Facebook ikon Twitter logo Print side

Adressering

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Gate-/vegnamn og adresser

Kommunen har ansvaret for tildeling av offisielle adresser, namnsetjing av vegar, nummertildeling og skilting. Namnsetjing av vegar er ei politisk avgjerd kor mynde er delegert til komité for drift og forvalting.

Administrasjonen førebur saka etter gjeldande prosesskrav. Dette omfattar dialog med utbyggjar, velforeining, Språkrådet og Kartverket. Nummerering av bygningar vert gjort av administrasjonen.

Kva er gateadresse?

Ei offisiell adresse er den fullstendige adressa for ein bygning, bygningsdel, brukseining, eigedom eller anna objekt som er registrert med adresse i eigedomsregisteret (matrikkelen). Andressa er samansett av eit vegnamn og eit husnummer.

Offisielle adresser skal tildelast bygningar som vert brukt til bustad- eller fritidsføremål, til næringsverksemd eller til offentleg eller publikumsretta verksemd.

Kommunen kan tilleggja andre eigedommar eller lokale offisiell adresse dersom det er formålstenleg.

Tildeling  av husnummer

Hovudprinsippet er at ei adresseeining vert adressert til den vegen som tilkomsten er frå. Adresseeining på høgre side av vegen (sett frå starten på vegen) får oddetal-nummer, medan einingar på venstre side får partal-nummer. Der det er stikkvegar, vil alle adresseeiningar langs stikkvegen få nummer etter kva side ho går ut frå.

Husnummerskilt er huseigaren sitt ansvar. Skilta må vera utforma og plassert slik at dei er lette å finna og lette og lesa frå vegen.

Klaga eller endra stadnamn/vegnamn

Når ei namnesak er avslutta, er det ein klagefrist på tre veker. Bortsett frå stadnamntenesta er det er dei same som har rett til å reise namnesak, som har rett til å klage (jf. lov om stadnamn § 5). Klagen skal sendast til den som har gjort vedtaket, altså kommunen. Dersom klagen blir avvist, blir saka send vidare til Klagenemnda for stadnamnsaker der ho blir avgjort.

Det er avgrensa høve til å reise namnesak (jf. lov om stadnamn § 5). Dersom nokon reiser ei namnesak, skal saksbehandlar følgja eit formelt løp med høyring og tilrådingar. Ei slik namnesak vil ta minst eit halv år, som regel meir.

Ein kan klaga på nummertildeling og avgjerd om kva veg adressa skal referera til. Klaga skal sendast til administrasjonen i kommunen, som førebur og gjev sin uttale før han går vidare til fylkesmannen for klagebehandling.


Publisert: 22.06.2016 12:50
Sist endret: 22.06.2016 12:52
Rådhus

Besøksadresse:

Foldnesvegen 1
5354 Straume

Posadresse:

Postboks 184
5342 Straume

Telefon: 55 09 60 00