

Du kan klage til Datatilsynet om du ikkje er nøgd med korleis me behandlar dine personopplysningar eller du meiner behandlinga strid mot personvernreglane. Informasjon om korleis du går fram finn du på nettsidene til Datatilsynet.

Kontaktopplysningar

Fjell kommune er behandlingsansvarleg og kan kontaktast via

E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Telefon: 56 38 20 00

Postadresse: Ternholmvegen2, 5337 Rong

Sjå og her for fleire kontaktdetaljar.

Alle kommunens saksdokument er som hovudregel offentlege. Send derfor ikkje e-post til kommunen med informasjon som du ikkje ønskjer skal bli allment kjent.

Kommunen er etter arkivlova forplikta til å føre offentleg journal. I journalen skal all korrespondanse til og frå kommunen førast opp.

Dette er ei kortfatta personvernerklæring med hovudreglar. Dersom det er motstrid mellom den og personvernlovgivinga/anna regelverk, har sistnemnde forrang.


Publisert: 29.02.2016 12:46
Sist endret: 12.10.2018 08:04