Facebook ikon Twitter logo Print side

Einingar

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Rådmann

Rådmann Steinar Nesse

Steinar Nesse

Telefon: 55 09 72 30 | 416 96 486
E-post: steinar.nesse@fjell.kommune.no

Rådmannen organiserer oppgåver innan politisk behandling, forvaltning, strategisk planarbeid, prosjekt/utviklingsarbeid, leiarutvikling og samhandling i form av 11 stabs- og fagsjefar. 

Barnehagesjefen

Barnehagesjef Margun LandroMargun Landro

Telefon: 55 09 72 40 | 482 99 808
E-post: margun.landro@fjell.kommune.no

I Fjell kommune tek vi mål av oss å ha full barnehagedekning. Det er 29 barnehagar i kommunen, 11 av desse er kommunale.Barnehagesjefen har ansvar for drifta av dei kommunale barnehagane, som skal kjennast på høg kvalitet og stort mangfald.

Barnehagesjefen har også ansvar for spesialpedagogisk hjelp og støtteressursar til barn med redusert funksjonsevne. Støtteressursane er samansett av førskulelærarar, spesialpedagogar og barne- og ungdomsarbeidarar, i alt ca. 25 tilsette. Dei vert disponert av både kommunale og private barnehagar etter behov.

Rettleiarteamet for barnehagane er også organisert under barnehagesjefen. Dette teamet er sett saman av fem stillingar, førskulelærarar og barnevernspedagogar, som kan gje fagleg rettleiing til tilsette i alle barnehagane i Fjell.

Helsesjefen

Helsesjef Terje HandalTerje Handal

Telefon: 55 09 72 62 | 924 82 477
E-post: terje.handal@fjell.kommune.no

Helsesjefen har nært samarbeid med dei andre kommunale tenestene, då mange tenestetilbod ofte krev samarbeid på tvers av organisering og ansvarsområde.

Fjell kommune har i dag godt utbygde helsetenester innafor dei ulike tenesteområda. Høg kompetanse på dei kommunale tenestene sikrar deg god hjelp når du treng det, og skulle du ha behov

 for meir spesialiserte tenester, har vi eit godt samarbeid med bl.a. spesialisthelsesenteret på Straume. Planar for utviding og styrking av tenester ligg føre, noko vi trur innbyggjarane vil merke positivt i åra som kjem.

IKT-sjefen

IKT-sjef Kjell FyllingenKjell Fyllingen

Telefon: 55 09 70 75 | 480 54 920
E-post: kjell.fyllingen@fjell.kommune.no

Fjell kommune satsar målmedvite på IKT (Informasjons- og KommunikasjonsTeknologi). IKT-sjefen har overordna ansvar for planlegging, utvikling, drift og brukarstøtte av IKT for heile kommuneorganisasjonen samt skuleverket i Fjell kommune.

Rammeverket for IKT-satsinga i Fj

ell kommune er gjeve i IKT-strategien: Her finn du så vel langsiktige mål for IKT som meir konkrete prosjekt for komande 4-års-periode.

Kultursjefen

Kultursjef Lennart FjellLennart Fjell

Telefon: 954 28 703
E-post: lennart.fjell@fjell.kommune.no

Kultursjefen har ansvar for utviklinga av kulturfeltet i kommunen og regionalt, oppfølging av kulturplanen, kulturstiftingar, kulturarenaer, reiseliv, kulturminne og kulturmiljø, og for ein god dialog med lag og organisasjonar i kommunen.

Omsorgssjefen

Omsorgssjef Line BarmenLine Barmen

Telefon: 55 09 70 34 | 993 77 018
E-post: line.barmen@fjell.kommune.no

Gode omsorgstenester kjem ikkje av seg sjølv... Omsorgssjefen tek mål av seg å styra mot framtidige omsorgskrav. Eldre i Fjell kjem til å leva lenger og stilla større krav til omsorg – både kvalitativt og kvantitativt. Dette gjer at vi allereie no førebur differensierte tenester for denne kvardagen, slik at vi kan møta individuelle behov.

Personalsjefen

Personalsjef Lisbeth GrosvoldLisbeth Grosvold

Telefon: 55 09 71 71 | 928 87 605
E-post: lisbeth.grosvold@fjell.kommune.no

Personalavdelinga utgjer ei stabsavdeling som skal yta personal- og utviklingstenester til heile organisasjonen. Arbeidsområdet utgjer 10 årsverk. Frikjøpte tillitsvalde er lønsmessig organiserte under personalavdelinga.

Avdelinga si viktigaste oppgåve er å gje støtte og rådgjeving til leiarar i deira personal- og utviklingsarbeid.

Plan- og eigedomssjefen

Plan- og eigedomssjef Bjørn Erik KristiansenBjørn Erik Kristiansen 

Telefon: 55 09 73 49 | 416 31 041
E-post: bjorn.kristiansen@fjell.kommune.no

Plan- og eigedomssjefen har ansvar for miljø og landbruk, byggjesak, areal og regulering, overordna arealplan, kart og oppmåling, samfunnsplan og byggprosjekt. Likeeins har plan- og utbyggingssjefen ansvar for sentrale risiko- og sårbaranalyser med vidare.

Eigedomssjefen sin stab forvaltar kjøp og sal av eigedom, leige og utleige, kontraktar og avtalar.

Seksjon for drift og vedlikehald har ansvar for drift og vedlikehald av bygningsmassen. Dette omfattar administrasjons-, helse-, kultur- og idrettsbygg, skular og barnehagar.

Seksjon for reinhald har ansvar for reinhald og inneklima i eigne og leigde lokale.

Seksjon for samferdsle og trafikksikring har ansvar for forvaltning, drift og vedlikehald av kommunalt vegnett, kaiar og trafikksikring.

Servicetorgsjefen

Servicetorgsjef Lillian TorsvikLillian Torsvik

Telefon: 55 09 70 61 | 917 94 570
E-post: lillian.torsvik@fjell.kommune.no

Servicetorgsjefen har ansvar for fellestenester som sentralbord, kundemottak, dokumentbehandling og felles arkiv, politisk sekretariat, informasjon, næringslivssaker, kommunale selskap og Kemneren for Fjell, Sund og Øygarden.

Servicetorgsjefen er tillagt kommunen sin barnehagemynde og har ansvar for likebehandling av private og kommunale barnehagar, mellom anna ved samordna opptak og utbetaling av kommunalt tilskot.

I tillegg til direkte tenesteyting til innbyggjarane, har servicetorgsjefen også støttefunksjonar for dei andre avdelingane på rådhuset.

Du kan ta kontakt med oss på telefon 55 09 60 00 eller ved personleg frammøte i kundemottaket på rådhuset. Vi kan gje informasjon om kommunale tenester eller formidla kontakt med rett person ut frå dine behov.

Skulesjefen

Skulesjef Wilhelm AnglevikWilhelm Anglevik

Telefon: 55 09 72 41 | 930 12 619
E-post: wilhelm.anglevik@fjell.kommune.no

Skulesjefen har ansvar for heile grunnskuletilbodet inklusiv pedagogisk psykologisk teneste, vaksenopplæringa og kulturskulen. Skulesjefen er den største verksemda i kommunen både med tanke på budsjett og tal tilsette. Det er 17 skular i Fjell som dagleg gjev eit desentralisert tilbod i grendene.

Fjellskulen tar mål av seg å vera i front, med evne til å tolka og analysera det samfunnet vi skal gje tenester til. Skulen skal vera positiv kritisk, kontinuerleg ha evne til å evaluera seg sjølv, og våga tenkja nytt med fagleg utvikling som ein naturleg del av arbeidskvardagen.

Sosialsjefen

Sosialsjef Tove HellelandTove Helleland

Telefon: 55 09 71 99 | 997 07 128
E-post: tove.helleland@fjell.kommune.no

Sosialsjefen gjev tenester i høve lov om Sosiale tenester og etter lov om barneverntenester. Tenestene femner bredt om ulike støttetiltak til barn, ungdom og vaksne i heim og institusjon. Hjelpetiltaka skal vera individuelt tilpassa den enkelte brukar.

Tiltak kan verta gjeve som avlasting, støttekontakt og ulike fritidstiltak, familierettleiing samt oppfølging av fosterheimar og adopsjon. Konsultasjonsteam for vald og overgrep er etablert og gjev rettleiing i forhold til saker/mistankar knytt til vald og overgrep.

Økonomisjefen

Økonomisjef Svend-Fredrik UntiedtSvend-Fredrik Untiedt

Telefon: 55 09 70 50 | 924 82 339
E-post: svend-fredrik.untiedt@fjell.kommune.no

Økonomisjefen har ansvar for rekneskapsfunksjonen, overformynderiet og lønsfunksjonen.


Publisert: 04.05.2016 07:44
Sist endret: 04.05.2016 07:54