Facebook ikon Twitter logo Print side

Areal- og reguleringsplanar

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Reguleringsplanar

Her finner du alle vedtekne reguleringsplaner i Fjell kommune.

I planregisteret får du informasjon om når planen ble vedteken, planomtale, føresegner, plankart og politisk behandling av planen.

Sjå reguleringsplanar i kartet

Kva er ein reguleringsplan?

Reguleringsplan er ein plan som fastset vilkåra for arealbruk og busetnad innanfor eit avgrensa område. Planen består av eit kart med tilhøyrande føresegner og skildring av tiltaka.

Skal du regulere eigedom?

Områderegulering

Områderegulering er kommunen sitt planverktøy for å avklara arealbruken for større område, meir detaljert enn i ein kommuneplan. Les meir om denne type arealplanlegging hos regjeringen.no.

Områderegulering

Områderegulering er kommunen sitt planverktøy for å avklara arealbruken for større område, meir detaljert enn i ein kommuneplan. Les meir om denne type arealplanlegging hos regjeringen.no.

Områderegulering Straume sentrum

Målet med planen er å legga til rette for utvikling av eit fleirfunksjonelt byområde. Mottoet er å endre området "frå kjøpesenter til by".

I medhald av plan- og bygningslova § 11-15 har kommunestyret godkjend Områdereguleringsplan for sentrum av regionsenteret Straume.

Dokument:
Hoveddokument for saksframlegg
Reguleringsplankart
Illustrasjonsplan
Planskildring med konsekvensutgreiing
Planprogram
Kvalitetsprogram
Snitt 1 - 5
Snittanvisning
UKS feltrapport
Offentleg infrastruktur i Straume
Reguleringsføresegner

Les meir om planinformasjon for Straume sentrum

Sotrasambandet, Rv555 Kolltveit - Storavatnet

Områdereguleringsplanen som vart vedteken av kommunestyret 26.mai 2016, presenterer eit stort samferdsleprosjekt med høg kvalitet for alle trafikantgrupper. Eit ferdig bygd Sotrasamband vil ha ein heilt annan tryggleik og mykje betre framkome for buss, bil, sykkel og gange. Det vil også vera eit stort framsteg for beredskapssituasjonen og tryggleiken for alle dei som bur og arbeidar i regionen.

Meir informasjon om Sotrasambandet

Meir informasjon om Sotrasambandet på vegvesen si heimeside

Langsiktig planlegging

Arealdelen til kommuneplanen gjev langsiktige føringar for kva dei ulike areala i kommunen skal brukast til. Planen skal samordna viktige behov for vern og utbygging på eit overordna nivå, og gje føringar for utarbeiding av meir detaljerte planar.

Prioriteringar og satsingar vert styrt av Planstrategien for Fjell kommune 2016 – 2019.

Kommunal planstrategi er heimla i plan- og bygningslova (§10-1), og skal utarbeidast minst éin gong kvar valperiode. Føremålet med den kommunale planstrategien er å prioritera kva planoppgåver kommunen bør starta opp eller vidareføra, for best å møta kommunen sine behov.

Planstrategien er basert på kommunen sine strategiske val for samfunnsutviklinga, samt nasjonale og regionale føringar.

Les meir om planstrategien for Fjell kommune 2016 - 2019

Fjell kommune ved komité for drift og forvaltning gjorde 8. mars 2016 vedtak om forslag til planstrategi for 2016-2019. Forslaget vert med dette gjort offentleg i samsvar med plan- og bygningslova §10-1.

Dokument:

Arealdelen til kommuneplanen

Arealdelen til kommuneplanen gjev føringar for kva dei ulike areala i kommunen skal brukast til. Planen skal samordna viktige behov for vern og utbygging på eit overordna nivå, og gje føringar for utarbeiding av meir detaljerte planar.

Hovudmålsettinga i arealplanen til Fjell kommune er «Gjennom eit planstyrt og tilpassa utbyggingsmønster, legga til rette for ei mangfaldig samfunnsutvikling med fokus på gode og varierte bustadmiljø sentralt og i utkantane, med særleg vekt på å ivareta element av lokal kultur og historie knytt til grendestrukturen i kommunen. Det skal leggast til rette for utvikling av eit framtidsretta næringsliv i Fjell».

Den enkelte grunneigar kan ikkje ta i bruk areala sine på ein måte som er i strid med arealdelen til kommuneplanen. Dette betyr ikkje at eksisterande, lovleg bruk av areal automatisk må opphøyre, sjølv om dei er i strid med planen.

Arealdelen til kommuneplanen

Plandokumenta kan sjåast i servicetorget på rådhuset, Fjell folkeboksamling på Straume.

Revisjon av kommuneplanen

Kommunestyret skal ein gong kvar valperiode vurdera behovet for å endra planen. Rullering av gjeldande kommuneplan starta i 2012 og vart avslutta med vedtak i kommunestyret 18.6.2015.

Detaljar frå rulleringa

Kommunedelplan areal

Kommunen kan ved behov utarbeida delplanar til kommuneplanen. Slike delplanar kan gjelda for t.d. tettstader, vegstrekningar og strandsona. Ein kommunedelplan for eit område (areal) har formelt same innhald, behandlingsform og rettsverknad som resten av arealdelen til kommuneplanen. Meir informasjon om denne type arealplanlegging hjå regjeringa.

Pågåande planar

Kunngjeringar

Tidlegare kunngjeringar

Rettleiing

Miljøverndepartementet har gjeve ut ein rettleiar som gjev informasjon om prosess, behandling, rullering og virkning av arealdelen til kommuneplanen:


Publisert: 23.05.2016 12:43
Sist endret: 29.08.2016 13:39
Rådhus

Besøksadresse:

Foldnesvegen 1
5354 Straume

Posadresse:

Postboks 184
5342 Straume

Telefon: 55 09 60 00