Facebook ikon Twitter logo Print side

Om oss

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Frå storby til storhav

Fjell kommune, det moderne og pulserande øysamfunnet rett vestom Bergen, omlag 25 000 innbyggjarar, raskt veksande bustad- og industriområde og eit innhaldsrikt kommunesenter på Straume. Arealet på 147 km2 er fordelt på nordre delen av Sotra, Bildøyna, Litlesotra og meir enn 500 store og små øyar, holmar og skjer.

Kommunen har fastlandssamband til Bergen, stor tilflytting og eit ekspansivt næringsliv bygt på olje, teknologi og service. Kystbasen CCB og Ågotnes Industriområde er Vest-Noregs viktigaste senter for service og forsyningstenester til olje- og gassverksemda i Nordsjøen.

Naustmiljø på BildøynaHissøynaSotratrappoUteareal Sartor StorsenterCCB Foto: Pål BentdalSotrabruaOversiktsbilete CCB. Foto: Pål BentdalFiskebåten Rover på Lie. Straume næringspark

Vekstkommunen i vest

Fjell er ein nærings- og tilflyttingsvennleg kommune, og menneske og verksemder trivst og blir verande. Dei kommunale tilboda er der folk bur. Vi har i dag 16 grunnskular, kulturskule, vaksenopplæring og vidaregåande skule. Våre to tusen barn under seks år kan velja mellom ni kommunale og nær 30 private heildags- og korttidsbarnehagar. Helse- og omsorgstilbodet omfattar to store legesenter og moderne, lettstelte bustader for den som treng hjelp til det daglege. Eit mangfaldig foreinings- og kulturliv - med idrettsanlegg, symjebasseng og fotballbaner, lokale kulturbygg, kystkultursenter og tre kyrkjer - legg til rette for kulturelle møtestader og sosiale nettverk.

Fjell rådhusSvingen barnehageBrattholmen skuleFotballcup på SkålevikLeselystaksjon på Foldnes skuleTerapibassenget på StraumeKnappskog barnehageFoldnes kyrkjeMOT konsert i ÅgotneshallenLandro kyrkje

Aktiv fritid

Naturen byr på rekreasjon og gode opplevingar, med lyngheiar og svaberg, blenkjande vatn og ope hav. Her kan du fiska frå land, dykka og rafta, padla, ro eller segla, vandra i strandkanten eller klatra i bratte fjellsider. I det kuperte terrenget finn du turløyper på kryss og tvers. Nordsjøløypa er rydda og merka gjennom heile kommunen. Har du båt, kan du leggja til mellom holmar og skjær, nyta solnedgangen og den gode stilla… eller du kan leggja frå deg fiskestanga og gå opp Russarstegen ved Gjerdet Kulturminnegard til Museum Vest, Fjell festning, rett opp frå RV 555 ved Fjell gard. På historisk grunn - langs skyttargraver og underjordiske gangar - kan du nyta panoramautsikta over skjergarden. Museum vest har ope i sommarhalvåret, med guida turar inne i det dystre, men fascinerande festningsverket frå siste verdskrigen.

Straume idrettsparkAlgerøynaKulturlandsskap på SyltøynaTursti rundt KolltveitvatnetHissøynaAlgrøynaLiatårnetKommuneblome - PurpurlyngKlatreaktivitetVinterfiske

I august 2013 tok vi i bruk den nye fleirbrukshallen Sotra Arena. Dette er ein topp moderne hall som mellom anna er lagt til rette for landskampar i handball. Langøymarknaden (Langøy Kystkultursenter) og talrike kystkultur-, idretts- og musikkstemne er trivelege aktivitetar å få med seg. Finn du likevel ikkje det du søkjer, er det berre eit kvarters kjøretid inn til Bergen sentrum.

Sotra ArenaTreningsrom i Sotra ArenaTreninghallFrå landskapskamp i Sotra Arena

Kommunal verksemd

Fjell kommune vert styrt av folkevalde representantar. Ansvar for forvaltninga ligg hovudsakleg til rådmannen, som har organisert drifta i elleve verksemdsområde. 

Les meir om einingane i kommunen Finn tilsett

Administrativt delegasjonsreglement Politisk leiing

Fjell kommunestyre har gjeve overordna føringar for organisasjonen:

Styring
Fjell kommune skal vere ein rasjonell og effektiv organisasjon, med klåre ansvarstilhøve, tydeleg oppgåvedeling og korte kommandolinjer.

Engasjement
Fjell kommune skal vere ein engasjerande og motiverande organisasjon å arbeide i, både for politikarar og tilsette.

Tillit
Fjell kommune skal vera ein organisasjon som er basert på tillit både internt og i høve til innbyggjarar, brukarar og andre.

Service
Fjell kommune skal vere ein organisasjon som har ord på seg for å yte god service.

Organisasjonskart for Fjell kommune

Kommunale føretak

Fjell Bustadstifting

Fjell bustadstifting er ei sjølvstendig stifting, skipa av Fjell kommune. Stiftinga har kontor i Skjenet 2 på Straume og har 5 fast tilsette og eit styre på fem medlemer. Stiftinga kjøper i tillegg ulike eksterne tenester. Anita Garlid Johannessen er styreleiar. Dagleg leiar er Ketil Strand.Stiftinga har som oppgåve å skaffa bustader og servicebygg for utleige eller overdraging, utan økonomiske føremål. Omgrepet servicebygg dekkjer mellom anna barnehagar, studentbustader, omsorgs- og servicebustader, servicesenter for eldre, prestebustader, o.a.

Stiftinga forvaltar og eig i dag om lag 340 husvære, fordelt på utleigebustader og omsorgsbustader, barnehagar og prestebustader. Bustadene er plassert rundt i heile Fjell kommune. Fjell bustadstifting står for tildeling av desse bustadene, med unntak av omsorgsbustader.

Sjå heimesida til Fjell Bustadstifting for meir informasjon

FjellVAR AS

Kommunale tenester knytt til offentleg vatn, avløp og renovasjon vert levert gjennom selskapet FjellVAR (vatn, avløp og renovasjon). Selskapet er ansvarleg for innsamling og gjenvinning av avfall, i tillegg til planlegging, utbygging og drift av 18 returpunkt og ein gjenbruksstasjon.

Sjå heimesida til FjellVAR for meir informasjon

Sotra Brannvern

Fjell og Sund kommunar samarbeider om førebygging og slokking av brann i eige interkommunalt selskap: Sotra brannvern IKS.

Sjå heimesida til Sotra Brannvern for meir informasjon

Biologisk mangfald

Fjell kommune har gjennomført kartlegging og verdisetjing av naturtypar i Fjell. Kartlegginga er gjort etter Direktoratet for naturforvaltning (DN) sitt klassifiseringssystem for kommunar.

Det er kartlagt 66 lokalitetar i Fjell, og det er funne seks raudlista karplantar. Dette er:

  • Hinnebregne
  • Havburkne
  • Kvitpestrot
  • Pusleblom
  • Toppstarr
  • Skaftevjeblom

Kommuneblome

Etter eit innspel frå Hageselskapet Sotra om å velje ein offisiell blome for Fjell kommune, vart det utarbeidd ei sak til behandling i komite for drift. Dei vedtok å la innbyggjarane i Fjell få stemme på 4 alternative plantar; Havburkne, Purpurlyng, Røsslyng og Strandnellik.

Folk fekk høve til å stemme via SMS, internett og post. Det kom inn berre 46 stemmer totalt med slik stemmefordeling:

  • Purpurlyng 19 stemmer
  • Røsslyng 13 stemmer
  • Strandnellik 11 stemmer
  • Havburkne 3 stemmer

Politikarane i komite for drift vurderte avstemmingsresultatet i møte 12.06.07. Dei vedtok å føreta ei avstemming i komiteen grunna svært låg stemmedeltaking. Dei gjorde då følgjande vedtak:

"Purpurlyng (Erica cinerea) vert vald som kommuneblome for Fjell kommune".

Lynghei på Sekkingstad - Foto: Kjell AnderslandKommuneblome - Foto: Monica HovlandLynghei på Sekkingstad - Foto: Kjell AnderslandLyngblome - Foto: MOnica HovlandLynghei på Sekkingstad - Foto: Kjell AnderslandLyngblome - Foto: Monica HovlandLynghei på Sekkingstad - Foto: Kjell AnderslandLyngblome - Foto: Monica Hovland

Offisielle namneformer

Stadnamnregistrering

Ei omfattande stadnamnsregistrering for Fjell vart laga i 1975 i samarbeid med Universitetet i Bergen. Denne vert nytta i samband med namnesetjing av nye vegar og område i kommunen, men vert også nytta mykje av studentar og skuleelevar til ulike prosjekt.

I 1997 vart det vedteke nye offisielle namneformer på gardane i Fjell kommune.

Ofisielle stadsnamn

Algrøyna
Angeltveit
Anglavika
Arefjord
Bildøyna
Bratten
Brattholmen
Dala
Dalseide
Dyrøyna
Ebbesvika
Eide
Ekren
Fjæreide
Foldnes
Gavlen
Geitanger
Haganes
Hissøyna
Kallestad
Knappskog
Knarrvika
Kolltveit
Kårtveit
Landro
Langøyna
Li
Liaskjeret
Lokøyna
Midtre Fjell
Misje
Morland
Møvika
Nese
Nordre Bjorøyna
Nordre Ekrhovda
Nordre Fjell
Nordvika
Pollen
Rennedalen (Hjelteryggen)
Sekkingstad
Skoge
Skålvika
Snekkevika
Solsvika
Spjeld
Straume
Syltøyna
Søre Bjorøyna
Søre Ekrhovda
Søre Fjell
Tellnes
Trengereid
Turøyna
Tveita
Ulveset
Vindenes
Vågo
Ågotnes
Åse

Andre stadsnamn

Bjorøyna
Ekrhovda
Fjell
Flogo
Hjartøyna
Kallestadvika
Kørelen
Morlandsstøa
Storasundet
Straumsholmen
Veløyna

Brosjyre

Brosjyre om kommunen - Norsk
Brosjyre om kommunen - Engelsk


Publisert: 15.04.2016 15:20
Sist endret: 04.10.2016 16:13